To gode bøker av Bjørn Ingvaldsen

 

Oddingen Bjørn Ingvaldsen er ute med si 49. bok i desse dagar, ”Lydighetsprøven”, samstundes som ”Far din” frå i fjor er nominert til Nordisk Råd sin pris for beste barne- og ungdomsbok. Eg har lese begge to, og det rår eg sterkt andre til å gjera òg. Det er sterk og rystande lesing, forteljingane tek tak i deg og skakar deg og får deg både til å kjenna sinne, sorg og varme.

Les meir om To gode bøker av Bjørn Ingvaldsen

Eit handtrykk og to vekke

Eg har ein gong lese at eit kvart menneske på jorda aldri er meir enn tre-fire handtrykk frå kven som helst stor kjendis i heile verda. Alle har helsa på nokon som kjenner nokon, som har helsa på einkvan som er veldig kjent.

Svigerfar min t.d. har både møtt den norske kongen og den store skeisekongen Jevgenij Grisjin – og tenk dykk berre kven desse to karane har helsa på.   Og eg har ein slektning som kjenner Liam Neeson og då har du det verkeleg gåande. Kven har vel ikkje han møtt av filmstjerner – og ikkje berre møtt.

Verda er ikkje stor, som me seier, og ho kjem ganske mykje nærare viss du tenkjer slik. Me er berre nokre handtrykk frå kvarandre alle saman.

Og det er ikkje berre popstjerner, filmheltar og storpolitikar dette gjeld. Tre handtrykk vekke og du er langt på andre sida av verda, i dei flottaste salar, blant dei mektigaste av dei mektige, eller i djupe skogar, mørk jungel, opne hav, eller store slumområde med sjukdom og elende.

Det er ganske fantastisk å tenkja på.

Les meir om Eit handtrykk og to vekke

Farvel med ein fin fyr

«Ein fin fyr» kalla eg fredagspraten eg hadde med Leif Magne Hole i Sunnhordland hausten 2015. Han var nyleg blitt valt inn i Stord kommunestyre for Stordlisto, men stod i intervjuet fram som svoren sosialdemokrat, lesehest, bridgespelar og Stones-fan.

Han vart kalla for Høle» i unge år og hadde nok rykte for å vera litt av ein rabbagast. Eg vil tru at det var meir enn ein stordabu som trekte på smilebandet, eller flirte i skjegget, då dei såg namnet hans blant dei øvste på Stordlisto. Og nokre tenkte vel at det sa sitt om seriøsiteten til lista. Men dei som kjente han flirte ikkje, og etter intervjuet mitt med han i Sunnhordland veit eg at det var mange som sperra augo opp. Han var visst litt av ein smarting han der Leif Magne Hole.  Les meir om Farvel med ein fin fyr