Trafikkork på Vikjo! No har eg aldri høyrt!

Eg les på nettet at no vil det bli trafikkork og kaos på Leirvik i eitt år framover.

Nei, det blir det ikkje. Det blir litt venting. Det motsette av kaos.

Det er eit mellombels lyskryss som er sett opp. Dei kallar det regulering. Det er for å unngå kork. Me må venta litt, berre, eller kjøra ein omveg, slik at folk får gjera jobben sin. Det blir ikkje kaos, skjønar dåke.

Slik er det i dei fleste verkeleg byar. Trafikken er ordna, regulert, lagt til rette, slik at alle kjem fram. No har me fått det i Sæ òg, (ikkje på Vikjo, by the way), men hjå oss  er det berre ei mellombels ordning.

Kork vert det ikkje. Folk lærer seg snart å køyra utanom denne bøygen. Eg har alt nesten lært det, men svingar framleis annan kvar gong, på autopiloten, feil veg i krysset der eg må velja mellom vegen om Hystad eller Haga.

Eg har stått i køen og venta nokre gongar. Noko irriterer meg kvar gong eg står i slike bilkøar. Det at så mange sjåførar ventar til bilen framfor dei har kjørt fire-fem lengder, før dei sjølv gidd å sleppa ut kløtsjen. Slik slepper færre gjennom på grønt lys enn det burde. Slik tek alt meir tid. 

Kan henda sit dei og surfar på nettet, eller oppdaterer statusen på sosiale nettverk, eller dei ser på film eller noko? Og så må dei gjera seg ferdige før dei kjører vidare.

Eg lurer litt på om det faktisk er slik. Det hender eg gjer det sjølv.

Folk ser jo ikkje framover lenger og følgjer med på kva som skjer rundt dei og tenkjer på kva val dei skal ta her og no. Dei er i heilt andre vegkryss, ein eller annan stad i oppdikta verder, eller midt i eit val mellom kva ord dei skal tasta inn som svar på ei eller anna melding, eller korleis dei skal stå fram i selfien dei sender frå bilkøen.

Hei, sjå på meg eg e mitt i ein bilkork, altså, osså på Vikjo! Da e heilt gale!

Slik er det med folk som skriv på nettet òg. Dei må velja orda sine. Kork og kaos får fleire klikk enn lyskryss. Rasar og tordnar fangar fleire lesarar enn irritert, sint eller oppgitt.

Eg skreiv ikkje at eg rasa mot sinkene i bilkøen. Eg kunne gjort det. Og eg kjem kanskje gjera det, viss dei ikkje snart skjerpar seg og følgjer med på trafikken og sluttar å laga kø. Då kan det henda at eg rasar, bitte litt, og tek rennefart i mitt stille, men bitte litt rasande, sinn og kjøre rett inn i rævo på di, bakante, mens eg elles står heilt i ro og ventar på grønt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.