28 tusen viste sider

At eg første veka som bloggar skulle få mange  tusen lesarar, hadde eg aldri trudd. Her gjer eg meg nokre tankar om kring blogging og skriving og røynsler eg har gjort meg til no.

Frå førre fredag til og med torsdag, i løpet av sju dagar, hadde storden.no 28198 viste sider og 12861  unike lesarar. Unike lesarar er eineståande ip-adresser som har vore innom éi eller fleire sider på denne bloggen sidan eg starta opp fredag i førre veke. Ei ip-adresse er ein separat datamaskin eller mobiltelefon o.l. Fleire kan sjølvsagt dela ein slik. Så kor mange faktiske lesarar me snakkar om, veit eg ikkje, men det er altså mange. 

Svært mange fleire enn eg hadde trudd. 

Eg har ikke marknadsført Storden.no andre stader enn på Facebook-sida mi, ikkje ein gong på twitter. Eg hadde ikkje håpa på noko, men trudde at sidan eg har i underkant av 1000 venner på Facebook så kunne eg på det beste venta å nå om lag halvparten av desse. Dei fleste vennen har jo ingen ting med Storden å gjera.

Så er sakene vortne leste og delte og likte og mislikte og så var eg brått i gang med noko eg ikkje heilt kunne ha kontroll over, når det gjaldt lesing, spreiing og omtale, men som eg kan ha når det gjeld skriving.

Som journalist i avis og som forfattar på nasjonale forlag er eg van med å ha ein redaktør, ein desk, ein konsulent som les det eg skriv før det vert publisert. Deira funksjon er å gjera meg betre. Dei skal be meg stryka, retta og refusera der dei meiner det må til.

Som einsleg bloggar har du i utgangspunktet ingen andre å stola på enn deg sjølv, og det er sjeldan nok. Difor har eg komme til å publisera meiningar og synspunkt som eg angrar på at eg slapp igjennom. Noko kunne oppfattast som åtak på ein journalist, medan det var meint som kritikk av ein måte å vera journalist på som ikkje eg likar. 

Journalistane i lokalavisa er mine gamle kollegaer og venner og vil dei ikkje noko vondt i det heile, sjølv om eg misliker sterkt mykje av det dei driv med. Men det veit dei godt frå før. Eg sa det då me jobba saman òg, men ikkje ut til ålmenta. Og det er den store skilnaden.

Eg har difor valt å redigera, skriva om og stryka i innlegga mine etter at dei er publiserte. Det er eg sjølvsagt i min fulle rett til, og det er noko alle som publiserer tekstar på nett bør gjera – også nettaviser.

Å skriva og meina er ein kontinuerleg prosess. Det som står på nettet er ikkje hogge i stein. Det kan endrast etter kvart som skrivaren får ny kunnskap, ser feil han har gjort, oppdagar konsekvensen av små bisetningar som tok merksemda vekk frå hovudsetningen.

Eg har laga denne bloggen for å ha ein stad å skriva om slikt som opptek meg, om det no er bløminga i Hystadmarkjo, bøker og kunst, medium, reiser eller lokal politikk og samfunnsliv. Eg har ikke annonser og ingen inntekter på det, eg står heilt fritt til å skriva og publisera når eg vil, og eg har eine og aleine ansvar for det som står prenta her.

Eg håpar at mange vil følgja meg også vidare. Eg lovar at eg i det vidare skal vera ein strengare redaktør av mi eiga skriving, og at eg når eg kjenner trong til det skal konsultera ein lesar eg stoler på før eg legg saka ut for heile verda å sjå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.