Ein by kalla Storden

 

Ein stad langs Minnesota State Highway 30 ligg den vesle byen Storden. Han er berre ein halv kvadratkilometer stor og det bur litt over 200 menneske der. Han er kalla opp etter den første mannen som slo seg ned på staden.

Han heitte Nels Storden ifølgje Wikipedia og Storden sine eigne nettsider. Og denne Nels som truleg var døypt Nils, kom frå Noreg.

Ja, så mange nordmenn budde her at bygda som eigentleg vart kalla Westbrook Township – bygda ved Vestbekkjen – vart døypt om til Town of Norsk – Norskebyen I 1872 – og i 1875 til Storden.

Det var ein annan nordmann som gjorde framlegg om namneskifte. Han heitte John Jens Fitcha og var fødd i 1844. På nettet finn eg at han var fødd i Hordaland, Noreg. Eg vil tru at fødestaden hans var Fitjar eller Fitcha som det blir med amerikansk uttale.

Sjå kart over området.

Så kan henda var då Nils og Jens to karar frå Storden som reiste til Amerika for å gjera lukka og då dei kom fram tok dei fødestaden som etternamn? Eller kan henda Jens hadde Fitjar som etternamn, det finst jo framleis, og Nils ikkje ville vera verre og laga seg sitt eige.

Eg finn ikkje andre med det etternamnet på nettet, så kanskje er han den einaste som har heitt Storden. Kva veit eg? Men det vert i alle fall ei fin historie av det. For at namnet Storden ikkje skulle døy ut, fekk Nils sin kompis kalla opp byen etter han og verna det for ever.

Nemnast må også at staden sitt postkontor vart oppretta i 1875, og vart styrt av Ole Christopherson som budde på garden Copenhagen, eit par kilometer frå Storden. Der i København var det også jernbanestasjon på banen som førte til Chicago og Minneapolis.

Copenhagen vart etterkvart lagt inn under Storden. Sjå det! København er faktisk ein del av Storden. Ikkje alt er like stort i Amerika.

Ein treng elles ikkje reisa lenger enn til Stavanger for å finna namnet Storden att. Storden er ein veg der i byen, i nærleiken av Dusavik. Rett vest for Storden ligg Bømlovegen og det vitnar om at dei som kom på namnet visste kva øya eigentleg heiter.

 

Eg har ein nær slektning som budde i Storden, han flytta altså frå Stord til Storden. For medan dei både i Amerika og Stavanger har greidd å ta vare på det opphavlege øynamnet er det i ferd med å forsvinna på Storden sjølv.

Her høyrer eg knapt nokon seia Storden lenger, og få skil mellom øynamn og kommunenamn. I staden seier og skriv folk Stordøy og Stordøya og trur at namnet frå kommunesongen er det rette.

Det er det ikkje. Då hadde amerikafararen Nils skrive seg for Stord eller Stordoy og ikkje heidra heimstaden med å gje seg sjølv namnet Storden.

Om så gale skulle skje, etter mitt og mange fitjarbuar sitt syn, at dei to kommunane på øya vert slegne saman, er det ikkje anna enn rett og rimeleg at det nye kommunenamnet vert Storden. Det er det øya heiter, berre spør Nels og John Jens frå Fitcha.

Alle bileta har eg funne på internett.

One thought on “Ein by kalla Storden”

Legg att eit svar til Anonym Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.