Apekattane og eg

Ein skal ikkje vera redd for å vedgå feiltrinn, og å be om orsaking for dei. I løpet av helga har eg skjøna at å skriva om kva assosiasjonar Arbeidsarskulpturen framfor Stord rådhus gir meg, ikkje var særleg lurt. 

Både folk som er samde med meg meiner det var unødvendig, og folk som er usamde og meiner at eg bør vernast mot meg sjølv, slik ein tok til orde for.

I går trefte eg ei kvinne, som sa ho likte det eg hadde skrive, men ved å skriva om desse apekattane, var eg ikkje betre enn han som kalla «Den høgreiste» for skrapjern. Det er eg heilt samd i, sa ho som sat ved sida av meg, og som hadde lese saka før ho vart publisert og meint at eg burde dempa meg.

Ein annan mann ringde og sa at også han tenkte på apekattar, når han såg skulpturen, men han ville likevel ikkje ha skrive det. Det provoserer undødvendig og kan øydeleggja for saka.

Så får eg seia at eg skjønar dennne kritikken og er samd med han, særleg sidan det ikkje kjem fram, noko eg hadde meint å seia, at sjølv om eg ikkje likar arbeidarskulpturen, så krev eg ikkje han fjerna. Eg går ikkje til underskriftskampanje, eller skriv lesarbrev på lesarbrev mot han, nei, for eg meiner at kunst i det offentlege rom er bra og fint og vel verd å bruka pengar på, sjølv om eg personleg tykkjer det er stygt.

Eg har ikkje eingong skrive eitt ord om kva eg synest om «Den høgreiste» som kunstverk.

Det er ikkje det det handlar om.

Det handlar litt om korleis me ønskjer at det skal sjå ut rundt oss, men vel så mykje om at det offentleg ordskiftet i dag er totalt dominert av ei side. Dei som meiner dei har folkeviljen med seg når dei kan visa til 500 underskrifter, eller dei som meiner at partiet deira representerer heile folket, når dei har 14 % bak seg og dei som ser på alt som ikkje høver inn i deira vesle boks er vederstyggeleg.

Eg greidde ikkje teia lenger, eg måtte seia dei imot.

Då eg gjekk ein tur på Vikjo laurdag føremiddag, kvidde eg meg litt til å møta denne folkeviljen. Om han var der, heldt han kjeft. Eit par karar som plar helsa muntert, helste ualminneleg kort, elles var det klapp på skuldra, tommelen opp, ros og godord for at endeleg nokon tok til motmæle. Og dei som sa dette kom frå heile den politiske fjøla, i alle fall frå Høgre og utover mot venstresida.

Så kvifor har me overléte til ytre høgre og dei som ikkje høyrer i andre politiske leirar enn sin eigen, å dominera det offentlege ordskiftet, same om det gjeld kunst, innvandring, religion, samferdsle, miljø, velferd, skule? Kvifor tek så få frå majoriteten ordet og seier desse få med altfor mykje på hjarta imot?

Eg er glad for støtta eg har fått for det eg har skrive, men eg skulle vore så uendeleg mykje meir glad viss mange fleire no tek ordet framover og står fram og seier at me er her, me òg, de representerer ikkje oss med dei fem hundre underskriftene dykkar. 

Om de ikkje vil skriva i avisa, eller ikkje kjem på trykk der, så opnar eg gjerne denne bloggen for gjestebloggarar. Ver velkommen både med og utan æra.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.