Hageplager

Pest og plage. Hagen veks over med krypmispel, gravmyrte og andre planter som legg seg over alt og alle, sniglane et opp spirer og blomar og kattane drit der dei kjem til. Tenk om me kunne fått ein felles aksjon mot halle hageplager, særleg dei hersens kattane.

 

 

Ein haug krymispel. Ei sann plage.

Armar, rygg og aksler verker. Sveitten driv. Brillene ramlar av meg. Men eg gir meg ikkje. Eg skal ha opp den fordømte mispelrota. Ho skal vekk. Og til slutt kjem ho, og med henne følgjer mange meter med lange stenglar og greiner som har krope langt inn på eigedommen til naboen.

Korleis i himmelens namn kunne eg finna på å sleppa noko slikt inn i hagen vår? Svaret er enkelt. Me trong noko å dekka til og skjula, då me flytta inn i nytt hus midt i ei steinrøys for 27 år sidan. 

Eg hadde lært av min hagedyrkande far at avleggjarar skal stelast i andre sine hagar. Då først vil dei trivast i din. Så eg raska med meg kotonaster, gravmyrte, noko eg trur er krypslirekne, eldsveve og anna som veks raskt utover og gøymer stein og ur. Pappa hadde rett, dei stolne plantene trivdest som berre det og spreidde seg utover og la under seg alt som var i nærleiken.

Dei vart ei sann plage. Ikkje rart at dei er svartelista av styresmaktene dei fleste av dei.  Det var dei ikkje den gongen, trur eg, men no er dei også svartelista av meg.

Eg har klypt og rive og herja på, men det nyttar lite. Det går eit par år og så er alt dobbelt så gale som før. Men denne gongen gir eg meg ikkje. Dei skal vekk. Same om eg skal måtta flytta på kvar ein stein og grava vekk jord og grus. Vekk skal plaga. Håpar eg.

Viss det er nokon som har gode råd, så kom med dei. Eg er i stand til kva som helst, jamvel gift.

Snøsløyfe er ein av dei vakraste vårblomane. Sniglane elskar denne planta høgare enn meg.

Og det er jo ikkje berre dette eg sjølv har vore dum nok til å innføra i hagen, som driv meg nesten til vanvit. På andre sida av vegen har det dei siste åra vokse opp ein tett skog av einstape. Den planta øydelegg jorda ho veks i, slik at andre planter døyr. No trugar einstapehæren med invasjon i hagen vår. Eg prøver å klippa dei ned. Det er ein sisyfos-jobb. Eg har ikkje før snudd meg, så har ei ny stengel stukke hovudet opp.

På seinsommeren i fjor kom ein sabla svær kantklyppar forbi og rydda vegkantar og midrabattar. Han tok heldigvis med seg storparten einstapeskogen òg, men i tillegg laga han spon og kvist av ein fin apal som hadde vokse opp på den same haugen. Truleg ein fugl som har mista eit eple der for nokre år sidan, og skjult av brakje og bjørnebær fekk ein heilt ny eplesort veksa fram. Dei var ikkje gode å eta, men heilt fine til eplekake og gelé og om våren blømde treet vakkert på haugen. I år står berre rota att. Kantklypparen gjorde reint bord. 

Frå alle andre hald kjem geitramsen snikande inn. Eg kan ikkje hugsa geitrams frå då eg var liten, no er det knapt andre blomar å sjå langs vegane. Dei òg køyver alt i nærleiken. Dei bør fjernast alle som ein, spør du ho eg bur saman med, og ho prøver så godt ho kan.

Her eg bur er også kristorn å rekna som ugras. Det stikk opp små grøne kristtornar kor eg snur meg. Eg let nokre av dei veksa opp. Til no har dei alle vore hannar. Ikkje eit raudt kristtornbær på vår tomt.

Men sniglar er det. I tusental. Me har sakser utplassert på kvart hushjørne. Slik at det mest berre er å strekkja ut handa så har du snegledreparen klar.  Hadde me fått eitt øre for kvar snigel me har kappa i to i løpet av desse åra, hadde me vore søkkrike og kunne kjøpt oss hus i det eigentlege heimlandet til desse  sleipingane, me òg.

I staden må me halda oss rundt huset med saksa klar for at blomar, grønsaker og urter skal få ein liten sjanse til å overleva.  

Stord var ein av dei første plassene desse utyska dukka opp. Eg hugsar biletet i Sunnhordland av denne heilt uvanlege brune singelen nokon hadde funne i hagen sin i Myraskogen på slutten av åttitalet. Rett nedanfor låg eit garteneri med importerte planter. Eg lurer på om ikkje me hadde vore kvitt plaga, om gartnar og grannar hadde gått grundige til verks den gongen og drepe alle iberiasniglane dei såg.

No blir me ikkje kvitt dei. Dei er komne for å bli. Det er ein skrekkeleg deprimerande tanke.

Det einaste positive med brunsniglane er at dei et katteskit. Eg hatar kattar. Eg har sett opp nokre plantekarmar ovanfor huset. Der dyrkar eg poteter med hell, og andre vekster med mindre hell. I fjor gjekk sniglar og kålfluger til felles aksjon mot det meste. Men eg berga nokre stakkars, halvt oppetne grønkål.

Så snart eg har hatt mold i kassane er kattane der. Dei sparkar vekk frø, spirer og små planter og skit i veg. Det stinkar katteskit. Stikk eg nevene i jorda er dei fulle av katteskit når eg tek dei opp. Oppå molda ligg inntørk katteskitdroltar og lokkar på brune sniglar som skit i kva dei et, berre det kan etast.

Og er det ikkje katteskit, så er det stanken av kattepiss.

Gløymer me puter i hagemøblane trur kattane at me og har byrja med kattehotell. Det har me ikkje! Høyre dåke!

Det er mest like mange kattar som brunsniglar rundt her me bur.  Men til skilnad frå sniglane, skal det visst vera nokon som beint fram elskar slike dyr. Hundar er greitt nok, eg likar ikkje dei heller, men dei gjer no nytte for seg til jakt, gjeting, blindeføring og greier.

Kattar er det mest nyttelause og meiningslause dyret som finst. Anten ligg dei i ein sofa og prøver å sjå ut som ei pute, elles er dei ute og drit ned hagane til folk.

Eg synest me skulle starta ein storaksjon for å bli kvitt alle hageplager, plantene som står på svartelista, sniglane som raserer bed og åkrar og kattane som skit og pissar. For min del kan me gjerne byrja med kattane.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.