Klar til å ta mi vakt

 

Eg trur det må ha vore eit anfall av eufori,
at eg var uvanleg oppstemt og lett til sinns og 
hadde fått ei ikkje heilt daglegdags tru 
på meg sjølv og framtida,
for då eg hadde vore med på den store folkefesten 
som starta med avduking av Den høgreiste 
på Leirvik torg og sidan heldt fram med 
Storapride, der tusenvis av glade folk gjekk i 
tog for å feira mangfaldet til menneskeslekta, 
og like mange stod langs ruta og smilte til oss,
og eg hadde gått saman med yngre musikarvenner 
og sunge All You Need Is Love, 
endå eg ikkje likar The Beatles, 
så då eg etterpå gjekk opp Borggata, 
passerte eg Sosialistisk Venstreparti sin stand 
og eg sa at til kommunevalet neste år 
kunne dei godt setja meg opp på lista.




Foto: Jørn Olav Myhre


Eg var ikkje eingong medlem i partiet,
eller noko anna parti for den saks skuld,
som journalist gjennom 30 år har eg styrt unna
det meste av medlemsskap,
for å halda stien mest mogeleg rein
og vera gild og grei 
i dei sakene eg skulle skriva om,
men folk har nok visst kor eg høyrer heime,
eg har ikkje greidd å løyna det,
og no, utan å tenkja meg særleg om,
tok eg kort og kontant parti,
og melde meg på som politikar.
Dei smilte og nikka og såg ut til
å tykkja det var greitt, dei skulle
ha meg i mente.

Eg høyrde ikkje meir frå SV-kanten,
før eg sat med kjærast og gode venner
på ein utestad i Krakow fleire månader seinare,
og fekk ei melding på mobilen med bilete av
framlegget til Stord-SV si liste til kommunevalet.

Eg var ført opp på kumulert tredjeplass.
Det var rett før eg fekk den særs velsmakande
matbiten eg sat og togg på, i halsen.

I dag har SV fire inne.
Ein tredjeplass fører deg ganske sansynleg
inn i kommunestyret, side opp og side ned med
sakspapir og lange møte med ørkeslause ordskifte,
meinte dei eg var i selskap med.
Vil du verkeleg det?

Vel, kva skulle eg svara?

Har du sagt A, har du eigentleg berre sagt A,
 no måtte eg altså seia B
og ta konsekvensane av det.

Helt i fest og eufori, er lett for alle å vera, 
helt i kvardagen, er verre å vera, 
og ikkje minst å verta.
Men eg har alltid sagt at du lever så lenge du lærer, og den dagen du ikkje har lært noko nytt, er ein ganske bortkasta dag.

No har eg altså sjansen til å læra noko av det viktigaste som finst, å ta aktivt del i styringa, skapinga og forminga av samfunnet eg lever i, 
og framtida 
som ikkje kjem til å bli så overvettes lang 
for min eigen del, men som eg ønskjer skal bli lang og lys og leveleg for etterkommarane mine.

Det er den viktigaste grunnen til at eg har valt å engasjera meg, å bidra så godt eg kan til å gjera framtida leveleg for alle.

Kan henda har ikkje ein kommunestyre-representant på Stord så mykje makt i så måte, men saman med andre med same, eller liknande, ståstad og samfunnssyn, har eg det.

Så sant eg ikkje vert stroken ut av lista,
og eg får nok røyster til å få plass i kommunestsyresalen, skal eg gjera mitt beste for å jobba for mangfald både i naturen og mellom menneska.

Eg er for likeverd, økonomisk likskap og rettferd, gode offentlege tilbod innan helse- og sosial, skule og kultur, samferdsle og samfunn i det heile.

Eg ser på betaling av skatt som ei solidaritetshandling, og uttrykk for sivilisasjon og kultur, og ikkje som høgresida, tjuveri og sugerøyr ned i folk sine lommer.

Eg meiner at vern av truga natur og miljø, sjølv dei minste kryp, er viktigare enn breie vegar, bruer og asfalt.

Eg ser på tilbod og tilgjenge til kunst og kultur som avgjerande for menneskeleg lukke, velferd og helse.

Eg er tilhengar av nærdemokrati og små einingar og at folk flest skal ha eit ord med i laget.

Eg er mot alt som smakar av undertrykking og autoritære haldningar og praksis,
eg er ikkje tilhengar av nokon religion, dei er alle skapte lenge før vitskapen forstod og forklarte oss korleis verda vart til og heng saman, men  eg meiner at folk må få seia og tru kva dei vil så lenge det ikkje er oppmoding til krig, vald og brotsverk mot menneska. 
Vil me ha trus-, tale-, tanke- og trykkjefridom for oss sjølv, må me også gi det til andre.

Sidan eg vart engasjert i politikk og samfunn i tidlege tenår, har eg hatt 
heimen min på venstresida,
og sjølv om eg ikkje alltid er samd med det SV går inn for, eller meiner, 
er det likevel dette partiet eg er mest samd med
og som oftast har fått røystene mine ved val.
Raudt har eg også støtta stundom ved fylkesvalet,
men partiet sitt leninistiske opphav og arv
gjer at eg ikkje har kjent meg heime i den flokken.

Eg veit ikkje om eg kjem til å lika dette,
eller om eg kjem til å gjera ein god nok jobb,
eller om eg har tålmod nok og talegåvene som skal til, og evnene til å setja meg inn i sakene 
eg må meina noko om.

Eg har eigentleg aldri sett på meg sjølv som ein politikar, eg har ikkje eingong alltid hatt stor tiltru og tillit til politikarar,
og eg har det ikkje heller no, ikkje til alle i alle fall, men til nokon har eg det.



Eg har t.d. veldig stor tru på, og tillit til, Stord SV sin førstekandidat,
Hilde Hauglid. Eg har kjent henne lenge. Me er gode venner og eg gler meg til å få lov 
til å vera på hennar parti.
Ho har stor samfunnskunnskap, er fordomsfri
og open og har talegåver og humor og klokskap og det som skal til.
Dessutan har ho framifrå musikksmak,
og har fått meg til å lika The Smiths.

Eg meiner ho bør bli ordførar i Stord.
Ikkje for det, Gaute Epland gjer jobben sin han,
men han høyrer ikkje til mitt parti,
og Hilde Mathea Hildal Hauglid er altså min kandidat, og henne støttar eg fullt ut.

På same viset som eg støttar fullt ut
dei andre på Stord SV si liste,
flotte folk alle saman, truleg betre eigna til ein plass i kommunestyret
enn meg, mange av dei.


For å bruka litt store ord: 
Me har alle både plikt og rett til å ta del i
politikk og samfunnsliv, no har eg endeleg høve til å ta mi vakt for demokratiet og for framtida.

Eg håpar at mange nok røystar på meg.



 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.