Mange tusen første dagen

Mange tusen første dagen

Overraskande mange var innom Storden laurdag.
Laurdag 23. april var den første dagen eg la noko ut på denne bloggen. Eg hadde håpa på at nokon ville lesa minneorda om Leif Magne Hole, men at det innlegget skulle få over 5000 treff(4100 unike brukarar) første dagen hadde eg ikkje trudd. Det seier sitt om kor mange folk som brydde seg om han.

Men det fortel meg også at det er mange som set pris på det eg skriv, og det er et svært takksam for. No er eg veldig spent på korleis det går framover.

Diverre har eg ikkje fått til å installera ein synleg teljar på sida, men eg kan sjå på netthotellet, eit par dagar forseinka, kor mange som er innom.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *