Syng, syng syng og ver glad

Eg les at det vert sunge mindre i norske skular no, ja, at songen beint fram er på veg ut av skulen. Har dei gløymt den evige sanninga at å lesa og skriva og rekna er bra, men å få syngja litt, det gjer deg glad?

Svigerfar min fekk nyleg medalje for å ha vore med i Leirvik Mannskor i 70 år. Det er sju år lenger enn eg har levd. Han er 88 no og går framleis på korøving kvar måndag. Han er ikkje den som har vore lengst med i koret.

Seriøs forsking viser at korsong er bra for både den mentale og fysiske helsa. Å syngja er helsebot. Du skal ikkje berre syngja for å bli glad, sjølv om det er viktig nok, men for å bli frisk. Du held deg i vigør lenger ved å vera korist. 

Når du kan halda deg frisk og rask til du nærmar deg nitti ved å syngja i mannskor, kor godt held du deg ikkje då ved å vera i eit blandakor? 

Sjølv har eg mest aldri sunge i kor, men eg har alltid sunge. Det er faktisk noko av det første eg hugsar frå livet mitt, at eg måtte syngja for nokre jenter som budde eit par hus bortenfor oss. Dei stoppa meg i vegen og bad meg syngja og eg song den løgnaste songen eg hadde høyrt: Beibi feis.

Eg syng enno, så ofte eg kan. Storparten av tida syng eg inni meg. Eg går som regel og nyttar lydlaust på ein melodisnutt, anten eg handlar i butikken eller slit meg opp trappene i Fossabrekko. Eg trur ikkje at eg er åleine om å ha det slik. Songen er like viktig for mennesket som talen og dansen.

Ja, for lite er meir menneskeleg enn å dansa. Songen har me felles med både fuglar og dyr.

I barndomsheimen min song me alltid. Skillingsviser, pop, slagerar, salmer, julesongar, country og voggeviser. Mamma spela gitar. Bror min spela gitar. Eg lærte det eg òg, etter kvart. Me kunne samlast på kjøkenet og syngja så det ljoma. Alle song. Pappa song med den stemma han hadde.  Aldri var livet betre.

Då eg i ungdommen fekk jobb på Kjøtteinen som stillasarbeidar, hadde eg legendariske Aksel Kloster som tillitsvald. Han var ikkje berre politikar og fagforeiningsmann, han var også ein av våre første og største stand up-komikarar, meiner eg. Då han byrja på Kjøtteinen og måtte ta det obligatoriske tryggleikskurset, fekk han alle dei kjeledresskledde kursdeltakarane med på allsong av «Tyttebæret oppå tuva» før kurset fekk starta.

Aksel kom rett frå folkehøgskulen og der tok alltid skuledagen til med ein song.

Ein god skikk.

På Skimmeland skule der eg gjekk i ni år, song me kvar dag. Jamvel den uhorveleg strenge og sinte skulestyraren song med oss så ofte han kunne og spela på trøorgelet, som einkvan hadde sabotert ved å få eine pipa til å tuta med konstant.

Han tvang oss formeleg til å syngja, og det var nok noko av det beste med han. Han gjekk langs pulterekken og slo takten i hovudet på oss med ein blyant og song for full hals: «Syng kun i din ungdomsvår, i den lyse sommer. Sangens vel fra hjertet går og til hjertet kommer!»

Me pugga salmer, me lærte songar. Ikkje berre i songtimane. Songen var med oss heile tida. I alle fall hugsar eg det slik. 

No er eg vorten bestefar og bestebadnet mitt ho syng og syng og syng, og ho likar både å syngja saman med oss vaksne, og å sjå musikkvideoar med gamle barnesongar i ny musikalsk innpakning. Ho likar «Hjulene på bussen» like godt som ho likar «Du er elektrisk».

Eg trur ikkje ho er eineståande. Ho er eit menneske. Ho elskar song og musikk. Ho kan ikkje vera menneske utan.

Aldri har vel tilgangen på musikk vore betre enn no. Radioen fløymer over av popsongar. Butikkar, venterom, restaurantar og kafear, overalt er det song og musikk frå høgtalarar med varierande volum. Ofte vert det for mykje av det gode.

Heime høyrer eg berre på musikk, når eg vil høyra på musikk, og radioen står på ein snakkekanal. Også ein god samtale kan vera som ein song i øyra.

Ungdommen syng no som før. Me hadde gitarar med oss ut i holmane, sommarskveldane, tente bål og song. No går det i SingStar og karaoke på barar og private festar. Du får jamvel kjøpa eigne private karaokeanlegg for stova eller soverommet.

Folk syng og syng og syng. Overalt vert det sunge. Til alle tider. Om me er glade eller triste. I bryllup, dåpsfest, konfirmasjon og gravferd, songen høyrer naturleg med. Det er gjennom songen me verkeleg får uttrykt kjenslene våre. Syng og bli glad.

Men i skulen skal me altså ikkje syngja. Der skal me berre rekna og rekna og rekna, og lesa litt og skriva litt på iPaden. Det kan ikkje vera sant. Ikkje eit forstandig menneske vil ta songen frå folk. Ingen kan vel meina at dei kan få til ein betre skule ved å ta vekk musikken, kunsten, kreativiteten, fargane – livet!

Eg tenkjer òg, dersom det er slik at songen vert teken ut av planverket til skulane, treng han likevel å forsvinna?

Er det ikkje framleis opp til lærarane om dei vil syngja med klassane sine? Kan dei ikkje som Aksel Kloster seia at, nei, me kan ikkje byrja skuledagen utan å syngja ein song? Kan dei ikkje sjølv innføra song som obligatorisk start på timen? Kan dei ikkje sjølv gå i bresjen for song og dans i kvardagen?

Ingen vil vel nekta dei det?
For det er jo ikkje reknestykke som gjer oss til menneske, men songen, dansen, bileteskapinga og evnen til å fortelja kvarandre stadig nye eventyr.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.