Eit handtrykk og to vekke

Eg har ein gong lese at eit kvart menneske på jorda aldri er meir enn tre-fire handtrykk frå kven som helst stor kjendis i heile verda. Alle har helsa på nokon som kjenner nokon, som har helsa på einkvan som er veldig kjent.

Svigerfar min t.d. har både møtt den norske kongen og den store skeisekongen Jevgenij Grisjin – og tenk dykk berre kven desse to karane har helsa på.   Og eg har ein slektning som kjenner Liam Neeson og då har du det verkeleg gåande. Kven har vel ikkje han møtt av filmstjerner – og ikkje berre møtt.

Verda er ikkje stor, som me seier, og ho kjem ganske mykje nærare viss du tenkjer slik. Me er berre nokre handtrykk frå kvarandre alle saman.

Og det er ikkje berre popstjerner, filmheltar og storpolitikar dette gjeld. Tre handtrykk vekke og du er langt på andre sida av verda, i dei flottaste salar, blant dei mektigaste av dei mektige, eller i djupe skogar, mørk jungel, opne hav, eller store slumområde med sjukdom og elende.

Det er ganske fantastisk å tenkja på.

Slik er det med historia òg. Fortida er rett i nærleiken. Bestefar min var fødd på 1880-talet. Eg huskar ting han fortalde meg. Eg har hatt direkte tilgang til opplevingar og røynsler frå tida før bilar, motorar og elektrisk lys var komme til våre bygder, då folk rodde og segla, då hesten gjekk føre plogen og stovene var mørke som kolbingar når sola gjekk ned. Historia vert mest samtid når ein tenkjer slik.

Foreldrene mine var fødde på 1920-talet og fortalde meg om fattigdom og førkrigstid, om krig og okkupasjon og sjølv voks eg opp i eit samfunn prega av enkle kår, samhald, framtidstru og ikkje rikdom, men velferd.

Fortida ber ein med seg kor ein går, historia rykkjer tett innpå deg når du bler i slektsboka og samanhengane står tydelegare fram.

Historia har me inn i oss. Kjendisane er berre tre-fire handtrykk vekke frå eit kvart menneske på jorda. Dei fleste andre er berre eitt einaste eitt. Samtida er nær oss heile tida. Ho er der me er, viss me berre vil helsa på henne.

Me lever i det fredelegaste, rikaste og mest velfungerande av samfunn i verda. Me har det beint fram godt. Likevel er ingen av oss lenger enn eit handtrykk frå krigar, sveltkatastrofar, naud og all den verste elende me kan tenkja oss.

Eg møtte på ein sytten år gammal kurdisk gut frå Syria ein dag. Han fortalde meg om livet sitt, om korleis han måtte flykta frå heimbyen og gata der foreldra dreiv ein liten butikk. Ein dag kom IS til byen. Onkelen hans henta han og sa at dei måtte flykta til Tyrkia. Han var 14 år. Foreldra hans er døde. Han er heilt aleine. Han bur på eit asylmottak som den einaste frå sitt land og sitt språk.

Han har gått til fots og teke tog, han har arbeidd, han er blitt utnytta, fråstolen pengar og eigendelar, vore aleine, frose og svolte og han har til slutt greidd å ta seg fram hit eg bur.

Han har møtt mange folk langs vegen. Han har sett krig og vald med eigne augo. Han er berre eitt handtrykk vekke frå både deg og meg, og alle desse menneska og lagnadene han har møtt i sitt korte liv er berre to handtrykk vekke.

Han er aleine, men han er ikkje den einaste.

Dei er ikkje kjendisar, du vil ikkje møta dei i media, men du kan møta dei andlet til andlet og høyra deira historiar direkte fortald, viss du berre torer å rekkja ut handa og helsa på dei.

Eg ville aldri gått bort til Liam Neeson om eg trefte han på gata og sagt, hei, du, Liam, me har felles kjente, skal me ta ein kopp kaffi og slå av ein prat. Men eg kan gå bort til ein av dei eg treff i kvardagen, som eg lurer på kven er, og seia hei, her er eg, skal me bli kjente.

Ingen menneske på jorda er meir enn nokre få handtrykk frå kvarandre. Dei aller fleste er mykje nærare enn det. Det einaste som trengst er motet til å retta ut handa.

 

2 tankar om “Eit handtrykk og to vekke”

  1. Godt skrive, Atle! ? Ja, me er avhengige av andre menneske! Sjølv er eg blitt kjent med fleire frå Syria. -Kjekke, velutdanna, snille og interessante menneske som har flykta for livet. Vekk frå folk som ville dei til livs. Som har sine historier i bagasjen. Og som har familie og venner i heimlandet som ikkje har vore like heldige som dei. Eller som også har klart å flykta. Dei har også mista mange familiemedlemmer, venner, naboar og arbeidskameratar. Dei sørgjer..
    Det skal så lite til for å gjera dagen og livet deira her betre! Sei hei! Vil du koma på besøk? Dei vil bli inkluderte, og læra seg dette rare språket vårt. Men dei treng nokon å snakka med. Øva seg saman med. Få korreksjonar, høyra på korleis me ser på ting, få fortelja kva dei meiner om vanskelege spørsmål, le litt i lag med nokon….
    Du vil garantert bli invitert heim til dei, og få smaka mat frå deira heimland. Du vil få venner som set pris på omsorg, men som også har så utruleg mykje å gi deg tilbake av omtanke og omsorg.
    Nokon spør: » Vågar du dette? Dei kan jo vera terroristar! »
    Men om du meiner at desse som kjem hit til vårt gode land, skal bli integrerte, kven skal gjera den jobben? Er det alle dei andre, men ikkje du?

    Ta sjansen! Rekk ut ei hand! ? Nestekjærleik går aldri ut på dato! ? ❤

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *