To gode bøker av Bjørn Ingvaldsen

 

Oddingen Bjørn Ingvaldsen er ute med si 49. bok i desse dagar, ”Lydighetsprøven”, samstundes som ”Far din” frå i fjor er nominert til Nordisk Råd sin pris for beste barne- og ungdomsbok. Eg har lese begge to, og det rår eg sterkt andre til å gjera òg. Det er sterk og rystande lesing, forteljingane tek tak i deg og skakar deg og får deg både til å kjenna sinne, sorg og varme.

Bjørn Ingvaldsen skriv mykje. Han er er humorist og underhaldar, skriv spenningsbøker og fotballbøker og kva som helst. Han er populær blant unge lesarar og har reist landet på kryss og tvers på skulebesøk. Ungane kjenner han, sjølv om ikkje han er det forfattarnamnet pressa oftast løftar fram.

Faren er ein tjuv

”Far din” handlar om ein gut som lever i eit trygt og godt lokalsamfunn, ein liten industristad, som ein dag kjem heim frå skulen og finn at politiet er på besøk. Dei arresterer både far og mor. Det viser seg at guten sin far er ein tjuv. Alt han trudde var hans er stole, og ikkje berre det, faren stel også alt familien eig. Kvar ei krone.

Guten og mora står att heilt ribba. Sviket er grenselaust. Naboar, venner, skule, arbeidsplass vender seg mot dei. Nesten alle sviktar. Han vert støytt ut, ikkje for noko han sjølv har gjort, men for det faren har gjort mot han og mot alle andre.

Ein enkel fyr

”Lydighetsprøven” har undertittelen ”En tenkt fortelling om et barn” og forfattaren presiserer i føreordet at dette er ei oppdikta forteljing. Dette er ikkje noko som faktisk har hendt. Men det har det nok, i alle fall noko som likna.

Hovudpersonen er 12-åringen Alvis, som vert kalla Alvin Piss blant andre ungar fordi han pissar på seg. Han er ein enkel fyr, som likar seg med ungar som er mindre enn han, vert halden utanfor av jamnaldringar og som utnytta på det grovaste av eldre ungar og ungdommar.

Mora finn seg ny kjærast, ein mann som ikkje greier å kontrollera sinnet sitt og som ikkje taklar Alvin sin personlegdom og det han ser på som feil og manglar ved dette einfaldige barnet. Det går veldig galt.

Det er ei ufatteleg trist historie. Beint fram.

Slik også ”Far din” er det.

 

Begge bøkene byr på opprivande og vonde forteljingar om korleis nærmiljøet kan oppføra seg mot folk som skil seg ut, som ikkje passar inn i mønstera eller som på eit eller anna vis trør litt skeivt. Dei kan minna om gamle skillingsviser.

Barnbøker er ikkje berre for born

Vaksne folk flest les ikkje barnebøker. Eg synest fleire burde gjera det. I alle fall burde vaksne lesa dei gode barnebøkene, som ikkje berre er skrivne for å underhalda, eller for å vera lette å lesa, men som har noko viktig å fortelja lesarar i alle aldrar om korleis born og unge kan ha det i dag.

Desse to bøkene er svært lette å lesa. Ingvaldsen skriv konkret, knapt og rett på sak. Han jålar seg ikkje til med blomstrande språk eller lange utgreiingar. Han skriv rett fram, slik det er.

Eg har sjølvsagt nokre små innvendingar. Særleg mot ”Lydighetsprøven”. Alvis sitt språk er stundom litt for avansert for ein så enkel kar, meiner eg. Og den siste sida i forteljinga, kunne eg godt greidd meg utan, men det er min smak.

Eg tilrår dei alle fall på det varmaste og sterkaste. Dei burde vera obligatorisk lesnad for lærarar og alle andre som har med born å gjera i arbeidsliv og fritid.

Begge bøkene er komne ut på Gyldendal og om dei ikkje er å finna i bokhandelen, så skal dei vera å få tak i på biblioteket.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.