Dette trur eg på


Eg trur på mangfald, medverknad og deltaking,
og at det skal vera plass til alle
i eit ope demokratisk samfunn.
Eg trur på likskap, rettferd og menneskeverd,
solidaritet, samarbeid og samkvem
og at alle skal nyta godt av fellesgoda.

Eg meiner at alle skal bidra etter eiga evne
til å byggja velferd og fellesskap,
gjennom arbeid, deltaking, medverknad.
For meg er skatt både deltaking og medverknad.
Skatt er ikkje tjuveri, det er ei gåve til fellesskapet,
solidaritet i praksis og ein fornuftig måte
å ordna samfunnet på for å skapa gode tilbod til alle.

Eg trur ikkje på skam,
eg trur på ansvar.
Eg trur ikkje på hjarta, kjensler og tårer,
eg trur på tanke og fornuft.

Fornufta mi seier at me må ta vare på folk,
me må ta vare på dyra, på fuglane, på fiskane.
Me må verna om sjølv dei minste krypa
som me aldri vil korkje få sjå eller kjenna til.
Me har alle ansvar for å gjera alt me kan
for å verna om den jorda me bur på,
slik at alle dei som kjem etter oss også kan bu her.

Eg meiner at me skal rekkja ut hendene
og hjelpa dei som treng det,
anten det er økonomisk støtte og bistand,
helsestell og sjukepleie,
naud og fattigdom,
hjelp til å leva og vera til,
eller å dra druknande opp av havet,
og gi dei ei trygg hamn.

Eg trur fullt og fast at folk flest er bra folk,
same kva farge dei har på huda,
korleis dei helser på kvarandre,
eller kva mat dei vel å eta.
Eg meiner at folk må få tru på kva gud dei vil,
men sjølv trur eg ikkje på nokon gudar.
Eg tur på mennesket og vitskapen.
Eg trur på samfunn og fornuft.

Eg trur på samarbeid og likeverde,
og ikkje konkurranse om alt
og alle sin kamp mot alle.
Eg trur på fridom, men ikkje liberalisme.
Eg vil ikkje at kapital og rikfolk skal bestemma
korleis livet mitt skal vera,
korleis samfunnet skal formast,
kor hus skal byggjast,
kor vegar skal leggjast
kor ungar skal leika og læra,
veksa og gå.

Eg trur på framtida
og at framtida er her og no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.