Stord SV vil ha ny konsertsal og symjehall

Hilde Hildal Hauglid er ordførerkandidaten til Stord SV og ein av dei som har underteikna dette innlegget som først stod i avisa Sunnhordland 31. august.

Då Stord kulturhus vart bygd for over 40 år sidan, var ikkje det etter initiativ frå det lokale kulturlivet. Heller ikkje først og fremst med tanke på kva lokale lag og organisasjonar, kunst og musikkliv hadde bruk for. Kulturhuset vart bygd etter initiativ frå Aker Stord for å sikra seg at den tilflytta arbeidskrafta vart buande her. Då trong Stord eit betre fritidstilbod enn det kommunen alt hadde.

 

Difor inneheldt Kuĺturhuset, då det opna, skytebane, treningsrom, symjehall med garderobar, bibliotek, kafé, legesenter, fritidsklubb, kino-/teatersal og ein kombinert konsert- og festsal med flatt golv og relativt god akustikk. Det var også eit areal tiltenkt bowlingbane. Utanom nokre møterom var ikkje det sett av rom til lagsaktivitetar, og det var ingen rom lagt til rette for musikklivet, korkje til øving eller større konsertar.

Bowlinghallen kom aldri. Der vart det kunsthall, noko det ikkje var planar om i utgangspunktet. Skytebanen viste seg å vera ubrukeleg, grunna fukt, og er stengt.

Kafedrifta var ikkje rekningssvarande og vart nedlagt. Dette gav rom til musikklina på Stord vidaregåande, som lenge var eit vitalt innslag i Kulturhuset. Då legesenteret flytta til Myro, vart det plass til Stord kulturskule i deira lokale. Og då musikklina fekk ny heim på Saghaugen, overtok kulturskulen også deira plass i huset. Musikken flytta inn, men ingen rom var tilrettelagde for musikk.

Konsert/festsalen vart bygd om til ein amfisal for å avlasta storsalen, og vert i dag populær kinosal, men vert også brukt som konferansesal.

Allaktivitetshus

I dag er Stord kulturhus eit verkeleg allaktivitetshus.

Frå tidleg morgon til seint på kveld er det folk og røre der.

Kinoar, teater og konsertar, utstillingar, undervisning, songstunder for eldre, biblioteket med sine tilbod, store oppsetjingar med lokale kor og teatergrupper, kunst- og handverksutstillar, klubbkveldar i fritidssenteret, internasjonale kafear, symjing for pensjonistar og ungar og folk flest, symjetrening og -stemne, kulturfestivalar, samlingar og konferansar og feiringar av både fødseldagar og religiøse høgtider.

Mange ungdommar nyttar vestibylen som lekserom og møtestad. Det kryr av folk og aktivitetar og ikkje eitt rom er ledig til tider. Ei mest ufatteleg mengde ulike aktivitetar og tilbod, meir enn kan henda folk på Stord er klar over.

 

På tide å tenkja nytt

Symjehallen sin kapasitet er ikkje berre sprengd, men alderen for ein symjehall si normale levetid er nådd. Etter 40 år trengst det sårt til ei oppgradering, eller aller helst til ein heilt ny og moderne symjehall til glede for alle, anten dei sym om kapp eller likar å leika seg i vatn.

 

Kino-/teatersalen er ein svært vakker, intim og god sal å vera i, men sidan han er tilpassa mange slags bruk og lydar, har han ein aldeles elending akustikk for framføring av musikk. Lokalt musikkliv har i alle år etter at huset opna sakna ein skikkeleg konsertsal, og planane for korleis det kan gjerast har vore fleire.

 

Kulturhuset har fått eit flygel av internasjonal kvalitet. Men tonane frå flygelstrengene har kummerlege akustiske tilhøve og må løftast med mikrofonar for å komma til sin rett.

Sjølv om kinosalen trekkjer hundrevis, ja, tusenvis, av begeistra tilhøyrarar kvart år til konsertar og teaterframsyningar er klangen i salen så dårleg at korkje kor, solistar eller skodespelarar kjem til sin rett utan lydforsterking.

Dei dårlege lydtilhøva fører til eit mindre mangfaldig musikktilbod for stordabuen, og samstundes er konkurransen om å få tilgang til salen stadig veksande både frå lokalt kulturliv og frå omreisande artistar. Stord går glipp av mange fine musikk-, kino- og teateropplevingar på grunn av manglande kapasitet i Kulturhuset.

 

Stord SV går difor inn for å byggja ny konsertsal i Kulturhuset, og samstundes ny moderne symjehall på Vikahaugane med rom for både trening, trim og leik.

 

Den noverande symjehallen kan då byggjast om til konsertsal og kulturhuset treng ikkje å utvidast.

 

Ei storsatsing

Stord kulturhus var ei storsatsing på syttitalet, eit framsynt spleiselag mellom privat og offentleg kapital. Huset har betydd umåteleg mykje for både stordabuen og for tilreisande frå Sunnhordland, turistar, studentar, skuleelevar og arbeidsfolk med mellombels opphald på Stord. Det har gjennom 40 år vore med på å styrkja Stord sin posisjon som regionssenter.

Gjennom alle desse åra har folk komme frå grannekommunane for å gå på kino og konsertar og å bada i symjehallen. Dei gjer det framleis.

 

At Kulturhuset har bidrege sterkt til vekst og liv i lokalt kultur- og kunstliv er openbert.

Men no er huset blitt gammalt og det er tid for å tenkja nytt og framtidsretta slik dei gjorde på syttitalet

 

Då det kom var Kulturhuset på Stord eineståande i vårt distrikt. Ein måtte til Sola eller Førde for å finna liknande. No er det Kulturhus i mest kvar ei bygd, men få har det tilbodet og den posisjonen som Stord kulturhus har. Skal Stord halda på sin status som regionssenter og som attraktiv kommune å busetja seg i, må me ha gode kultur-, kunst- og fritidstilbod, attåt arbeid og sosiale tenester.

 

Å byggja ny konsertsal og symjehall vil difor vera eit viktig tiltak for både å auka trivnad, betra folkehelse og Stord og Leirvik som regionssenter.

 

Hilde Hildal Hauglid, 1. kandidat for Stord SV

Atle Hansen, 3. kandidat for Stord SV

Jane Jünger, 5. kandidat for Stord SV

Daniel Måge, 10. kandidat for Stord SV

Randi Sørheim, 21. kandidat for Stord SV

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.