Eg gir røysta mi til framtida

Eg gir røysta mi til framtida,
ei lita jente som fyller tre før jul og syng og ler medan ho dansar rundt på golvet
med ei kappe kring skuldrene
slik ho har sett at dei gjer på fjernsynet.
Ho veit ikkje kva som ventar.
Det veit ingen.
Men eg kan gjera det eg kan
for at det som ventar skal vera godt.

Difor gir eg røysta mi til dei
som vil at ho skal få bu i eit land
der ikkje alle kjempar for seg og sitt,
men hjelper og stør kvarandre
både i det gode og det vonde.

Eg gir røysta mi til dei
som vil at alle skal få ta del
i samfunnet sine tilbod
utan å måtta vurdera om dei har råd til det. Velferd skal vera for alle.

Eg gir røysta mi til dei
som vil spleisa på utgiftene
slik at alle får det dei har trong for,
dei som ikkje kallar skatt og solidaritet for ran, men for sivilisasjon og samfunn.

Eg gir røysta mi
til dei som vil byggja skular der alle går i lag, same kva farge dei har på huda,
kor rike dei er, kva dei trur og meiner.
Eg vil at den vesle jenta skal læra
at ingen er betre enn andre.
Me er alle i same båt
og må ta vår tørn ved årene alle saman.

Eg gir røysta mi til framtida
slik at ho som eg elskar så høgt
skal få veksa opp i ei verd der ikkje dei vert hylla  som slår seg på brystet og seier  sjå kor god og flink og rik eg er,
men dei som seier
kom så gjer me dette saman,
kom så blir me sterke hand i hand.

Eg gir røysta mi til skogen og fuglane,
dyra og blomane
og turstigane,
for at dei ikkje skal bli overkøyrde av motorvegar,
og til hav og sjø der fisk får symja fritt,
eg vil gi røysta mi til vinden,
til sommardagar med både regn og sol
og til luft som kan pustast av alle.

Eg gir røysta mi til far min og mor mi
som voks opp utan pengar
og døydde likeeins,
men med rett til velferd, sjukehus og felles goder
og som bidrog med sitt arbeid og sine skjervar
til at dette samfunnet kunne byggjast.

Eg gir røysta mi til henne
som får hjarta mitt til å vilja slå
så lenge som mogeleg
og som gir dagane mine meir lys
enn eg mest greier å ta imot,
og for at ho ein gong skal tenkja,
når eg er eit falma minne
eller ein song ho framleis huskar,
at ho er glad for at eg gav mi røyst til henne slik ho vil røysta for dei som kjem etter seg
og at ho då kan henda vil tenkja som meg at skal me berga denne verda
og det gode livet me lever,
kan me ikkje gjera det kvar for oss
me må gjera det saman,
ta vår tørn,
gi vår skjerv,
betala vårt vesle bidrag
til vårt felles beste,
og til ho som dansar rundt på golvet
og syng og ler.
Difor gir eg røysta mi til henne
og til framtida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.