Å fiska for fellesskapet

 
 
Eg les den islandske, uvanleg gode, forfattaren Jón Kalmann Stefansson sin roman «Omtrent på størrelse med Universet», eit framhald av «Fiskene har ingen føtter», dei handlar om to gutar sin oppvekst i Keflavik i handre halvdel av førre hundreåret. Det er bøker om venskap, popmusikk, seksualitet, litteratur og sterkje kjensler, men og om slekta, om moderne islandsk historie, om fattige fiskarbønder på Islands vêrharde og ugjestmilde austkyst. Ein av dei er den legendariske fiskarbasen Oddur som fiskar for fellesskapen, som fiskar for at den unge staten Island skal kunna byggja skular, sjukehus og vegar. Ikkje minst vegar, slik at folk kunne komma seg over fjella, frå fjord til fjord, frå eine bygda til den andre, utan å risikera å frysa i hel i snøstormane om vinteren, slik at også dei som budde ute på småstadene skulle kunna kjøra bil, skulle kunna ta del i moderne teknologi og samfunnsutvikling, slik at alle fekk dela samfunnsgodene og framtida.
 

Skulle det moderne samfunnet byggjast måtte alle bidra med sitt, då måtte alle ut og jobba og slita og henta heim torsk og sild og gjerne ofra livet sitt for at andre skulle få det godt. Så fortel romanane også om notida, der nokre få eig fiskekvotane, der fiskebruka er nedlagde, der både arbeid og folk – og ikkje minst dei amerikanske soldatane – er vekke frå Keflavik og Sudurnes, der bankane har gått konkurs grunna vitlaus spekulasjon, der nasjonen ligg svimeslegen med øydelagd økonomi og fordi dei med makt og pengar tenkte mest på seg og sitt og personleg vinning. Eg les dette og tenkjer på min eigen oppvekst med ein sosialdemokratisk far som alltid sette fellesskapet i framsetet, samfunnet og samhaldet, som lærte meg å forstå at det moderne velferdssamfunnet er finansiert gjennom vanlege folk sitt arbeid, sine bidrag til felleskassa, gjennom skatt og avgifter og hardt arbeid – gjennom solidaritet.
 
Og eg tenkjer på arbeidsfolk i dag som set sin eigen personlege rikdom og fridom i høgsetet, som stemmer på Høgre og FrP som har til program og føremål å avskaffa fellesløysingar og velferdsordningar for alle og predikerer saligheten i den individuelle fridomen, dei personlege vala, dei private løysingane, som ikkje vil ha fagforeiningar, ikkje vil ha organisering, ikkje vil ha lik løn for likt arbeid, men den løna du greier å smiska deg til eller tuska deg til eller liggja deg til – og skatt er for finansministeren i Noreg det same som å stela pengar frå folk (at ingen har vore så avgifts- og skattekåt som henne, er no ei anna sak, og greitt nok for veljarane hennar som lever etter visdomsordet at om ei løgn vert sagt mange nok gongar vert ho til sanning).
Høgrekreftene vinn fram overalt.
 
I liksom-venneflokken min på Facebook er det vanlege arbeidsfolk som står for – og fremjar – haldningartil samfunn, likskap, solidaritet og ikkje minst til framande folk og kulturar, som det hadde vore uråd å seia høgt for berre få år sidan, utan å bli sett på som anten ein komplett idiot eller som ein som høyrde heime på den ekstreme høgresida – eller begge deler.
Men no er løgnene sagt så mange gongar at folk tek dei for god fisk og det ekstreme høgre sit i regjering og lengtar etter samarbeid med andre av same sorten i andre land. Fascisten Donald Trump er helt i sentrale Frp-krinsar.
 
Dei av oss som meiner at me framleis må fiska for fellesskapen, som meiner at skatt er av det gode, som er for omfordeling av samfunnet – dvs folk – sine inntekter slik at alle kan ta del i samfunnet på likefot, som trur at personleg fridom stundom må ofrast for at alle skal få det godt, me er dei som vert på som idiotar i dag, som ekstreme, som gammaldags og som heimehøyrande i kompostbingen saman med lakseavsfallet til småkongane på Onarheim og slike plassar som trur at dei tener fellesskapen best ved sjølv å bestemma kor pengane skal brukast og kven som skal få sitja ved festbordet og bli glad og fornøydde og lovprisa den personlege rikdommen og spekulasjonsøkonomien så lenge dei får servert ein grilla laksebit på eit plastfat ein gong i året. På Stord er det private entrepenørar som regulerer heile kommunen og bestemmer kor hus skal byggjast og varer seljast og politikarane spring etter dei og jublar og klagar til kongen om dei ikkje får det som han vil, medan pressa vekselvis applauderer og held seg for munnen i tilfelle det skulle komma eit kritisk spørsmål fram i rein vanvare.
 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.