Me kan ikkje relativera oss i hel, heller

Eg er ikkje nokon politisk tenkjar eller filosof, og eg tek ikkje ofte ordet i politiske samanhengar. Men eg er oppteken av samfunn, kultur og politikk og eg er stundom skremt av uttalar og meiningar
eg les her på facebok om folk frå andre land og kulturar. Men stundom forstår eg likevel kvifor dei skriv det. Eg fekk lyst til å prøva å formulera noko av det eg meiner og trur på. Eg trur ikkje eg er aleine om å tenkja slik, og skulle eg vera det, så får det så vera.

DET EG TRUR PÅ
Eg synest folk skal få gå kledd slik dei sjølv vil, ikkje slik andre vil eller bestemmer for dei, men eg vil sjå ansiktet til dei eg snakkar med, og dei eg møter på gata eller treff i ei folkemengde. Berre augo er ikkje nok. Eg vil sjå uttrykket i ansiktet deira, smil og glede eller hat og forakt. Eg krev at eg også vert møtt med respekt. Det vert eg ikkje dersom du nektar å visa meg ansiktet ditt når du snakkar med meg.

Eg synest at folk skal få tru kva dei vil og på kven dei vil, sjølv om eg personleg korkje trur på gudar eller avgudar, og har sterk mistillit til autoritetar av dei fleste slag. Men eg likar salmesong og religiøse tonar og eg har vokse opp i ein familie som bygde livet sitt på kristne og sosialdemokratiske verdiar. Det sit djupt i meg. Eg har ikkje noka gudstru, men eg har tru på gode levereglar og god moral.

Eg meiner at religion er ei privatsak og er imot statsstøtte til kyrkjer og trussamfunn, anten dei er protestantar eller islamistar eller fundamentalistiske heidningar. Eg tykkjer kyrkjelydane sjølv skal finansiera både trua og mistrua si.

Skal det likevel vera slik at staten, du og eg, støttar økonomisk opp under kyrkjer og trussamfunn, så må også staten stilla klåre og ufråvikelege krav til at desse kyrkjesamfunna byggjer på og respekterer dei rådande prinsippa, lovane og reglane i det samfunnet me lever i, mellom dei er trusfridom, talefridom og likskap mellom kjønna.

Eg meiner også at lovar og reglar må gjelda for alle same kva tru, hudfarge eller variantar av det norske språket folk snakkar. Dersom det vert forbode å bera muslimske religiøse symbol på arbeidsplassane, må det også vera forbode å bera kristne religiøse symbol t.d.

Eg er for eit ope og inkluderande samfunn, der ulike meiningar, truer og kulturar skal få komma til orde. Men me kan ikkje relativera oss i hel. Me må våga å stå fram og forsvara vår eigen kultur og vårt eige samfunn. Me må kunna seia ope og rett fram at me trur at den samfunsmodellen Noreg har valt er den førebels beste verda har sett, og me vil at han skal bli endå betre, men då må me altså med demokratiske og opne verkemiddel kjempa mot alt og alle som vil riva ned det som er bygd opp og nektar å respektera dei demokratiske og gode ordningane me har komme fram til i det landet dei bur i, eller har flykta eller flytta til.

Eg høyrer heime på den politiske venstresida. Me er i mindretal no, men eg trur me potensielt er langt fleire enn det både gallupar og røystetal fortel. Men då må venstresida ta folk si uro og angst på alvor.

Eg trur at den politiske venstresida må ta på alvor angsten som finst blant heilt vanlege folk for at det gode samfunnet me lever i kan bukka under etter sterkt press frå folk som korkje kjenner til våre politiske eller kulturelle historie og som ikkje respekterer dei verdiane me byggjer vår velferd på, men som likevel reiser langt og ofrar mykje for å få lov til leva her.

Eg trur at dei politiske partia eg kan vurdera å gje røysta mi til, vil stå seg på å ta eit sterkt og tydeleg oppgjer med dei religiøse og politiske kreftene i det norske samfunnet som vil setja oss tilbake til mellomalderen, like eins som me kjempar mot dei som vil gjera Noreg til ein fristad for kapitalistar og profitørar av alle slag.

Me må ikkje vera så feige at me ikkje torer å kritisera haldningar og praksisar, trussetningar, klesplagg og kulturar fordi me er redde for å støyta nokon eller hamna i same brunsvidde holet som framandhatarane på høgresida. Det ekstreme høgre og den fundamentalistiske religionen er to av same alen og kjempar begge for undertrykkande og udemokratiske samfunn.

Så var det sagt. Lik det eller ikkje, men der står eg altså for tida.

 

Innlegget har tidlegare vore publisert på Facebook.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *