Heggen blømer og lønn veks vilt

Kvitveisen syng på det siste, men heggen står i sin finaste skrud og platanlønn er i ferd med å vinna kampen om Hystadmarkjo. 

Ingen stad er som Hystadmarkjo om våren. Først vert skogbotn dekt av kvitveis og langs bekkane lyser den gule vårkålen som små soler og ute på Russeklubben  er det kusommartid, Når deira vakt er over vert skogtaket over stien måla kvitt av heggeblomar og lufta fyllest av lukta som er søt og herleg ute og som vert omgjort til kattepiss-stank om du tek blomane innom hus.

Skogen er full av fuglesong. I dag føremiddag var bokfinken den dominerande, men svarttrast, måltrast, meiner og finkar blanda seg inni koret, duene kurra med og i hegrekolonoien rett sør for båthamna skreik ein hegre så vakkert han kunne med si håse Tom Waits-stemme. 

Ei kråke gjekk og leitte etter blåskjell i evjesanden inst i Melkevikjo, medan ein vadefugl av ein eller annan art stakk nebbet djupt ned i sanden på jakt etter småkryp og makk. Lenger ute låg ein måse og padla i solskinnet og nytte den stille sundagsføremiddagen.

Kristtornblada er som nylakkerte etter regnbygene som støtt kjem sigrande frå sør og når sola endeleg kjem fram vert skimrar det i kvart eit blad bortover. 

Enno har ikkje svartoren som har gjort skogen til eit naturreservat sloppe blada sine heilt ut. Han er blant dei tregaste til å spretta om våren seinaste til å visna om hausten. Og medan det er ope og lyst mellom orestammene nyttar tallause spinkle  platanlønnar høvet til å strekkja seg opp mot sola. 

Dei er truleg fleire enn svartoren i tal alt, og dei vert mykje større og kraftigare om dei får veksa seg vaksne. Då kjem dei til å ta over Hystadmarkjo, og det kjem til å skje ganske snart, er eg redd. Om få år vil det ikkje lenger vera den største svartoren-skogen i sitt slag på Vestlandet, men ein stor og ugjennomtrengelig lønneskog.

Då spørst det om krissttorn, brakar høge som furer, barlind, ask og anna som veks her i denne fantastiske skogen vil trivast like godt som i dag. Asken er forresten sterkt prega av sjukdom allereie.

I den skjøtselplanen som finst for Hystadmarkjo er platanlønnen nemnd som ein svartelista art som ein må prøva å bli kvitt. Ingen ting tyder på at det er gjort noko for å setja denne planen ut i live, og i mellomtida vert Hystadmarkjo eit lett bytte for ein av dei lokale verstingene på svartelista.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *