Når tragedien vert underhaldning

Ei tragisk hending har for andre gong vore oppe til handsaming i retten. To kompisar hamnar i krangel i fylla, dei slåst, den eine vert slått til døde. Han som slår er for andre gong dømt for vald med døden til følgje.  Men treng me vita alt om det som hende den tragiske natta for å skjøna kor frykteleg det er?

Rettsforhandlingane har vore grundig refererte i lokalavisa ved begge rettssakene. Alt vert referert, vitneutsagn, lydbandopptak, etterforsking, intervju og forhøyr. Ingen ting skal latast ute.

Vitna sine vurderingar av dei involverte. Liva til dei som var på festen både før og etter. Slekt og venner, privat og offentleg. Same det. Jamvel tilhøyrarane sine sukk og fysiske reaksjonar vert det vitna om. Alt skal forteljast. Her skal ingen sleppa unna. Same kven dei er og kva dei har gjort. Pressa skånar ingen. I alle fall ikkje lokalavisa.

Eg kjenner meg uvel når eg les det. Eg vil sjå vekk. Eg vil ikkje vita det. Eg har ingenting med det.

Men eg les vidare,

både fordi eg vil sjå kor langt lokalavisa er villig til å gå, og fordi ho er så flink til å leggja det fram, til å dramatisera og leggja til rette for at sjølv eg, ein ualminneleg røynd og kritisk lesar, vert forført.

Lokalavisa veit kva ho gjer. Ho tek jobben sin på alvor, jobben slik ho sjølv  meiner han skal utførast. I dag er det ikkje nok å referera sakleg dei viktigaste poenga så sannferdig som mogeleg, i dag må ein prøva så godt ein kan å herma etter dei store tabloidane si hemingsløyse og dei populære amerikanske krim-pod-ane og nett-seriane sin dramaturgi. 

Lokalavisa skal vera lim og lupe, har ein avismann ein gong sagt. Ho skal knytta folk saman ved å fortelja nytt om det vesle samfunnet dei lever i, og ho skal setja kritisk lys og bruka aukeglaset på den små skrifta til dei som fèr fram med løgn og svik. 

Det er godt sagt og formulert, men det gjeld ikkje for dagens lokalmedia.

Det manglar noko.

Underhaldning manglar, i dag vil avisa også underhalda. Det gjennomsyrer måten ein skriv på, det viser att i titlar og kjappe formuleringar. Kva som helst stort og smått nyhende kan verta gjort til gjenstand for redaksjonen sitt humoristiske blikk og vaklande humoristiske sans. Får ein til ein morosam tittel, gjerne i russehumorstil og av underbuksekarakter, tykkjest dagen vera berga.

Mediekritikaren Neil Postman skreiv på åttitalet at me underheld oss sjølv til døde. Han meinte det som kritikk av det moderne massemediet, men mange journalistar tok feil og trudde at det var slik det skulle vera.

Men kva har det med den tidlegare omtala rettssaken å gjera? Først og fremst haldninga. Underhaldninga framfor alt. Minst mogeleg refleksjon og kritisk haldning til seg sjølv, til mediet og konsekvensane av arbeidet sitt.

Ein journalist skriv aldri alt. Han vel ut kva han vil ha med, han vel grundig kva ord han brukar, kva rekkefølgje hendingane kjem i, kva vinkel saker skal sjåast frå, kven lesaren skal identifisera seg med og kor sympatien skal liggja. Journalisten gjer røyndomen til fiksjon og presenterer sin versjon av hendingane som dei sanne og verkelege.

Journalisten har makt til å påverka folk, til å skapa historiar som lever, til å forsterka inntrykk, rykte, sladder –  og han veit korleis han skal gjera det for å få flest klapp på aksla av kollegaer og sjefar som spretter sjampanjeflasker og deler ut prisar til seg sjølv.

Ein mann er drepen. Han vart drepen av kompisen sin. Det er så tragisk som det går an. Dei har begge slekt, kjærastar, familie, venner. Dei har det vondt.

Ein treng ikkje eingong skriva det, elle seia det, me veit det. Dei har det vondt.

Men dei har inga skuld i dette. Dei har ikkje drepe nokon. Dei er ikkje drepne. Dei lever – og dei må leva med det. Dei er sakeslause i ordet si rette tyding.

Kvifor skal pressa ta på seg oppgåva å bera meir stein til børa deira?

Jo, eg veit at folk vil lesa, eg veit at blod og gørr og skitne detaljar sel som hakka møk. Eg veit at forvitenskapen er ein av våre sterkaste drifter, saman med avundsykja, og det er forvitenskap pressa lever av. Eg har vore journalist sjølv i 30 år.

Men det finst grenser.

Eg les om drap på Stord. Eg les i riksavisene om ei ung jente som har svelta seg sjølv til døde. Det er til å grina av. Eg får altfor mange detaljar. Eg får vita alt for mykje. Eg treng det ikkje.

Og eg tenkjer, dei treng det ikkje dei sakeslause slektningane og vennene som sit att heller. Ho treng det ikkje mora til jenta som døde. Han treng det ikkje son til han som vart slått i hel, eller søskena hans.

Dei har no visst fått nok straff.

Dei verkeleg skuldige vert straffa av retten, om alt går føre seg som det skal. Det ligg ikkje til den fjerde statsmakta sine oppgåver å gjera straffa endå hardare. 

(Dette er ein redigert og forkorta verson av det opphavlege blogg-innlegget. Eg hadde med nokre refleksjonar og utfall om underhaldningsjournalistikken som eg har valt å ta vekk.)

 

4 thoughts on “Når tragedien vert underhaldning”

  1. Akkurat dette sat me og snakka om heime ved kjøkkenbordet. At lokalavisa vår er blitt så tabloid er skremmande.

  2. Innlegget ditt er godt skrive, og eg skjønnar godt at mange heng seg på og deler på Facebook. Kritikk av journalistikk og lokalavis er noko me som jobbar der må tola. Samstundes meiner eg det er viktig å ha to tankar i hovudet på ein gong. På den eine sida, behovet for å informera, ja, eller underhalda, som du kallar det. På den andre sida pressa sin plikt til å informera om faktisk forhold. Også når det er forhold som ein ikkje vil høyra om. Det som er lagt fram i retten, og som er skrive om i lokalavisen, har vore særs sentralt i å få belyst skuldsspørsmålet og naudverjeretten til fulle. Ja, det kan kanskje høyres tørt ut, men samstundes er det faktisk ein form for rettstryggleik at avisa er til stades i ein rettssak. Personleg meiner eg både lokalaviser og riksmedia, ja også den tabloide delen av pressa, er for lite til stades i retten. Berre på den måten kan ein syta for at både domstolar, påtalemakt og advokatar vert gått etter i saumane, og at ein ser til at både lovar, reglar og anna vert følgde som dei skal. At lokalavisa er til stades og informerer om det som kjem fram i denne saka, der det ligg føre ein tiltale for brot på eit veldig alvorleg straffebod, meiner eg heilt rett. Og det er grunn til å minna om at det faktisk har vakse fram eit etisk regelverk for pressa. Ikkje fordi det er så gale no, men fordi det var mykje verre før.

  3. Trist sak (saker) men sakene er offentlige og tilgjengelige på lovdata (etter ei stund). Hvis ein ikkje er interresert så er det vel berre og la vera og lesa?.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.