Herlege lubbenissar

Eg har vore i Ungdomshallen og sett «Lubbenissane». Ei beint fram genial lita førestilling som langt fleire burde få sjå.

 Bjørn Arve Lunde -Fjellgardsnissen, Tomine Tvedten- Litlelubbenissen. Mette Solemdal- Go`lubbenissen    Helle Frugård Johnes –Pittelitlelubbenissen, Fridar Malmsten Steinkopf-Lurelubbenissen og Vidar Vedå-Vikjolubbenissen

Eg vedgår at eg var bittelitt skeptisk i utgangspunktet, sjølv om eg hadde høyrt at Bjørn Arve Lunde og lubbenissane hans var koseleg og morosamt, men etter å ha vore i Ungdomshallen i dag finst det ikkje ei bittelita, rong maske skepsis att.

Denne vesle julemusikalen er beint fram genial. Her er god humor for små og store, her er flott musikk, både song og orkester, her er tøys og alvor, sentimentalitet, skrekk og gru, absurditet og romantikk, lått og løye og ikkje rett få tårer. 

Sjølv om Lunde har laga eit stykke med svært lokal tilknytning, kan det utan problem spelast alle stader nokon veit kva ein nisse er og kor fint det er med mjuke, varme pakkar.

Ungdomshallen er liten, men stor nok likevel. Det vert intimt og tett på og lett å trekkja publikum inn i show og spetakkel.

Scenografien er eit meisterverk, kort og godt. Song og spel strøkent av både unge og gamle aktørar. Melodiane kjende eller lett gjenkjennelege. Lyset fint. Å sleppa mikrofonar er herleg.

Det einaste bittelitte klagemålet mitt er på dramaturgien mot slutten, eg skulle så gjerne ønskt at Pittelitle Lubbenissen vart den som jaga skumle bergensrapparar og tristesse vekk  og at den minste i flokken vart den store helten som gav nissane tilbake trua på framtida og varme lubber. Men det er mitt syn.  

Det er altfor gale at det ikkje skal framførast fleire gongar før jul, det kunne vore spela kvar kveld og kor som helst. Lubbenissane overgår det meste anna som er laga av julespel og nisseshow.  

 

Viss verkemsemdene på Stord vil gje ei god julegåve til sine tilsette, kan dei kjøpa framsyningar av Lubbenissane, (viss dei er til sals), eg kan ikkje tenkja meg at det er nokon, unge eller gamle, som ikkje vil trampa takten, klappa og syngja med – og håpa at ein av nissane kjem og hentar dei opp på krakken og gjer dei ein god krakkakos. (Eg fekk ikkje, så!)

Ekstraframsyningar bør bli eit folkekrav.

Takk til heile gjengen. Eg kjem att neste år.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.