Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!

Her kan de sjå bilete av skulpturane i friluft på Stord.Å smykka ut det offentlege rommet på Stord fører alltid til protestar, motstand, avisinnlegg, underskriftsaksjonar, spitord og spott og uthenging av både kunst og kunstnarar.
Det slår nesten aldri feil, anten det gjeld den stakkars uskuldige spruten på rundingen – som i si tid vakte ramaskrik, og som mange meinte ville gå utover pleietilbodet i kommunen – eller Sissel Tolaas sin skulptur «Storddør» som ifølgje folk var den styggaste og mest meiningslause samlinga av skrot nokon hadde sett.

Berre den store klodongsen som er plassert framfor rådhuset har fått stå i fred for dei som etter eige syn forvaltar folkemeininga og det rette kunstsynet. Dei kan truleg sjå kva skulpturen i Borggarden førestiller utan å bruka særleg tankekraft og fantasi.

Kan henda ser dei det same som meg, to apekattar som står høgt til vers utan lovpålagd sikring og tek i mot ein tung bjelke som burde vore sjakla fast til stroppene som ser ut til å vera firte ned frå ei usynleg makt. Truleg er det eit symbol på dei laster og lidingar Gud legg på menneske, som t.d. møtet med uforståeleg kunst som skjer i augo og ikkje er til å forstå i det heile.

Her kan de sjå bilete og omtala av skulpturane på Stord:

http://www.sunnhordland.no/reportasje/skulpturguide-for-stord-1.1795890

Gamleredaktøren i Sunnhordland, Håvard Hystad, er den kunsten gjer mest vondt. Han skriv og skriv og protesterer og protesterer mot å bruka offentlege midlar på kunst, imot gågater og bilfritt sentrum og alt anna som er nytt, radikalt og uforståeleg for ein som ser verda frå ytre høgre.

Skrapjern kallar han Anders Kjellesvik sin skulptur «Den høgreiste», verken meir eller mindre. Skrapjern. Han har for så vidt rett. Skulpturen er sett saman av skrap, men ikkje jern, det er stål. Same type stål og bjelker som desse to apekattane i Borggarden står og rettar sine feildimensjonerte armar mot.

Har du ikkje lagt merke til desse, Håvard Hystad?

Han tar mykje meir plass den skulpturen. Han kan heller ikkje brukast verken til å klatra i eller sitja på, og er absolutt ingen samlingsplass vorten, slik «Den høgreiste» har ønske om å bli. Ikkje eit menneske vil la seg sjå i nærleiken av apekattane i Borggarden. Difor har også kommunen gøymt arbeidarskulpturen bak høge tre, og no er det ingen som hugsar at han står der lenger.

Han betyr ikkje noko for nokon. Det er den verste lagnaden noko eller nokon kan få.

Eg har aldri forstått denne motstanden mot moderne kunst, han er som ein angst for det ukjente. Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår, ver så snill, eg kan bli sjuk av det. Gi meg heller gift enn kunst. Ikkje la meg lesa dikt eg ikkje forstår, høyra musikk utan reine harmoniar, sjå bilete eg ikkje kjenner att i første augneblinken. Eg likar det ikkje, og når ikkje eg likar det skal for pokker ingen andre gjera det heller.

Det offentlege må ikkje bruka pengar på kunst, er du galen mann! Det offentlege har mykje anna å bruka pengar på, private vaskeselskap, privat helseomsorg, private barnehagar. Det offentleg er til for å gjera nokre folk rike, ikkje for å gje alle kunst og kultur. Kva skal slags samfunn skulle me då fått?

Når eg høyrer ordet kultur, avsikrar eg Browningen (pistolen) min, skreiv den nasjonalsosialistiske dramatikaren Hanns Johst. Han visste korleis det kunst- og kulturlause samfunnet ville bli. Slik vil ikkje eg ha det.

Me må ta vare på Leirvik torg, er omkvedet. Det må ikkje øydeleggjast av uforståeleg kunst.

Torget har me for at stygge salsboder skal ha permanent plass og revyteltet fast sommarresidens. Men aller helst skulle det vore parkeringsplass til alle bilane som burde fått kjøra fritt opp og ned gjennom Borggata.

Sjølv er eg ingen stor fan av sommarrevyane, eg må innrømma det, og eg skjønar ikkje kvifor dei ikkje vert spela inne på Arena. Men eg forlangar likevel ikkje eit forbod mot sommarrevy, ikkje eingong at det vert slutt på at halve torget vert brukt til inntekt for eigarane av Bakeriet Frugård og til sjenanse for dei som bur i husvære i nærleiken.

Kvifor skrik ikkje Håvard Hystad, Sigmund Kroka og andre som no er blitt talsmenn for estetikk, opp om dei falleferdige husa i kvar ende av Borggata, om den groteske bygningsmassen frå Narvesen og oppover til kaisvingen, eller den altfor høge blokka som reiser seg på meieritomta, eller dette overdimensjonerte byggverket med det merkelege namnet Hamnetind.

Her set folk med eitt mål for auga, å tena mest mogeleg pengar, opp hus som er heilt i strid lokal byggeskikk, som vil omforma sentrum fullstendig og som stel utsikta frå naboane. Utsikt dei har betalt for og hatt i årevis, men som no er blitt okkupert av andre.

God utsikt vert selt som ein verdi av dei som byggjer husa, ja, ho er beint fram med å auka livskvalitet.

Difor er utsikta truleg blitt lagt inn i prisen til dei overprisa husværa, samstundes som ho er stolen frå andre med tilsvarande redusert verdi på sine hus og husvære og lågare livskvalitet .

Nei, det er det ingen av desse estetikerane som bryr seg om. Det er det ingen verken nye eller gamle redaktørar som skriv innlegg om. Det er det ingen av dei konservative forvalterane av folkemeininga som hissar seg opp over, dei ganske enkelt skit i det.

Så lenge torget vert fritt for kunst som dei ikkje forstår, og nokon ikkje finn på å setja farge på parken og det steingrå Leirvik, så er det vel ikkje ei sjel dei kjenner som bryr seg om korleis sentrum vert gjort om til ein arkitektonisk katastrofe.

2 thoughts on “Ikkje vis meg noko eg ikkje forstår!”

  1. Med fare for både personangrep og stygge blikk, så vel eg å sei at dette var bra formulert Atle, sjølv om du nok trør på nokre tær i prosessen. Eg ser fram til å sjå dette kunstverket ferdig på torget.

  2. Støttar både innspelet ditt og moderne kunst i det offentlege rom. Kunst som overraskar, som utfordrar auga og fantasien, noko som vekker oss og let oss kjenna eitkvart. Det har ingen vondt av – eller kanskje eg til og med skal tillata meg påstanden: det har alle godt av.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.