Det mangefarga måleriet me kallar Noreg

Eg er to gongar blitt spurd om å halda 17. mai-tale. Éin gong på Fitjar og éin gong på Moster.  I 2002 talte eg i Fitjar, no har eg for første gong lese gjennom talen på ny, og funne ut at eg gjerne kan dela denne 15 år gamle talen med fleire. Lite har endra seg sidan den gongen.

 

Paraplyane på Vikjo.
Biletet er frå Borggata på Leirvik ein regnfull 17. mai for mange år sidan. Eg tok det frå taket på Sunnhordland.

Til lukke med dagen!

Å vera 17. maitalar er noko eg aldri har tenkt eller håpa at eg skulle bli spurd om. Eg har ganske enkelt ikkje kjent meg som ein av 17.mai-talarane her i verda, og har alltid meint at om eg skulle bli spurd, så ville eg takka fint nei.

Men då eg no vart spurd om å tala her i Fitjar, fekk eg høyra frå fleire hald, at å halda syttandemai-tale, er noko ein ikkje seier nei til. Det er både ei ære, og eit høve til å få seia slikt som ligg ein på hjarta. Så takka eg ja, men ikkje utan tvil. For kva i verda skulle eg snakka om, kva skulle vera tema for talen min? Etter å tenkt og grubla over det, kom eg fram til at eg ville snakka om det eg vil kalla det norske. Eller for å seia det slik: Finst det noko som er typisk norsk, og som er verd å feira?

Gro Harlem Brundtland sa ein gong at det er typisk norsk å vera god. Ho fekk mykje spitord for det utsagnet. Og med rette. På ein måte er sjølve det brundtlandske slagordet meir typisk norsk, enn innhaldet i det. Du kunne mest omformulera det og seia at det er typisk norsk å sjå på seg sjølv som god. Me har så lett for å framheva oss som eineståande på alle område, anten det no gjeld velstand eller langrenn. Me er så eineståande, ja så noko for oss sjølv, at eit politisk parti har brukt det som slagord: Noreg er annleislandet.

Den tyske forfattaren og kulturkritikaren Hans Magnus Enzensberger har sagt det på ein annan måte: Noreg er eit land i utakt med resten av verda. På einskilde område ligg me langt føre i utvikling, på andre område er har me sakka langt akterut. Høgteknologi og bygdemuseum hand i hand.

Me byggjer dei mest eventyrlege, høgteknologiske vidunder her i vårt distrikt. Oljeplattformane på Aker Stord er eit strålande døme på slike modernistiske, teknologiske kunstverk, og er ein naturleg del av kvardagen vår. Likeeins har me bygd bruer og verdas lengste undersjøiske biltunnell, som ligg der som mektige monument over den moderne teknologien. Men når me skal feira dette teknologiske nybrottsarbeidet, desse funksjonelle byggverka for framtida, så gjer me det med nasjonalromantiske songar, med skjeggprydde menn utkledde som vikingar, med gamle båtar og klede folk slutta å gå i for over hundre år sidan.

Ja, er det ikkje litt underleg at når me her i vårt distrikt skal bruka pengar på kunst og kultur, så er det mest ein absolutt føresetnad at det minst er med ti menn i brynjer og vikinghjelmar, som drep eller piner alle som står i vegen for dei, medan dei snakkar liksom-norrønt med store ord og mykje patos. Sjølv må eg vedgå at eg stundom finn denne dyrkinga av desse norrøne krigarkongane, deira valdelege framferd, kvinnesyn og mellomalderske æreskjensle både komisk og tragisk på same tid. Og det i ei tid då me ikkje ønskjer at slike mellomalderske tankar og levesett skal få innpass i vårt moderne samfunn.

Og når me snakkar om krigarkongane, så er me med eitt hamna midt i sjølve nasjonalsongen som også hyllar dei same gamle kongar. Ein song som var skriven i ei tid då den nye norske nasjonalstaten skulle byggjast opp, og som var ein lekk i denne nykonstruksjonen av det særeigne, nasjonale og høgnorske. Noreg var ein gammal nasjon alt den gong, men det var ein ny stat, ein stat som skulle frigjera seg frå utanlandsk styre og vanstell, og trong difor slikt som kunne styrkja den nasjonale identiteten, songar, dikt, romanar, skodespel og kunst som synte at Gamle Norrig nørdst i grendom verkeleg var noko for seg sjølv.

Difor drog biletkunstnarane til Tyskland for å læra seg å måla i den nasjonalromantiske tradisjonen, og sat på kneipene i storbyane i Mellom-Europa og dikta opp eit landskap som ingen nokon gong har sett, men likevel er vorten ståande som det særeige norske.

Difor skreiv den internasjonalt orienterte diktaren Bjørnson sin fedrelandssong og romantiserte dei store segnkongane, difor samla Asbjørnsen & Moe inn eventyr og gav dei ut for å vera særnorske, medan dei i røynda er ein del av ein felleseuropeisk kulturarv, difor skreiv både Ibsen og Bjørnson skodespel om heilnorske krigskongar og hærmenn med inspirasjon og førebilete henta frå den greske antikken og den franske dramatikken frå deira samtid. Me henta fargane til det norske flagget frå den franske trikoloren. Fargar som står for fridom, likskap og brorskap.

Og difor konstruerte Ivar Aasen eit nytt norsk språk, i motsetnad til det danske som framleis rår storparten av grunnen, basert på dei norske dialektane han meinte var mest urnorske.

Ja, ser me grundigare på alt dette som me er lærte til å oppfatta som typisk norsk, så finn me snart ut at det er ikkje så særeige likevel. Ikkje ein gong det mest nasjonale av alt, bunaden, er heilnorsk, men påverka av klesmotar frå kontinentet, og sameleis med folkemusikken og -dansen. Den er ikkje blitt laga av geniale og originale felespelarar som sat isolerte i kvar si fjellbygd og kom på dette heilt aleine. Dei var påverka av musikk- og dansemotar frå resten av Europa, på same måten som Grieg var det i si tid, og norske popmusikarar er det i dag.

Ikkje ein gong den maten me reknar for heilnorsk er så eineståande, iallfall ikkje på annan måte enn at han er mindre krydra her enn andre stader. Ikkje ein gong komla, det beste norsk kvardagskokekunst har frambrakt, det finst liknande potetballar i Tyskland, Polen og Litauen.

 

Noreg er ein konstruksjon, ein konstruksjon som aldri vart eller vil bli ferdig samanstilt, som kvar dag vert endra og omforma, somme tider er omformingsprosessen full av smerter og konfliktar, andre gonger skjer endringane utan at me legg merke til dei. Ikkje før me stoppar opp, ser oss omkring og tenkjer over kva som har hendt.

Då ser me at maten på bordet vårt ikkje lenger berre er grovbrød og brunost, uskrelte poteter og fisk steikt i alt for mykje melange margarin, men der finst både italienske pizzaer laga på Sunnmøre, franske ostar frå Danmark, asiatiske sausar frå Toro og søramerikanske rotfrukter frå Fitjar. Ja, det mest heilnorske av alt, sjølvaste fitjarpoteta, er jo opphavleg søramerikansk.

Det særeigne norske er denne eineståande samanblandinga av ulike påverknader, av element henta frå fjern og nær. Og det er denne særeigne norske konstruksjonen me feirar i dag.

Alt er i endring. Verdisynet vårt er på mange område heilt annleis enn då eidsvollsmennene samlast for å laga grunnlov. Ei lov som var sterkt påverka av opplysningstankar og grunnlover frå andre land og nasjonar. Og den grunnlova dei skreiv ned er heller ikkje heilt intakt i dag. Den også har måtta tilpassast dei nye tidene som har kome, og dei nye meiningar, overtydingar og verdiar som dette har ført med seg.

Det me kallar norsk er å samanlikna med eit måleri, sett saman av eit uttal fargar og valørar. I botn for alle desse ulike fargekombinasjonane ligg dei fire primærfargane som ein urokkeleg grunnmur. Og i botn for vårt norske måleri ligg ein del grunnverdiar, som ikkje er like urokkelege som primærfargane, men som likevel har vore etter måten stabile og grunnfaste. På basis av desse målar me alle vårt eige norske måleri, og legg vekt på ulike nyansar og valørar, vel vekk noko og framhevar noko anna, men skapar likevel eit bilete som er attkjenneleg som norsk.

Ein av desse grunnverdiane er trua på demokratiet, at me alle har rett og plikt til å vera med å utforma samfunnet og framtida vår. Ein annan er menneskesyn og moralverdiar som er bygde på både den kristne trua og ålmenne humanistiske verdiar. Ein tredje grunnpilar i det norske, er språket og kulturen. Eg vil også hevda at trua på rettferd og likskap er ein grunnverdi i dette norske byggverket.

Men i motsetnad til fargeriket sine konstante primærfargar, er grunnfargane i det norske måleriet stadig utsette for påverknadar som i verste fall kan bryta dei ned og løysa dei opp. Demokratiet er ikkje noko sjølvsagt, noko som ligg der fast for alltid, men noko som må byggjast vidare på og haldast ved like kvar einaste dag.

Det er nok av makter som ønskjer å ta styringa om dei får det som dei vil, anten det no er dei sterke økonomiske kreftene som får meir og meir makt for kvar dag, og som på sine lukka styrerom gjer vedtak utanfor demokratiske organ sin kontroll. Og her er det ikkje snakk om nasjonale verdiar, men om internasjonale nettverk med eitt, einaste føremål å skaffa seg meir makt og pengar.

Hand i hand med – og i tilsynelatande sterk kontrast til – denne internasjonaliseringa av økonomien, ser me i verda ei sterkt veksande bølgje av nasjonalistiske og udemokratiske haldningar, tufta på gammaldagse og romantiske syn på det nasjonale og særeigne og frykt for alt som er nytt og framandt. Me ser det i Frankrike, Austerrike, Italia, Nederland, Israel, Danmark og Noreg; politikarar som står fram med eit syn på menneske, kultur og samfunn som bryt med alt det me er lærde opp til å tru på, og dei grunnsyn som me faktisk feirar i dag.

Og likevel sluttar folk opp om desse, og kanskje i sterkast grad dei gruppene som vil lida sterkast under desse politikarane sitt styre; gamle, sosialt svaktstilte, ungdomar, arbeidslause og arbeidarane på verkstadgolvet. Eg synest det er eit stort og uskjøneleg paradoks, at medan utdanningsnivået aldri har vore høgare nokon gong, korkje i Noreg eller resten av Europa, så er synest det vera store manglar i historiekunnskapen og forståinga av korleis samfunnet fungerer.

All den urett og ufred som framandfrykt, rasisme og nasjonalisme har ført til opp gjennom historia tykkjest å vera heilt gløymt.

Samstundes som me i praksis har innført 13 års skuleplikt i Noreg, ser me at interessa for å delta i samfunnslivet vert lågare og lågare. Partia har problem med å skaffa folk til listene sine, og færre og færre går til urnene for å røysta på dei som vil stå på val, og dei frivillige organisasjonane slit med rekrutteringa.

Særleg tykkjer eg at det manglande politiske og samfunnsmessige engasjementet blant ungdom er faretrugande med tanke på framtida. I staden for å ta aktivt del i røyndomen og vera med å forma samfunnet dei lever i, tykkjest mange vera mest opptekne av å oppleva den konstruerte røyndomen i fjernsynet.

Den tilsynelatande dalande interessa for å delta i demokratiet, kan synast gå hand i hand med ei likesæle til språk og kultur. Nordmenn har lenge skrytt over å ha vore eit boklesande folk. Slik er det ikkje lenger. I dag ser me at politikarar og industrileiarar nærast skryt av det motsette, at dei ikkje les bøker, at dei ikkje høyrer på seriøs musikk eller bryr seg om kunst og kultur. I verdas rikaste land er det strid om det skal byggjast eit operabygg! Det vert laga underskriftslister og protestaksjonar dersom det skal reisast eit kulturbygg eller ein moderne skulptur.

Og heile tida kjem motstandarane fram med det same magiske trylleformularet, for å skræma slike vonde idear vekk: Me må bruka pengane på sjukeheimsplassar og dei eldre. Ikkje eit ord om at også eldre folk har glede av kunst og kultur. Det kan synast som om alle dei som ser på kulturløyvingar som bortkasta pengar, meiner at så snart eit menneske har nådd pensjonsalderen så går dei i intellektuelt i frø og sluttar å bry seg om alt anna enn seg sjølv. Eg trur ikkje det er slik. Eg trur derimot at gamle folk vil få ein betre alderdom med eit auka tilbod om kulturelle opplevingar, anten det no gjeld konsertar eller bibliotekbesøk.

Skal me i framtida kunna snakka om ein norsk identitet må me verna om språket vårt. Det er trass alt etter kvart det einaste som bitt oss saman, og skil oss ut frå andre. Ja, finst det noko som skaper ein nasjonal identitet så er det nettopp språket. Språket gjer oss til dei me er.

Det er språket som gjer det mogeleg å tenkja. Det er gjennom språket me skaffar oss ny kunnskap, utviklar nye idear, og tar vare på dei gamle kunnskapane og røynslene. Men språket er som me alle veit ikkje noko medfødd, heller ikkje noko me har lært oss ein gong for alle. Språket – også ditt personlege språk – må brukast og utviklast for at det ikkje skal stagnera og forfalla. Det er som med musklane, om me ikkje brukar dei aktivt vert dei dovne og dvaske og vert til slutt til lita og inga nytte.

