Valevågen – om mogeleg endå verre

Heile området frå Hystadøyane til Hovaneset må vernast mot utbygging, men å byggja ferjestø i Valevågen er om om mogeleg eit endå dårlegare alternativ enn Sævarhagsvikjo. Der er det først og fremst båthamna som får tida, i Valevågen er det den eineståande naturen og miljøet rundt.

Valesundet.

For mange år sidan fortalde Isak Grov meg at Valevågen er ein av dei gamle kastevågane, der det vart kasta brisling i gamle dagar. Han fortalde også at straumtilhøva kring Hystadøyane hadde endra seg svært etter at Leirvik Sveis, som det då heitte, fekk byggja kai langs vestsida av vågen, noko som gjorde at garna hans no rann fulle av skit.

Men om straumtilhøva har endra seg og det stundom både ligg båtar og lekterar ved kaien til «Sveisen», jagar framleis lyren brislingstimane inn i den grunne vågen på seinsommeren, og eg har sjølv fanga brisling i bøtte der når stimen vart jaga heilt inn på torva under ei springflo.

Det er gresseleg grunt utover, noko ein kjenning fekk erfara då han ankra opp motorbåten ein sein laurdagskveld, då han kom frå Kvinnherad og tenkte han skulle overnatta i båten i staden for å gå heim. Han vakna på turra landet, og då han stakk hovudet ut av kahyttdøra kunna han helsa på folk på veg inn i Hystadmarkjo på søndagstur.

Mellom vågen og gjenngroingstjørna Straumen renn ein brakkvassbekk vekselsvis ut og inn med flo og fjære. Både kråke og hegre likar å beita her, den første på blåskjell, den andre på småfisk. Langs vågen er ein rik flora, her veks hegg og nyperoser, strandstjerne og bjørnebær og mykje anna. Havsikakset har snart overteke Straumen. Varmekjære lauvtre, villapal, kristtorn og fure trivest godt her. Bergfletta slyngjer seg kring trestammene. Strandlauken har funne seg ein tilhaldsstad ikkje langt frå sjøen og vert fleire og fleire år for år.

Ovanfor steinfyllinga på austsida ligg ei mest inntakt gravrøys frå bronsealderen.

Porten til ei perle

Valevågen er porten inn til både Hystadmarkjo og det store, flotte friområdet som strekkjer seg frå Hystadøyane og heilt sør til Sævarhagen. Her er badestrender, svaberg, fiskestader, tettvaksen skog og fritt utsyn.

Før var det stort sett folk frå Hystad som kjende til desse perlene og brukte dei. Så vart det narturreservat og friområde og ein tursti som har ført at Hystadmarkjo er vide kjent og vert valfarta til av både badarar, naturelskarar, turgåarar og botanikarar. Sjølv har eg hatt den store gleda å ein gong gå gjennom Hystadmarkjo saman med botanikk-legenden Knut Fægri, han som oppdaga Storsøy si unike planteverd og som tok med seg studentar for å sjå den eineståande Hystadmarkjo òg. Eg hugsar godt kor himmelfalne nokre av botanikarane han hadde med seg på turen vart då dei såg dei store brakebuskane, eller -trea, og den høge kristtornen langs stien mellom Valevågen og Apalvikjo.

Ikkje berre botanikarane finn ting å studera her, her er både bronsealdergraver og spennande geologi i området, og går ein stien til endes kjem ein til kolerakyrkjegarden som ein gong vart lagt lengst mogeleg frå folk.

Galskapen

På sekstitalet skal det ha vore planar om å laga flyplass i Hystadmarkjo. Galskap, seier folk i dag.

At nokon kunne tenkja på noko slikt! seier me og ristar på hovudet av eldre tiders dumskap, medan me prisar oss lykkelege over at Hystadmarkjo er verna for all framtid.

Trudde me.

Men så viser det seg at det også i dag er politikarar som set samferdsle framfor natur og miljø. Så viser det seg faktisk at det finst folk som i fullt alvor planlegg å øydeleggja Valevågen, for at nokre få kvinnheringar skal komma seg nokre fattige minutt raskare til Bergen og Stavanger, eller kor dei skal. Leirvik er det i alle fall ikkje, for dit er det raskast å ta snøggbåt, same kor mange ferjer ein får, og sjølv ordførarar Sjo Slettebø og næringslivsleiarar må kunna gå frå kaien og opp til rådhuset. Det er kortare enn å køyra bil og parkera i Sæ.

Å byggja ferjekai i Sævarhagsvikjo trur eg jamvel den utflytta stordabuen Peder Sjo Slettebø forstår er umogeleg å få gjennom, difor lanserer han og kompaniskapet hans Valevågen og håpar på at den staden er det ingen som kjenner verdien til.

 

Eg vil til Sunde

Men det gjer me som går der nesten dagleg, det gjer alle oss som bur i området og vert offer for biltrafikken – og me er truleg langt fleire enn alle som bur på Halsnøy tilsaman. Eg  skulle også tru at dei som driv med industriverksemd på «Sveisen» vil finna det umogeleg å ha eit stadig renn av ferjer der dei skal ha lekterar og lastebåtar liggjande ved kai.

 

Me har ferjekaiar på Stord. Me greier oss godt med dei. Det er meiningslaust at me skal ofra eineståande naturområde for å gjera nokre kvinnheringar med dårleg tid glade. Det er like meiningslaust som at eg skal be bøndene på Sjo ofra jorda si for at eg skal få ein breiare veg å køyra på over  Halsnøy. Det vil eg ikkje heller. Eg vil ta ferja direkte til Sunde/Opsangerneset og komma meg til fastlandet den vegen, og då kan eg like gjerne ta ho frå Jektevik som frå Skjersholmane.

2 tankar om “Valevågen – om mogeleg endå verre”

    1. Heilt einig, Atle! Forslaget om Klosterneset på Kvinnheradsida er like forkasteleg. Eg trur ikkje dei som har noko med det veit kva dei snakkar om.
      Hovudargumentet deira er reisetida. Her ser dei bort frå at framtidige ferjer – som nødvendigvis snart må byggjast – vil vera monaleg raskare enn dei som opererer no.

Legg att eit svar til Per Olav Kaldestad Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *