Møteplass, scene og fargerik skulptur

 

Kunstnaren Anders Kjellesvik seier at han får mykje ros og godord frå folk som kjem bort og preiker med han på torget. For tida ferdigstiller han både den omstridde skulpturen og er med og monterer Statens høstutstilling i Oslo. Han er sjølv juryleiar for utstillinga.

– Dette er ikkje berre ein skulptur, det er ein liten scene og eit lite amfi til å sitja i. Ein stad å treffast og kanskje ha små møte, seier Anders Kjellevik då eg uroar han i ferdigstillinga av den omstridde skulpturen «Den høgreiste og havet» på Leirvik torg.

Etter å ha lese ein del av kommentarane på Facebook om skulpturen hans, skreiv eg ei oppdatering på mi eiga side der eg oppmodar fleire til å ta til  motmæle mot det evinnelege gnålet frå desse som hatar alt frå bompengar og muslimar til moderne kunst.

Det låg der ei stund før eg fjerna det, og tenkte at eg i staden ville ta meg ein tur til Leirvik og sjå dette som mange har kalla for skrapjarn og det som verre er.

Eg vedgår at eg har vore skeptisk sjølv, særleg til fargevalet og storleiken, og skulpturen er verkeleg større enn det eg hadde trudd. Då eg kom til torget stod kunstnaren sjølv midt i verket sitt, og hadde nyleg snakka med eit eldre par då eg kom bort.

– Ja, her er det full fart med folk som vil snakka og kommentera heile tida, seier han.

– Mykje kjeft å få?

– Nei, tvert i mot, mykje ros, særleg frå eldre menn, gjerne pluss 80. Dei synest det er kjempeflott.

Ein av desse eldre herrane kjem bort medan eg står der òg, eg skal ikkje nemna namn, men eg har ikkje færre fordommar enn at eg trudde han var ein av motstandarane mot skulpturen. Men slett ikkje, han synest den er fin, men kunne tenkt seg fargar på fundamentet òg.

– Vent til han er ferdig og matta rundt er kommen på plass, då tenkjer eg du vil sjå annleis på det, seier Anders Kjellevik. Han fortel at denne mjuke matta til å falla på har vore med i planane hans frå før han vann konkurransen om å smykka ut torget.

– Folk trur at det er noko eg har kome på som svar på kritikken mot skulpturen, men dette har vore min plan heile tida, seier han.

Eg fortel om min skepsis til fargevalet og storleiken, men at eg òg tykkjer at han lyser opp i eit elles grått og stygt uterom som frå før er prega av langt frå vakre salsboder. Kjellesvik kommenterer ikkje dette, men viser meg heller ei side av skulpturen som eg ikkje før har sett er  verken  kommentert eller fortalt om.

– Dette er også ein liten scene og eit amfi, eit rom der folk kan møtast, seier han og då ser eg det òg. Her kan det haldast konsertar, her kan folk sitja på både fundament og bjelkar og lytta til musikk eller preika med kvarandre, eller berre slappa av med seg sjølv. «Den høgreiste og havet» skaper eit nytt rom i uterommet.

På Facebook har eg lese folk som meiner at dei personleg skal syta for å flytta dette skrapjernet tilbake til Eldøyane og opphogging. Eg spør difor Anders Kjellesvik om han er redd for at nokon skal gå laus på kunstverket hans.

– Komma med bulldosar, meiner du?

– Eller gå berserk med ein vinkelslipar eller tagga det ned.

– Det er solide saker, veldig slitesterk maling og lett for kommunen å vedlikehalda, så eg trur det skal gå bra, seier kunstnaren som er både glad og takknemleg for all støtta og hjelpa han har fått.

– Dette er ein stor dugnad, og det er eg glad for, seier Anders Kjellesvik som er busett i Oslo og pendlar att og fram mellom montering av skupturen på Leirvik og Statens høstutstilling i Kunstnernes hus i hovudstaden.

Biletkunstnaren frå Nysæterneset er nemleg juryformann for denne norske prestisjeutstillinga. Inga lita oppgåve det og minst like utsett for kritikk som Utsmykkingskomiteen på Stord og deira prioriteringar og plasseringar.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.