Eg skal gjera mitt aller beste

Om ei veke frå i dag, veit eg om eg har fått plass i Stord kommunestyre. Går valet slik meiningsmålingane tyder på, gjer eg det. Eg står på kumulert 3. plass på Stord SV si liste og partiet har fire inne i denne perioden. Eg er så smått byrja bu meg på mitt nye tilvære, og eg både gler meg og kvir meg. 

Eg har alltid interessert meg for politikk og samfunnsliv, men aldri sett på meg sjølv som politikar. Eg har tenkt at eg er for lite diplomat og altfor utålmodig til det. 

Som både journalist og medborgar har eg stilt meg på sidelina av politikken og prøvd å sjå på alt med kritisk blikk og spørjande haldning.  Men eg har ikkje vilja delta sjølv, eller kunna det som journalist.

Stundom har eg tenkt at politikarar er folk som ikkje er til å stola på. Dei sel seg sjølv og si overtyding for eit bein eller ein taburett. Dei mel si eiga kake. Endå eg personleg kjenner og har kjent lokalpolitikarar som eg veit aldri har gjort det, som har teke oppgåva si alvorleg og gjort henne etter aller beste evne. Ærlege og overtydde folk, tvers gjennom, som t.d. svigerfar min og far min. 

Tru og mistru

Pappa sat i kommunestyra i både Bømlo og Stord for Arbeidarpartiet. Han var oppteken av å byggja det sosialdemokratiske velferdsamfunnet av heile sin kropp og si sjel og var både glad og stolt over det samfunnet han hadde fått vera med å gi sin skjerv til både som politikar og skatteytar. For han var partiet ein del av personlegdomen. Han var ikkje til å rokka i trua på det.

Sjølv har eg hatt større mistru til partia. Likevel har eg altså valt å både stilla på liste for eitt av dei og etter at eg blei listekandidat, jamvel blitt medlem. Eg er ikkje samd i alt dette partiet står for, men eg er samd i nok til at eg kan forsvara medlemsskapen og det eg er usamd i kan eg no arbeida for å endra. Røysta mi har partiet som oftast fått ved alle val, men eg har stundom gått eit steg til venstre òg.

Dessutan gav SV meg høve til å bli kommunepolitikar. Det sette seg på lista si, og viste at dei har tru på meg. 

Ombodsmann

Etter at vallista vart gjort kjent i media, har eg fått mange positive tilbakemeldingar, klapp på aksla, kommentarar i sosiale media og gode ord på gata. Nokre har jamvel sagt at dei er glade for at eg stiller til val. Dei trur at eg kan bidra med noko positivt for samfunnnet. Det varmar. Det gjer godt for ei sjølvtillit som slett ikkje alltid har vore på topp i denne kroppen. Men det fyller meg også med alvor og uro, og beint fram ein dose frykt for at eg ikkje skal passa inn, at eg ikkje skal greia i å fylla rolla mi som ombodsmann for veljarane.

Er du budd på å lesa bunkevis med kjedelege sakspapir? har mange spurt. Lesing er faget mitt. Det er bortimot det einaste eg er verkeleg god til. Eg har lese bøker sidan eg var fem og kommunale sakspapir sidan eg var ung, både som journalist og av eiga interesse. Ja, eg har jamvel skrive ein del av dei sjølv, som tilsett i Stord kommune i tre år. Lesinga er eg ikkje redd for, nei. Ikkje til å stilla spørsmål ved det som står der heller. Det har vore jobben min i mange år.

Kjem du til å orka å sitja høyra på dei ørkeslause diskusjonane i kommunestyre og utval? har nokre spurt. Éin eks-politikar eg møtte på stand, sa at det verste var å sitja å høyra på dei ubudde møteplagarane som tok ordet berre for å ta det, og som difor gjorde møta unødvendig lange. Ikkje bli ein av dei, var rådet hans. Eg skal prøva. Eg har sete på møte sjølv som tilhøyrar og ergra meg over dei same.

Men det kan jo henda eg blir det. 

Eg kan ikkje garantera at eg greier å teia der eg bør. 

Eg kan heller ikkje lova at eg greier å formulera og seia det eg hadde tenkt å seia. 

Sint mann

Ja, dette er vel det eg er mest redd for. 

Eg kvir meg som ein hund til å gå opp på talarstolen  å stilla spørsmål eller seia noko  høgt. Jo, det er sant. Eg har opptredd tusenvis av gongar, eg har hatt lange monologar i klasserom over heile landet, eg har fått folk til å både å le og grina, eg har sunge, eg har preika tull og alvor, gjøgla og herja på, eg har jamvel spela Bør Børson jr. i Stord kulturhus. Men eg har nesten aldri teke ordet i ein offentleg politisk diskusjon, berre i lagssamanheng, og når eg har gjort det så har eg etterpå angra og stukke meg vekk, og tenkt at det der skulle du aldri gjort. Det der fiksar du ikkje.

Eg er god til å snakka framfor forsamlingar viss eg har øvd, viss eg har skrive eit manus på førehand, som eg har gått gjennom med meg sjølv, og helst prøveframført for familien, men å ta ordet på sparken og delta i diskusjonar er eg elendig til. Eg sit der og lyttar på dei som diskuterer, eg høyrer at eg er usamd, at dei tar feil, eg formulerer det eg skal seia inni meg, og rekkjer opp handa, men når eg får ordet så kjem det berre noko usamanhengande tullpreik ut. 

Men det verste er at eg høyrer så sint ut! Folk, som likar meg, har sagt det til meg: Du må ikkje høyrast så sint ut! Dei har rett, eg høyrer det jo sjølv. Eg høyrer ut som eg kjeftar folk huden full.

Men eg prøver jo å ikkje gjera det. 

Eg er jo ikkje sint. Eg er engasjert. Eg trur på noko. Og så er eg både nervøs og livredd for at nokon skal sjå meg, høyra meg, tenkja at han der, han er dum han. Nei, forresten, det siste er eg ikkje redd for. Dei som meiner eg er dum, kan berre meina det. Men sint er eg ikkje. Eg er ein av dei minst sinte eg veit om. Eg er berre utstyrt med ei sint stemme og eit surt tryne og nedover-munn. Dessutan er eg ganske sjenert i møte med folk og situasjonar eg ikkje kjenner.

Ei gammal dame kom bort til meg på Vikjo for nokre år sidan og sa det rett ut: Du må ikkje gå rundt og sjå så sint ut. Du må huska at du representerer Leirvik!

Ho meinte det vél.

Du lever så lenge du lærer

Så då er det berre å trena og læra av andre. Difor har eg byrja å gå på valmøte, både for å lytta til kva den røynde politikargjengen seier og korleis dei seier det. Eg går for å læra og for å førebu meg. Difor har eg høyrt på Sigbjørn Framnes, FrP, og tenkt at eg er rykande usamd i det aller meste han seier og står for, eg kan ikkje forstå at det partiet kan få stemmer i heile tatt. Men jammen er Sigbjørn god til å snakka for seg og leggja synspunkta sine fram.

Og Geir Angeltveit, som seier mykje eg er samd i, men som av for meg uforståelege grunner er i Venstre, er sanneleg ein flink fyr til å både ta ordet og snakka klårt og direkte om vanskelege ting. Jakob Bjelland (Sp) er sjølvtilliten sjølv, har tru på bodskapet sitt, engasjement og både kunnskap og humor. Gaute Epland (Ap) har fått på seg den magiske ordførarkappa som gjer han trygg og god og romsleg, og er beint fram ein likande kar, der han sit. Dei er flinke dei andre mennene òg. Dei meistrar situasjonen.

Vår eiga Hilde Hildal Hauglid er ei av få kvinner på listetoppane. Ho har humor, innsikt, flammande engasjement, avvepnande smil og mimikk og pedagogiske evner som eg misunner henne. Samstundes  korkje misunner eg henne eller andre kvinner å by opp til verbal dans med denne gjengen av menn. Dei opptrer som deltakarar i ei idrettsgrein der det er om å gjera å skyta brystkassa fram, stikka hovudet opp, og halda ballen så lenge som mogeleg før du sender han ein stad ingen får tak i han. Eg trur ikkje dei gjer det så medvite, dei er berre menn mellom menn.

Eg er redd eg for å hamna på det laget.

På eit par slike møte, har eg prøvd å ta ordet og stilla spørsmål. Eg har gjort det for å øva meg. Men eg får det ikkje til. Eg har planlagd kva eg skal seia og korleis. Men røysta vil ikkje forma seg slik eg hadde tenkt og orda ho seier er noko usamanhengande vrøvl. Eg sig saman på stolen etterpå, og tenkjer, der dreit du deg ut igjen. Dette her får du ikkje til, farr. 

Eg møtte ein forfattarkollega då eg stod på stand laurdag. Ho sa at ho alltid bar med seg noko eg hadde sagt henne for mange år sidan: Du må læra noko nytt kvar dag. Ho prøvde å leva etter det. Det gjer eg òg. Ein dag då du ikkje har lært noko nytt, er ein bortkasta dag.

No er eg snart 65 år, eg har fire år og over 1400 dagar å læra å bli politikar på, både å lytta til andre, vera sakleg og diplomatisk, uredd og kritisk og ta ordet med same sjølvsagde mina og like godt førebudd som  Gaute og dei. Eg trur kanskje eg skal greia det, med litt hjelp og tilbakemeldingar frå dei som måtte røysta på meg. 

Eg skal i alle fall gjera så godt eg kan. Så får me vurdera korleis det har gått, når neste val skal gjerast. Om eg lever og har helsa, som pappa alltid sa.

2 tankar om “Eg skal gjera mitt aller beste”

  1. Hei Atle, flott har deg på laget, gleder meg mye har deg som parti kamarate,. Sikker jeg kommer å lærer mye av din kunnskap som du har. I politikken det er en alle beste folket skole mann kan ha, spesielt når demokrati funker så godt, at mann er ikkje redd får si hva mener. Jeg som har hatt den privilegium å har smakt på den alle nydelig sosialismen live i tre i min hjemmeland i Chile, så 1973 våres livet blir plutselig endres og ble knust at militære juntaen som styrte Chile med hånd jern. Så 1988 kom til vakker og kalde Norge med ryggsekk fullt av redsel, vondt og frustrasjon. Da her jeg må starte på nytt og blir integrert i den Norske sanmfunn og politikken blir del av min liv.
    Tusen takk Atle for jeg fått den ære å blir kjent med deg.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *