Farvel med ein fin fyr

«Ein fin fyr» kalla eg fredagspraten eg hadde med Leif Magne Hole i Sunnhordland hausten 2015. Han var nyleg blitt valt inn i Stord kommunestyre for Stordlisto, men stod i intervjuet fram som svoren sosialdemokrat, lesehest, bridgespelar og Stones-fan.

Han vart kalla for Høle» i unge år og hadde nok rykte for å vera litt av ein rabbagast. Eg vil tru at det var meir enn ein stordabu som trekte på smilebandet, eller flirte i skjegget, då dei såg namnet hans blant dei øvste på Stordlisto. Og nokre tenkte vel at det sa sitt om seriøsiteten til lista. Men dei som kjente han flirte ikkje, og etter intervjuet mitt med han i Sunnhordland veit eg at det var mange som sperra augo opp. Han var visst litt av ein smarting han der Leif Magne Hole. 

Me visste at han var sjuk og han la heller ikkje skjul på det. Alle visste kva veg det bar, ikkje minst han sjølv, likevel kasta han seg inn i politikken med entusiasme, og nekta å leggja inn årene før det ikkje var fleire krefter att, og han ville halda fram med å bruka stemma si for dei stemmelause, så lenge hans eiga stemme heldt.
No er den stemma tagna, no er det slutt på alvor, låttaløya, skrov og skjemt  frå hans side. Fredag tok me  farvel med Leif Magne i ein fin bisetjingsseremoni i Stord kyrkje.
Framfor kista låg ein bårebukett forma som Stones sin logo, Jagger sin munn og tunge geipande mot oss. Etter Leif Magne sin svoger sin gode minnetale, song Endre Olsen ein gripande vakker versjon av «Jumpin» Jack Flash». Det var Leif Magne sjølv som hadde ønskt den songen. Han hadde ikkje tagna heilt likevel. Han hadde eit siste ord å seia, han brukte Jagger sin song i sin tale til oss frå seg sjølv.
Litt av ei helsing frå båra! Litt av ei heisvingande  feiring av livet, same kor tøft det kan vera – og kanskje ein velretta finger i vêret til oss alle.

I was born in a cross-fire hurricane
And I howled at the morning driving rain
But it’s all right now, in fact, it’s a gas
But it’s all right. I’m Jumpin» Jack Flash
It’s a gas, gas, gas
I was raised by a toothless, bearded hag,
I was schooled with a strap right across my back
But it’s all right now, in fact, it’s a gas
But it’s all right, I’m Jumpin» Jack Flash
It’s a gas, gas, gas
I was drowned, I was washed up and left for dead
I fell down to my feet and I saw they bled , yeah yeah
I frowned at the crumbs of a crust of bread
Yeah, yeah, yeah
I was crowned with a spike right through my head
But it’s all right now, in fact, it’s a gas
But it’s all right, I’m Jumpin» Jack Flash
It’s a gas, gas, gas

It´s all right now. In fact it´s a gas. It´s all rigth, Jumpin Jack Flash, it´s a gas, gas, gas.

 

Alt er strålande, alt er fint. Alle sorger er over. Eg vart fora med smular. Krona eg fekk var ein spiker gjennom hovudet. Men det er fint alt saman. Det er heilt strålande. It’s a gas, gas, gas.

Her var all slags folk.  Her var ordførar og rådmann, politikarar, næringslivsfolk, arbeidarar, bønder, musikantar, rockarar og rabulistar, pubvertar, fyllikar og fråhaldsfolk, sosialarbeidarar og slitarar frå gater og grøfter – og dei var alle der for å ta avskil med ein mann som på sett og vis hadde alt dette i seg. Han var rabbagast og begersvingar, soldat og fagforeningsmann, ølhund og aurefiskar, bridgemeister og flogvit og lesehest og alt mogeleg anna. 

Det slo meg då eg sat der og song av full hals «O, bli hos meg» og høyrde på presten sin tale at dette er Noreg på sitt beste, dette er bygda, dette er samhaldet, dette er sosialdemokratiet og likskapstanken. Me er ikkje betre enn han ved sida av oss nokon. Her ved båra til denne hassegaien frå Bjelland er me like gode, her kan me sitja ved sida av kvarandre i benkeradene og respektera både kvarandre og den stunda me er ein del av.

Og me kan gje ei siste helsing til ein fyr som verkeleg viste at det er plass til alle, som stod fram og fortalde at me alle har rett til å ta del i samfunnet og har plikt til å seia ifrå og arbeida for det me har tru på. Sjølv folk som har slite tung med seg sjølv, kan reisa seg, kan setja seg opp på ei valliste, kan melda seg inn i organisasjonar, kan bli tillitsvalde, kan bli sette inn i styre og stell og seia klårt og tydeleg ifrå at eg og mi røyst er like mykje verd som di, sjølv om du både har skular, slektsnamn, pengar og føtene innanfor i dei høgaste sosiale krinsar.

Det er dette samfunnet me på sett og vis feira der i minnestunda til Leif Magne Hole, tenkte eg. Dette  likskapssamfunnet der alle har gått i same skuleklassen, om dei var direktørdøtrer eller lassaronsøner, om dei hadde ættegardar attende til mellomalderen, eller var tilflytta arbeidsfolk frå langtvekkiverda.

Me har site der ved sida av kvarandre år etter år i klasseromma, me har krangla i friminutta, me har stått nakne i dusjen, me har forelska oss i dei me ikkje kunne få og teke til takke med dei som ville ha oss, me har spela på same laga, gått i same kinosalen, dansa til same musikken og drukke øl på dei same pubane.  Me kjenner kvarandre. Me veit kven me er. Og slik vil me ha det. Me vil ikkje at det skal setjast grenser, me vil ikkje at nokre skal skiljast ut, fordi dei ikkje kan vera saman med oss andre, fordi me ikkje er gode nok til dei. Her hos oss er alle gode nok til det meste.

Sjølv dei som fell utanfor, veit me kven er, men me ristar kanskje på hovudet, eller me sukkar tungt, eller me kan beint fram bli forbanna, men me respekterer dei likevel. Me gir dei ein sjanse. Me hjelpte kvarandre me leksa. Me gjekk saman til skulen, og heim att. Me var til og med stundom med heim til kvarandre, sjølv om me ikkje kjente kvarandre så godt. Me spelte ein ball. Me lo av dei same vitsane og viste kvarandre fingen når det var på sin plass. Men me strekkjer også stundom ut ei hand. Sjølv dei mest slitne, får ein sjans, viss dei vil ha han, viss dei vil ta han. Me har jo kjent kvarandre alltid. Det kunne like godt vore meg, som låg der, eller stod der, eller sat der og ikkje visste frå eller til.

Eg tenkte på dette, og eg tenkte at eg kanskje ikkje sjølv var like open og raus med alle som han som låg i kista var. Eg veit ikkje om det er ein like samansett flokk som vil følgja meg ut den siste døra, når den tid ein gong kjem. Det bør vel vera eit mål å sikta mot for oss alle om me no vert krona som kongar eller krona vert ein spiker gjennom hovudet.

Jumpin» Jack Flash,It´s a gas, gas, gas.

 

One thought on “Farvel med ein fin fyr”

  1. Så trist.
    Kondolerer til dere alle.
    Ein god og morsom venn har forlatt.
    Ein venn eg lo mye sammens med i tull og vas i humorens navn.
    Hvil i fred kjære Leif Magne.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.