Viser, vers og nokre minne frå syttitalet

I eit lesarbrev i Sunnhordland skriv Per Jan Ingebrigtsen om Leirvik og nemner då at han og eg starta vise- og lyrikklubben Fokus tidleg på syttitalet. Det vekte mange gode minne hos meg, og eg tenkte at jammen er det på tide å grava litt av denne klubben si historie fram i dagen, og fortelja litt om kva me dreiv på med i dei åra Fokus ikkje berre levde, men var ein vital del av vise- og lyrikkrørsla på Vestlandet og i Noreg.

 

Kulturklubben Fokus starta opp 1. oktober 1973 som ei vidareføring av vise- og lyrikkgruppa i Stord ungdomslag.  10.-12. desember det året presenterte klubben seg med ei kulturhelg i Museumshallen, då talde  klubben  40 medlemer.

Fokus var ein smeltedigel, ein verkstad, eit ope rom og ein scene der alle fekk komma fram og vart lytta til, men klubben var også eit hår i suppa i lokalt samfunnsliv og ikkje sett på med milde augo av alle stordabuar.

Saman med den store visebølgja døydde Fokus ein gong på slutten av same ti-året som det heile starta. Mange av medlemene hadde reist vekk til utdanning og arbeid. Nokre gjekk vidare innan litteratur, film, musikk, teater, akademia, forlagsverksemd og kulturadministrasjon. Andre vart att og heldt på med sitt. Liknande klubb har Stord aldri sidan sett make til.

Sinte unge menn. Per Jan med bok og eg med gitar. Teikna av biletkunstnaren Jan Erik Wilgohs.

Les meir om Viser, vers og nokre minne frå syttitalet