Om martaum, maneter og Sponavikjo

Dersom du ikkje vassar rundt i ålegraset, slepper du lettare unna tentaklane til brennmaneta, opplyser kommunelege Sørheim i Sunnhordland. Jo, han kan ha rett i det. I førre veke snorkla eg rundt på nordsida av moloen i Sponavikjo, det var storparten av tida ein strabasiøs kamp med ein tett skog av martaum (som er det offisielle namnet på det Sørheim kallar ålegras). Heile Sponavikjo er full av desse lange algene, og det er mindre og mindre plass å bada på. 

Utanfor rullestolrampen er martaumskogen tettast. Der er det berre eit lite område med sandbotn til å bada på, og det er totalt uframkommeleg for rullestollar, om nokon skulle prøva å komma seg uti i ein slik stol. Sjølve rampen er også attgrodd med tang, og rekkestøttene er ganske vaklevorne. 

Utanom grasbakken, og kan henda stranda over flomålet, er det ingen som lenger ryddar opp i det som må kunna kallast Stord si bystrand. Andre byar lagar til sentrale strender og badeplassar til glede for både fastbuande og turistar. Leirvik har ei slik strand frå før, som etter det eg kjenner til, vart laga til av ein velforening for over eit halvt hundre år sidan. 

Då var Sponavikjo ikkje berre den første og beste tilrettelagde badestranda, med naturleg strand, men det var også den store møtestaden og stemnestaden, og ikkje minst der det vart skipa til Jonsokfestar. Stranda vart etter det eg har fått fortalt stelt og ordna gjennom dugnadar, slik at ho ikkje grodde att av ålegras, tang og tare.

Då var det også kiosk her som selde is og brus og snop, og kanskje pølse og kaffi òg. Det huskar eg ikkje. No er den tom. Ikkje så mykje som ein karamell å få kjøpt. På campingplassen like ved sel dei både is og kaffi, men berre til dei som bur der, og prøver du å få kjøpt noko vert du bryskt avvist. Det fekk vårt badeselskap erfara i sommar.

Ein gong skal visst eit herverande entrepenørfirma – i eit knipetak – fått løyve til å ta ut sand frå Sponavikjo. Det forringa kvaliteten på stranda, men var meint å vera mellombels, har eg forstått. Ny sand skulle leggjast der, når tidene vart betre, har eg fått fortalt. Tidene har aldri blitt betre, eller i alle fall er ikkje sanden lagt på plass att. Det burde gjerast noko med.

Eg tykkjer at det må gjerast noko for å restaurera Sponavikjo som badestrand og møtestad. Friluftsrådet som no har ansvaret, slår gras, vaskar toaletta og tømer bos, men stranda og tilgroinga bryr det seg ikkje med. Difor må Stord kommune trø til. Sponavikjo er ein ressurs for alle som bur rundt Leirvik og for alle som driv handel her og vil at det skal komma folk hit om sommaren. I år har eg sett bilar med skilt frå mange europeiske land på parkeringsplassen (som burde vore utvida og oppmerkt) og høyrt mange ulike språk verta tala og ropa på stranda. 

Eg har sett små babyar og større ungar, vaksne folk og gamle pensjonistar kosa seg både på land og i sjøen. Dei hadde kosa seg endå meir om det hadde vore råd å symja ut på djupna utan å verta fanga av martaum og risikera å hamna rett i tentaklane på ei brennmanet, anten det no er ei av dei me kjenner eller det som Sunnhordland på tabloid vis kallar superbrennmanet.

Og på land hadde det vore endå kjekkare om me kunne fått kjøpt oss ein iskrem eller ein iskaffi i sommarvarmen.

Eg veit ikkje kven som er rette vedkommane for å ta eit initiativ for å betra tilhøva i bystranda vår, men kanskje dei som driv med folkehelse, friskt liv og slikt for noko kunne teke eit tak. Ja, kan henda er beint fram kommunelege Lars Helge Sørheim som kunne gått i bræsjen for å hindra brennmaneta å få ålegrasskogar å gøyma seg i.

Eg sømde forresten rett inn i nokre sviande tentaklar. Berre eit par meter frå rullestolrampen, og på det siste symjetaket, sette eg armen inn i ein vase med martaum og det svei som eld gjennom heile armen, og heldt fram med å svi i fleire timar etterpå. Kan henda det var eit av desse nye små utyska som låg og venta på meg?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.