Stappfull kunsthall møtte Pushwagner

Han kom til kulturhuset som ein konge, i Cadillac og med ordføraren i  bilen med seg. På plassen framfor Stord kulturhus vart han møtt av både kunstinteresserte og skodelystne og ikkje minst to klassar frå Hystad skule.

Kjåka fullt då fungerande ordførar Jakob Bjelland ønskte Pushwagner velkommen til Stord.

Dei har laga eiga Pushwagner-utstilling og kunstnaren helsa dei med hjartelege klemmar og selfie-fotografering.

Ikkje sidan Ferdinand Finne sine velmaktsdagar, nokon som hugsar han?, har det vore så mykje folk på ei utstillingsopning på Stord.

Før den offisielle utstillingsopninga var politikarar, pengefolk og andre inviterte til førehandsvisning med føredrag av biografen Peter Mejlænder.

Eit svært godt foredrag var det og, sjølv om det var i lengste laget med tanke på atmosfæren i kunsthallen. Det var lite luft att og mykje sveitte då han var ferdig.

Utstillinga inneheld fire nye bilete, elles er det arbeid som har vorte viste mange stader før, og nokre kjenner me att frå utstillinga i Galleri G Guddal for to år sidan. Men gode bilete tåler å bli sett mange gongar.

Dei raude lappene kom raskt opp, såg me, trass i høge prisar.

Pushfilm

Mykje billigare var det å kjøpa ein utstillingsplakat til 300 kroner og og få han signert av Pushwagner sjølv. Ja, han ikkje berre signerte han teikna og signerte originale kunstverk på baksida av plakatene i tillegg til nokre heldige .

Ein raus fyr og ei fin utstilling, som eg skal skriva litt meir om seinare, trur eg. Når eg får teke meg ein tur ned i kunsthallen aleine og verkeleg få sjå desse farge- og formsterke og ikkje lite dystopiske bileta.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.