Om å stela eit namn

 

No skal «Sveisen» verken heita Sveis eller Apply, men berre Leirvik. Smak på det. Tenk på det. Kor jobbar du? På Leirvik. Kor skal du? Til Leirvik.

Kor har du vore i dag? På Leirvik. Kor ligg Rådhuset, Kulturhuset, Borggata, Amfi, Sunnhordlandskaien? På Leirvik. Kor? Leirvik eller Leirvik? Kva meiner du? Sjølv bur eg på Storhaug, med Leirvik som ein av dei næraste naboane. Likevel er det tre kilometer til Leirvik.

Eg tykkjer det er særs merkeleg at ei verksemd sånn utan vidare kan leggja beslag på eit stadnamn, attpåtil namnet på byen i Stord kommune.

Det finst vel ikkje privateigde verksemder som berre kallar seg Oslo eller Bergen og har eigarar frå heilt andre stader?
Eg skjønnar ikkje at kommunen godtek det. Dei kan jo ikkje berre stikka av med namnet på kommunesenteret.

Men no har jo politikarane meir eller mindre avskaffa Leirvik som namn for fleire år sidan, ved å pukka på at byen heiter Stord og at ikkje anna er mogeleg. Dei har altså ikkje vore i verken Hønefoss i Ringerike kommune, eller Florø i Flora eller Brumunddal, ein av fleire byar i Ringsaker kommmune.

Verksemda Leirvik ligg jo ikkje i Leirvik i det heile, ho ligg i Aslaksvikjo. Ho kunne bli døypt om til Aslaksvik. Ho har jo allereie okkupert den vika for mange år sidan og lagt området rundt under seg. Men det aller beste namnet hadde jo sjølvsagt vore Sveisen. Det er jo det verksemda har heitt på folkemunne i alle år.

(Hadde eg vore frisør ville eg starta salongen Leirvik Sveis.)

Lat Leirvik vera Leirvik, altså Vikjo.

Ein tanke om “Om å stela eit namn”

  1. Om det var 1.april i dag hadde eg kåsta på meg eit smil. Men dette er vel ein spøk. Og ein dårleg slik etter min smak!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *