Er det lov å gjera feil?

Det er lov å gjera feil i dette landet, seier statsministeren 
når ein av hennar menn drit seg ut. 
Husk det, folkens. 
Det er lov å gjera feil i dette landet, 
men ikkje for deg,
berre for dei ho velsignar, 

det gjeld sjølvsagt ikkje ein stakkar unge som har flykta frå fattigdom, krig og terror og gjev feil opplysningar i frykt for å bli sendt heim att, 

det gjeld ikkje for ei mor eller ein far som har gitt alt for å gje borna sitt eit verdig liv og difor ikkje seier heile sanninga, 
redde for å bli avviste på dørstokken til det landet dei har høyrt er det beste i verda, 

det gjeld ikkje for dei som kan henda ikkje er heilt sikre korkje på kor gamle dei er, eller kor dei er fødde, men som tek ein sjanse. 

For dei er det ikkje lov å gjera feil, endå feilen kanskje vart gjort for tjue år sidan, og dei sidan har jobba og arbeidd og skatta og gjort sitt beste for å verta ein del av samfunnet dei er så heldige å leva i. 
Nei, dei skal ut. Helst med første fly.

Feil har berre ministrar lov å gjera,

dei treng ikkje eingong følgja regjeringa sin politikk, 
dei kan handla som dei vil, 
særleg viss dei før har vore fulle på Stortinget sin talarstolen,
skalla til asylsøkjarar,
håna druknande menneske og ønskt dei god reise,
og elles oppført seg som ei lita bølle i tid og utid,
ein slik mann kan kan pissa på sjefen sin,
så alle ser og skjønar,
og ho vil berre seia, 
det er lov å gjera feil i dette landet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *