Isklar musikk og heisvingande hyllest til naturen

Stord jazzklubb tok initiativ til eit samarbeid mellom Stord kulturskule og den mangfaldige og stadig søkjande og utforskande hallingen Terje Isungset. Eit meir vellukka samarbeid mellom ein profesjonell kunstnar, skule og elevar enn «Til naturen» har eg aldri vore vitne til.

Den danske musikaren Peter Bastian skriv i boka «Inn i musikken» at musikk verken er notar, eller kjensler,  sjølv om begge spelar med, men ei kraft som løftar musikaren, ein konsentrasjon og eit flóg som gjer at det er som om du ikkje lenger spelar musikken, men at musikken spelar seg sjølv. Det er kan henda dette Lill Lindfors meiner når ho syng at musikk skal skapast ut av glede. Gleda av å delta i noko eineståande er med og løfter alle som er tilstades.  Meir av denne krafta og musikkgleda enn det me var vitne til og deltakar  i i Stord kulturhus torsdag kveld, kan vanskeleg finnast nokon stad. 

Terje Isungset er i dag kanskje mest kjent for å spela på sine spesiallaga instrument av is, og konserten byrja også slik, iskald og krystallklår som vinterkvelden utanfor, men det heile enda opp som ein sveitt og kokande dansefest som kunne fått den mest botnafrosne musikkhataren til å smelta og sprudla som aktørane på scenen. Heldigvis var det ingen slike i salen, trur eg.

Eg var på Isungset sin is-konsert på Stord for nokre år sidan, og har tidlegare høyrt han både som tradisjonell jazztrommis og med pinnar og stokker og greiner som han også skapar musikk med. Eg har svært stor sans for den opne og leikande haldninga hans, og evnen til å skapa musikk ut av det meste. For om det ikkje var ekte og god musikk som kom ut av desse bjørkepinneranglene og desse is-horna, hadde det han driv med berre vore for tivoli og artig underhaldning å rekna, og slikt som ein får nok av etter å ha opplevd ein gong.

Første del av konserten i Kulturhuset var med Terje Isungset på ulike is-instrument og songaren Maria Skranes. Musikken vart framført på og mellom instrument som var forma og lyssette som skulpturar av is og framfor ein video der lys og vatn gav minningar om både frosne bekkar og nordlysnetter. Musikken var like klår og minimalistisk som det visuelle miljøet, alt passa i hop, alt høyrde saman og trass i tundrakulda på scenen, var det varme og djupe humane kjensler som strøymde ut i salen, også frå surklinga og sildringa frå isboksane dei tre gutane frå kulturskulen bles bobler i, og frå dansen til dei kvitkledde jentene som var med og skapa liv på scenen.
Beint fram umåteleg vakkert frå ende til annan, var denne delen av konserten.

Så var det pause, og deretter eksploderte det heile i eit einaste stor musikalsk fyrverkeri som eg aldri før har vore med på. Jo, eg har høyrt betre band, betre låtar, betre musikantar, og eg har sveitta meir og dansa meire med, men likevel, dette var noko heilt eineståande og stilig. Det einaste eg sakna var å få lov til å dansa med, det var jo mest klin umogeleg å sitja stille. Godt at publikum i alle fall vart inviterte litt med i moroa og fekk laga lydar og rop og rytmiske innslag.

Her var ei mengd av kulturskulen sine elevar på scenen i ulike grupper og formasjonar, det var nesten ingen solo-innslag, det var var samspel frå først til slutt, rytmane var festlege, funky og dansbare, melodiane var folketonale, repeterande, riff-prega, fraser og små tema, meir enn songar, elevane og tonane var sette fri frå notearka med sine rette liner og autoritære taktstrekar, dei hadde alle fått oppgåver nett store nok til at dei greidde seg og vel så det. Fire tonar spela rett, fint og funky er ofte alt som skal til. Det er poenget.

Dei melodiske snuttane var laga på munnharpe, fortalde Terje Isungset, som viste seg å vera ein like så nyskapande munnharpespelar som han er perkusjonist, og som fekk det enkle folkeinstrumentet til å fungera til både melodispel og som ein slags beat-box.

Æra for melodiane si musikalske innpakking gav Isungset til Webjørn Sæther, lærar i Stord kulturskule, jazz-saksofonist og komponist, og ikkje minst medlevande, dansande, smilande og inspirerande dirigent og fest-koordinator. For ein kapasitet Stord kulturskule har fått tak i her! Det var mest like kjekt å sjå han i aksjon framfor dei ulike gruppene, som å høyra musikken.

«Til naturen» var ein velsmakande lapskaus av folketonar, jazz, karnevalsmusikk frå New Orleans og balkansk messingblås og dansemusikk som om Goran Bregdovic hadde hatt ein finger med i spelet. Fest og fyrverkeri, altså. Trommer, song, blås, horn, kor, dans, heimelaga fløyter, bjørkepinnar og skiferstein, datamaskinar og herleg støymusikk i starten, ein funky bassist og ein trommis med jazzkjensle og stort potensiale til å nå langt, ein saksofonsolist med ein uendeleg vakker og velformulert tone, ein alltid nærverande, smilande, dansande, spelande, dirigerande og inspirerande Terje Isungset.

«Dette var så kjekt, at eg får lyst til å flytta til Stord», sa han. Ja, gjer det, Isungset. Gjer det! Kom i alle fall tilbake så snart råd er. I mellomtida satsar me å at Webjørn Sæther og kollegaene hans jobbar vidare med å få kulturskuleelevane til å swinga og improvisera, og neste gong greier kanskje alle å flytta blikka ut av seg sjølv og fram til publikum og tillet bein og armar å dansa med slik han gjorde den eine trommisen på slutten. Han løfta heilt aleine det heile eit lite trinn ekstra.

 Kjekkare har eg knapt hatt det sidan Go Go Bordello spela på Stordfest

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.