Eg ve te Bergen

 

Lars Slettebø sitt klistremerke mot Trekantsambandet.

Lars Slettebø drøymer om nye fylkesgrenser og vil ha Bømlo, Stord og Sveio inn i Rogaland. Etne òg, reknar eg med, men ikkje Tysnes og Kvinnherad, viss eg skjønar han rett. Dei får halda seg til denne nye regionen som førebels heiter Vestland. 

Årsaken til at Slettebø ønskjer ei deling av Sunnhordland har med oljerikdom og kommunikasjon å gjera, eller rettare sagt Trekantsambandet og det kommande Rogfast. Bruene og Bømlafjordtunnelen har gjort det lettare å reisa sørover. Sunnhordland og Nord-Rogaland er no vorte ein stor arbeidsmarknad og handelsmarknad, nesten som eit mini-EU. Eitt av dei rikaste områda i Noreg og Verda er det også. Endå rikare vert Rogaland om stordabu og bømling blir med.  Då vert stor-Rogaland truleg rikt nok til å finansiera heile Noreg, medan bergensarar og sogningar i Vestland vil slita med å få endane til å møtast.

Sentraliseringa

Trekantsambandet har ikkje berre gjort det lettare for oss sunnhordlendingar å køyra til Haugesund og Stavanger, og lettare for dei sørom Bømlafjorden å køyra over Stord og nordover til Bergen. Leirvik er nesten ingen av dei innom, og handlesenteret på Heiane har vendt ryggen til dei reisande. Snur dei hovudet til høgre, på veg nord, ser dei berre ein lang og lukka vegg.

Med Trekantsambandet kom også ei sterkare sentralisering av offentlege tenester, snart er alle statlege funksjonar vekke frå Stord, Haugesund har overteke meir og meir, og har ein våt draum om at Sunnhordland skal bli ein del av nyskapinga Haugalandet – ein region som ikkje eksisterte for berre eit par tiår sidan. Første stega er tekne.

Sunnhordland Kraftlag la seg sjølv under Haugaland kraftlag utan at nokon løfta på eig augnebryn. Stord sjukehus ligg under Helse Fonna som vert styrt frå Haugesund. Politiet er no lagt inn under Sør-vest politidistrikt og styrte frå Stavanger.

Skattekontoret stengde og flytta til Haugesund i fjor.

Leirvik har snart ingen regionale funskjonar att. Nav er her, og er vel den einaste statlege tenesta som framleis er organisert etter dei gamle fylkesgrensene.Slik sett kan me berre leggja oss inn under Rogaland med det same. Det ville faktisk kunne gjort mykje enklare og meir effektivt.

Han som kjempa mest ihuga mot Trekantsambandet var Lars Slettebø. Den kampen tapte han. Eg trur kanskje at han taper kampen for oppløysinga av Sunnhordland som region òg. Eg håpar i alle fall det, sjølv om alt er lagt til rette for at Lars skal få det som han vil.

Eg ve te Bergen

Eg har budd i både Bergen, Stavanger og Haugesund. Haugesund vil eg helst gløyma. Der må ein vera fødd for å trivast, men i Stavanger var det fint å bu og kjekt å vera. Lette folk å vera saman med, likatil og opne. Eg har berre gode minne der ifrå.

I Bergen kjende eg meg likevel meir heime.  Det var meir av meg i språket, tonefallet, humoren, maten, brødet, ja, brødet. Wittenbergar og skillingsbollar finst berre her i Hordaland –  og skikkelege grovbrød. Eg trivst framleis svært godt i Stavanger, men Bergen er min by. Stavanger er inga løysing for oss, og Haugesund styrer me unna så godt me kan. Eg ve te Bergen.

Skal fylkesgrensene trekkjast på ny, må det vera for å skapa eit verkeleg Vestland, der alle noverande vestlandsfylke er med – i alle falld ei tre sørlegaste., Administrasjonssentrum kan ikkje vera lagt til ein avsides plass i indre Sogn, slik planane no er, men til Bergen som trass alt er lettast å komma til for dei fleste av oss, til og med sogningar. 

Men det kan ikkje vera ein totalt sentralisert region heller, i ei ny administrativ ordning må dei små regionane verta tekne vare på. Det har med både identitet, historie, språk, mangfald, kultur og demokrati å gjera.

For meg er språket viktig

Før var det sjøen som både batt oss saman og skilde oss. Det kan ein høyra på dialektane. Det finst ikkje  éin sunnhordlandsdialekt, på sørsida av fjorden seier dei det og tri og him og høyrest nesten ut som nord-rogalendingar. Men berre nesten. Du høyrer framleis skilnad på ein frå Etne og ein frå Karmøy. Nordom fjorden er tonefallet ein stad midt mellom Bergen og Haugesund. I Stavanger trur folk eg er haugesundar, i Bergen òg. Då eg var liten snakka dei med rulle-r på Bremnes og Fitjar og skarra lenger sør (då mor mi var lita rulla dei truleg over alt her). No skarrar alle. I Nordhordland er snart dialektane vekke. Der snakkar alle ungar eit slags bergensk, trass i at dei har nynorsk på skulen.

(Liknande har hendt i endå større grad på Austlandet. Bymål har overteke for bygdedialektar. Det finst ikkje ein unge i Hallingdal som snakkar dialekt lenger. Eg veit det, eg har vore på alle skulane der og fått det fortalt. Jo, forresten det var éin, langt oppe i ein sidedal, men han ville ikkje vedgå det.)

Skilnaden på bømling og stordabu vert stadig mindre og du skal lytta godt etter for å høyra at fitjarbuen sin dialekt peikar nord over Selbjørnsfjorden. Eg trur ikkje ungane på Bømlo og Storden så snart vil byrja å snakka haugesundsdialekt, men dersom Sunnnhordland i framtida skal delast opp og hamna i ulike fylke, og me i ytre luten skal hamna heilt i utkanten av Rogaland, utan nokon som helst identitet og historie som knyter oss til folk og språk i sør, og verta styrte av dei nynorsktalande nynorskhatarane i Haugesund og Stavanger, så er eg redd for at både Sunnhordland, sunnhordlendingen og sunnhordlandsmålet – som mange meiner er Noregs vakraste dialekt – vil forsvinna. Det same vil nynorsk.

Difor kan eg ikkje støtta Lars Slettebø. Du kan kalla det sentimentalitet. Du kan kalla det romantikk. For meg er likevel identitet og tilhøyrsle, språk og kultur, for viktig til at ein berre kan gi det på båten. Eg trur ikkje eg er den einaste som har det slik. Eg håpar i alle fall det.

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.