Dei har sjølvsagt rett

Sjølvsagt skal pressa dekkja rettssaker og skriva om dommar. Ålmenta har rett på innsikt og pressa har som oppgåve å vidarefortelja, men også ansvar for måten saker vert vidareformidla på.

Innlegget mitt i går om lokalavisa si dekking av ei tragisk valdssak som enda i død fekk mange lesarar og nokre viktige kritiske kommentarar.

Når tragedien vert underhaldning

Lars M. Auestad skriv at rettssakene er opne for alle og peikar på at alle dommar og rettsforhandlingar er å finna på lovdata.no. Ein vel sjølv om ein vil lesa.  Han har sjølvsagt heilt rett i det. No ligg ikkje den omtalte saka på Lovdata enno, men eg har lese andre liknande saker. Namn på dei involverte er ikkje nemnde, direkte sitat frå forklaringar og vitnemål finst ikkje, i staden er det referat.

Og det er ein vesentleg skilnad mellom lovdata si framstilling og pressa si.

Ein kan med god rett seia at det direkte sitatet er meir objektivt og korrekt enn referatet, då referatet alltid vil ha innslag av referenten si vurdering av kva ord som skal brukast og forståing av kva som verkeleg vert sagt. Ikkje alt står der. Det må ein alltid ha med seg når ein les.

Men ein må også gå utifrå at rettsreferenten skriv ned det som er korrekt.

Avissitatet står fram som direkte avskrift av det som vert sagt. Det er det sjeldan. Norske journalistar stenograferer ikkje og svært få brukar lydopptak. Dei noterer på blokka si og skriv det dei meiner vert sagt, trekkjer saman, finn andre ord som høver betre osb osb. 

Ein skal ikkje ha blitt intervjua mange gongar for å ha forstått dette. Det er sjeldan at det du seier kjem ordrett på trykk, men det er noko som liknar. Sjølv har eg opplevd – ikkje i lokalavisa – å få lagt i munnen min det tvert motsette av det eg sa. Eg skulle sjølvsagt ha bede om å få lesa sitatsjekk, men det er ikkje lett å spørja ein kollega om det. Du har jo tillit til at det dei skriv er rett.

Ein som vitnar i ei rettssak ber ikkje om sitatsjekk. I alle fall har eg ikkje høyt om at det har hendt.

Pressa si presentasjon av rettssaker, kommunestyremøte og alt anna vil alltid vera redigerte og tilpassa versjonar av røyndomen, aldri heilt objektive og alltid påverka av journalisten sitt syn på kva som er viktig å ha med.

Min tidlegare kollega Olav Røli skriv innsiktsfullt om pressa si oppgåve og eg er langt på veg samd med han. Røli er ein flink og grundig journalist som eg har stor tillit til. Berre så det er sagt. Han meiner avisene er for lite til stades i retten.

«Personleg meiner eg både lokalaviser og riksmedia, ja også den tabloide delen av pressa, er for lite til stades i retten. Berre på den måten kan ein syta for at både domstolar, påtalemakt og advokatar vert gått etter i saumane, og at ein ser til at både lovar, reglar og anna vert følgde som dei skal.»

Det same meiner Jan Helge Nesse som kjenner retten frå innsida og elles er ein mann med greie på mykje. Han  skriv m.a.» Retten/ den dømmende maka er ein viktig del av vårt samfunnssystem og informasjon frå prosessen bør ikkje » feiast under teppet» fordi den er vond for mange.»

Eg er samd med dei begge. Sjølvsagt er eg det.

Pressa skal fortelja oss om viktige saker som hender på stader der me sjølv ikkje har høve til å vera. Ho skal også halda eit vake auga med at alt går føre seg på rett vis. Ho skal avdekka det urette og urimelege og ho skal letta på små og store steinar og tangdottar (mange sleipe ålar kan skjula seg under dei) og etter mitt syn stå på dei svakaste si side, så lenge dei svakaste har rett. Det har dei ikkje alltid.

Men pressa må også heile tida vera seg medviten si rolle i dette, i kor stor grad ho har høve til å påverka, farga, tolka og feiltolka. 

Og eg meiner faktisk, at det sjeldan er feil å ta omsyn til kva konsekvensar det ein skriv kan få for uskuldige menneske.

Men, når alt dette er sagt, så held eg framleis på mitt: I denne saka er ei tragisk hending gjort om til underhaldning. Det skjer gjennom måten å leggja saka fram på, kva som vert fortalt og korleis ein fortel om det. Og eg meiner no som då at pressa har viktigare ting å ta seg til enn å driva med underhaldning.

Eg er svært takksam for desse kommentarane på innlegget mitt. For meg er det viktig å skriva det eg meiner og har på hjarta, og å setja lys på slikt eg meiner treng litt meir lys og omtale. Eg har laga meg denne bloggen for å ha ein stad å skriva, både fordi skriving er no ein så viktig del av livet mitt og fordi eg tykkjer at me alle bør ta del i det offentlege ordskiftet.  

Og når eg skriv, og seier kva eg meiner,  må eg venta at folk tek til motmæle. Gjer det! Berre slik kan det verta samtale og meiningsbryting, og det kan me aldri få nok av, spør du meg, 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.