Ein god tanke krev eit godt språk å tenkja han med, ein god tale likeeins. Det gode språket og dei nye tankane finn me i litteraturen, i teateret, i bøkene og i dei gode samtalane. Ja, jamvel i avisene. Like viktig som å læra skuleungane å rekna, må det vera å læra dei å lesa, å lesa med glede. Gleda seg over det skrivne og talte ordet. Skulen har ei enorm oppgåve i å framheva verdien av litteraturen og kunsten som motvekt til det gjennomkommersialiserte og overflatiske røyndomsfjernsynssamfunnet.

Den siste av desse grunnpilarane i det norske byggverket, eller måleriet, som eg vil komma inn på er menneskesynet og likeverdet. Heller ikkje dette har me soge av eige bryst. Kristentrua som mange av moralnormene byggjer på stammar som me veit frå Midtausten, og den kristne etikken hentar element frå m.a. gammal gresk filosofi, sidan har humanistiske verdiar frå den europeiske opplysningstida kome til og tankegods henta frå filosofar, forfattarar og politiske tenkjarar. Våre verdiar og moralnormer skil seg ikkje nemneverdig frå normene i andre land i vår kulturkrins.

Ser me oss om og tenkjer litt tilbake, så trur eg likevel me vil synast at mange av dei verdiane me har trudd på er i ferd med å endrast eller heilt å falla bort. Noko skal me ikkje gråta over at forsvinn, men det er også svært mykje i den tradisjonelle norske levemåten som er verd å ta med oss inn i framtida.

Noreg ser på seg sjølv som eit land med ettermåten små skilnader på fattig og rik, samanlikna med andre europeiske land, og det har me vore. Men me skal ikkje gå langt tilbake i tid for å finna den yttarste naud og fattigdom. Ja, her me bur i dette som no er den rikaste delen av verda, var for ikkje meir enn seksti-sytti år sidan den fattigaste utposten i Europa.

Er det noko me verkeleg har felles, så er det at me alle stammar frå fattigfolk.

Velstanden er komen i mi levetid. Ein velstand som ikkje voks fram av seg sjølv og utan strev og strid, men som alle har nytt godt av. At godene skulle delast rettferdig ut slik at flest mogeleg får del i dei, har liksom ikkje vore spørsmål om, før i dei siste åra. No er det kome eit anna ideal; No ser alle over havet til USA der alle skaper si eiga lukke. I Noreg er den høgste meininga med livet no å bli rik, ha dyr bil og stor båt og helst få delta i ein fjernsynskonkurranse der poenget er å få andre til å bli røysta ut og vekk.

Fellesskapstanke, samfunnsansvar og solidaritet er lite gangbar mynt i eit samfunn der alle skal kjempa for si eiga lommebok.

Vårt rike velstandssamfunn lokkar til seg menneske frå alle kantar av verda. Menneske som ofte har flykta frå fattigdom, diktatur, krig og forfølging og kjem frå kulturar og samfunnsordningar svært ulike vår. Slike møte mellom ulike kulturar og verdisyn fører ofte til konfliktar. Eg meiner som dei fleste at me ikkje kan godta alt det innvandrarkulturane står for. Slett ikkje.

Det kvinne- og menneskesynet me ser mange har, den forkvakla, mellomalderske familie- og æreskjensla me ser fører til drap og lemlesting av kvinner, kan me ikkje godta. Eg meiner at alle som flyttar hit til landet har plikt å læra seg norsk og følgja norsk lov. Det er sjølvsagt. Men me må også kunna vera opne for at det også i desse nye kulturane finst ting me kan ha nytte av i vårt norske samfunn. Me kan heller ikkje tvinga alle til å tenkja likt oss.

Skal me verkeleg kunna seia at me lever i eit demokratisk samfunn, må også nye og kan henda ubehagelege tankar frå komma til orde. Dei må ha same rett til å fremja synspunkta sine og religionen sin gjennom dei eksisterande demokratiske kanalane, som andre har. Demokratiet, taleretten og trusfridomen kan ikkje berre gjelda for dei med rette ættetavla.

Svært lite av det som inngår i det norske er runnen av norsk rot. Gjennom alle tider, frå dei første folk kom flyttande hit etter istida, har me teke mot påverknader utanfrå, og det vil me og må me gjera i framtida òg. Og det skal me vera glade for.

Eg trur at ein kvar nasjon eller kultur som stengjer grenser, dører, tankar og sinn for alt som kjem utanfrå og på det viset definerer seg sjølv som meir høgverdige og betre enn andre folk og kulturar, etterkvart vil gå under. Den beste måten å halda fram med å mala på vårt norske måleri, er difor å gjera det med både eit ope sinn for nye inntrykk, medan me heile tida er medvitne den historia og dei røynslene som har ført oss hit me er i dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.