Mi sjuke mor

Eg ser at bokmeldarane no kårar årets beste bøker, vel og bra, men burde dei ikkje vore ærlege og skrive: dei bøkene me tykkjer er best av dei me har brydd oss om å lesa. For dei har jo ikkje lese og meldt alle, og det er stort sett dei same forfattarane som vert melde år etter år.

Dei aller fleste bøker vert ikkje nemnde, verken i aviser eller på boksider på nett, dei vert heller ikkje lesne av dei som skriv der. Dei aller fleste bøker vert heller ikkje melde opp til Brageprisen, i den pristevlinga er berre eit fåtal vurderte, og kva kvalitetskrav ligg til grunn for utveljinga til P2-lyttarane sin romanpris t.d.?

Så viser det seg jo rett som det er at det er dei unemnde bøkene som lever lengst, medan dei dagsaktuelle – inne i tida – bøkene som alle elskar, døyr når tida deira er over.

Snakkar eg no for mi sjuke mor?
I så tilfelle finst det mange hundre sjuke mødre i dette landet. Det finst langt fleire gode romanar og barnebøker enn dei som alle meldarar og forlag er samde om å pusha. Nokre av dei er også betre enn dei som vinn prisane. Det er eg overtydd om.

Eg  har sjølv lese eit par av dei mest omtala og omtykte bøkene i år,  og kan ikkje forstå kva som gjer dei betre og meir prisverdige enn andre bøker eg har lese, av forfattarar som aldri vert trekte fram. Det gjeld både bøker for vaksne, og for barn- og ungdom.

Eg seier ikkje at dei omtala bøkene er dårlege, eg seier at eg ikkje skjønar kvifor desse bøkene er så himla mykje betre enn andre.

Eg seier ikkje at eg trur at det ligg vennskap og kjennskap og daglegdags korrupsjon bak, i somme tilfelle gjer det det, men oftast er det den gamle regelen som gjeld at dei som har skal få.

Er du kjent frå før, stiller du først i køen når redaksjonane skal velja ut kven som skal få omtale. Kjendisstatus tel mykje meir enn fagleg kvalitet for dei fleste redaksjonar i dag, heilt ned på lokalavisnivå.

Om mine bøker  er prisverdige  er ikkje eg i stand til å vurdera, og det er heller ikkje så viktig. Det er ikkje difor eg skriv. Men eg veit at dei stiller med store handikap i kampen om merksemd, og slik sett er i oppsamlingsheatet saman med dei fleste andre.

Viss du er så heldig å bu i Sunnhordland, kan du t.d. ta deg ein tur på den nynorske bokkafeen i Hellandshuset på Leirvik, og sjå på det store utvalet av rykande fersk nynorsk litteratur på høgt nivå som du aldri har høyrt eller lese om nokon stad, og som du må leita med lys og lykter etter i andre bokhandlarar.

Ta ein sjanse i år, og kjøp ei bok av ein forfattar du aldri har høyrt om. Du kan bli svært positivt overraska.

Ein tanke om “Mi sjuke mor”

  1. I prinsippet har du jo et poeng. Det er bare at tida ikke strekker til til å lese så mange bøker. Da blir det til at de fleste nøyer seg med som har fått et offentlig kvalitetsstempel i form av en pris eller gode anmeldelser. Det må nesten være noen som hjelper oss å sortere i det store utvalget.
    Vedr. p2-lytternes romanpris hevder de at de vurderer samtlige utgitte romaner før de kommer opp med kortlista. Og det var en (for mange) ukjent nynorskroman som NESTEN vant…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *