Tankar frå ein gammal seglbåt midt på fjorden

Me har ikkje reist langt i år. Før me tok ein biltur austover for å sjå Peer Gynt i Gålå, var ein av dei lengste turane me gjorde til sundet mellom dei to Ilholmane – rett nordom Utbjoa.  

Det var ein av dei mange fine soldagane i sommar, etter at den verste varmen hadde gitt seg. Me hadde berre forseglet oppe, motoren slått av og ein fin liten bris frå sør-vest gav oss nokre få knop.  Me sat med ein kaffikopp i handa og lytta til surkling langs skutesida, fjerne skrik frå måsar inne på land, pustinga til nokre niser som ikkje brydde seg særleg om oss – og duringa frå båtmotorar langt borte.

Stundom kom dei nærare, dei raske båtane med store motorar. Éin av dei, ein gammal weekendcruiser, gjekk for full gass utan lydpotte med kurs for Ølensfjorden. Eg håpar  at dei hadde høyrselsvern om bord. Andre rasa forbi med mindre lyd, men nære nok til å gjera vår stille ferd om til berg og dalbane.

Eg har aldri heilt forstått kvifor ikkje desse bølgjebyggjarane kan halda avstand til oss som fiskar, ror, seglar eller berre tek  livet heilt med ro. Dei har heile den store, vide fjorden å rasa ut på, likevel må dei klina seg borti andre båtar, nokre gongar så nære at dei kan sitja oppe på flybrua og sjå ned til oss løgningane. Eg er sikker på at dei då seier til kvarandre: «Det ser no litt koseleg ut òg, å liggja slik og segla å ta livet med ro. Men aldri om eg hadde hatt tålmod til det.»

Rett nordanfor Fjelberg forsvann vinden, me såg han lenger nord i Nuen, og håpa på at han ville finna vegen sør til oss før kvelden seig på. Me hadde tid til å venta.

For halv fart og høge bølgjer

Det var då ein svær cabincruiser kom ut frå Fjelbergsundet med kurs for Leirvik. Han gjekk for halv maskin, slik at bølgjene vart skikkeleg store rundt baugen, han grov seg godt ned bak, og dieselen brann snøggare enn farten, vil eg tru. Det var vel deira form for sakte ettermiddagstur på fjorden.

For prisen på ein slik, ville han kunne ha kjøpt minst 50 slike som vår båt, sa eg til kjærasten. Tenk det.

Me har ein gammal 28 fots seglbåt frå tidleg åttital med 16 hk dieselmotor under dekk. Eg fylte tanken i fjor haust. 30 liter.  Mindre enn båten framfor oss hadde brukt før han kom til Søre Hidlegrunna.

Det er mange av dei etterkvart, desse svære cabincruisarane, store som hus, med alt om bord som trengst av tilbod i ein moderne heim. Dei har svære motorar som brukar over det dobbelte i timen av det eg brukar i sesongen. Og dei tek folk frå gjestehamn til gjestehamn, pub til pub, på frykteleg kort tid. I uthamnene er dei sjeldnare å sjå, du kan ikkje leggja slikt til kor som helst. Til å dorga lyr med på Pottefluo er dei utbrukelege. Kva skal du med båt du ikkje kan fiska i?

 

Saktefart må bli den nye trenden

Flyskam er vorte eit innarbeidd omgrep. Båtskam har eg lese brukt. Kan henda burde me skjemmast for all den fossile brenselen me brukar opp, for alle klimagassane me bidreg til vert slopne ut, for all ureininga av hav og luft. Kan henda burde me ha skamdasvet nok, som ho sa mamma, til å slutta med dette halslause overforbruket.

Likevel tykkjer eg at skam ikkje er eit godt ord å bruka. Me kan ikkje lita på kjensler og trendar i det lange løpet. Me må heller tenkja rasjonelt og vitskapleg og handla ansvarleg. Å brenna opp all olja i verda og slik bidra til den stadig sterkare klimakrisa, for å kunna flytta oss i full fart, er for meg korkje rasjonelt eller ansvarleg. Det er rein toskeskap. Eg er overtydd om det. For jorda, for menneska, for dyra, plantene – og for, samfunnet – er det den komplette idioti.

Saktemat er det noko som heiter. Motsatsen til den usunne snøggmaten ein får kjøpt på burgerbarar og liknande. Saktefart burde bli ein like stor trend. Sakte fart, anten du skal på båttur eller ferietur. Å fyka er å flytta seg. Tog, bil og båt er å reisa, sykkel òg.

Me kan i alle fall setja ned farten til me har funne ein meir miljømessig måte å reisa i full fart på. Me må få elektrisk framdrift også til sjøs, i tillegg til segl og muskelmakt.

 

Omstilling til oljefri framtid

Før vart det produsert forbrenningsmotorar fleire stader i Sunnhordland. Rubb-motoren var kjent over heile verda. Stord-motoren vart ikkje like utbreidd, men stod i mange lokale båtar.

No er det Rubb og Wichmann sine arvtakarar i Wärtsilä som arbeider med å få fram moderne elektriske framdriftssystem for skipsflåten. Lokalt baserte Maritime CleanTech er pådrivarar for rein energi til sjøs. Ting er på gang. Nokre tek tak og inititativ.

Kværner jobbar også med ei oljefri framtid, etter det eg har skjøna.

Burde ikkje meir av lokalt næringsliv vore like framtidsretta som Haldorsen på Rubbestadneset og Gulliksen på Stord ein gong var, og sett etter moderne metodar og motorar til småbåtar. Kvifor skal alt lagast i Japan og Kina? (Jo, eg veit kva svar som kjem på det.)

Når me no snart har både pumpa opp og brent opp den olja som finst, og tent oss søkkrike på det, skulle me ikkje då brukt noko av denne rikdommen på å skapa og stimulera til produksjon av elektriske motorar til erstatning for dei gamle miljøsyndarane. Berre i det minste for å bøta litt på dei skadane oljebrenninga har stått for.

 

Det store fellesprosjektet

Er ikkje dette det store fellesprosjektet me alle må samla oss om og skapa? Ei så god som mogeleg framtid for etterkommarane våre.

Då må me slutta å brenna olje, fortare enn svint.

For å vera heilt ærleg: Eg tykkjer beint fram det er på tide at lokale fagforeiningsleiarar og arbeidarpartifolk no tek av seg hjelmar og vernebriller og klør seg litt i skjegget, og tenkjer på om det er så lurt det dei driv med, å einsidig kjempa for at oljeutvinninga skal halda fram og endåtil intensiverast.

Burde dei heller ikkje bruka makta dei har til å krevja ei rask omstilling til ein framtidsretta og mest mogeleg oljefri produksjon av motorar, maskinar og kva det måtte vera verda treng for å kunna overleva.

Framtida er her. Klimakrisa likeeins.

Me kan ikkje overlata til kvar enkelt av oss å berga miljøet, det er ikkje nok å sykla på jobb og putta plasten i rett sekk, det må store strukturelle endringar til, det må gjennomgripande reglar og reguleringar for liv og åtferd, som vil gå like greitt som røykeforbodet og det treng ei total omvending i synet på kva me skal vinna ut, kva me skal produsera, kva me skal skapa og kva me skal både leva av og for.

Jo, det høyrest svulstig og voldsomt ut, og greier, men eg meiner det, altså.

Eg kan ikkje tenkja meg nokon stad som er betre skodd til å ta på seg jobben med å omstilla industri og næringsliv frå oljebasert til framtidsbasert enn Sunnhordland. Her har det vorte bygd båtar sidan Adam tente i Røyksund, og det er jaggu lenge sidan, her har det vore laga motorar og maskinar, propellar og plattformar og you name it. Når det har vore trong til omstilling, så har næringslivet omstilt seg. Aldri har det vore meir naudsynt enn no.

Og som før vil me greia det. Eg er sikker på det.

Harry

Sjølv vil eg nok få det like utriveleg på fjorden når ein 55 fots full fart Princess med elektrisk framdrift hiv meg rundt i bølgjene sine, men elles vil jorda og alt som lever her trivast mykje betre om forbrenningsmotorane vert borte.

Vinden kom ikkje den, der me låg og dreiv midt mellom Hidle og Fjelberg, og til slutt dreiv me bakover. Hadde me venta hadde han komme. Vinden er der alltid. Seglbåtar vert det stadig fleire av.

Eg trur at store dieseldrevne hyttebåtar snart kjem til å bli rekna som veldig harry, sa kjærasten min, då me såg den store cabincruiseren forsvinna inn Vikafle. Eg håpar ho får rett.

Like før eg starta opp dei 16 hestekreftene under dekk, såg eg ein oljeplattform komma sigande ut mellom Borgundøy og Utbjoa. Han hadde vel vore i Ølensvågen for vedlikehald. Der inne må dei også snart finna på noko betre å jobba med, om dei skal vera med på vår aller viktigaste jobb, å tryggja klima og miljø for framtida.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.