Gammalt brød med sukker på

Gammalt brød. 

Kvar dag går tonnevis med daggammalt brød til dyrefor, høyrer eg i radioen. I min barndomsheim fekk me gammalt brød til kvelds, i ulike former, og gjerne med eit lass sukker på. Kjempegodt og truleg ganske usunt.

Butikkane returnerer titusenvis av brød dagleg, og bakeria sender det vidare til kjøptrodusentane. Nyleg hadde NRK – i same matsvinn-serien – ein reportasje om alt kjøtet me kastar. Kjøt fora opp på gammalt brød og poteter me kastar.

Like etter innslaget om brødkasting, høyrde eg om katastrofe i Afrika, folk på flukt, krig og klimaendring, mangel på mat. I vårt eige land opplever me aukande fattigdom og les om ungar som går på skulen utan niste. Dei har ikkje råd til brød.

Det er knapt til å forstå, men det er lett å forklara. Grunnen til brødkastinga forklarar butikksjefane sjølv, det er kapitalismen sin frie konkurranse om kundane.  Privat rikdom  gjer at folk ikkje treng å snu på skillingen, nye matvanar og trendar. Og sjølvsagt handlar det om personleg moral og etikk. Alt som er gammalt skal vekk, berre det ferske er godt nok.

Eg ser heller ikkje vekk frå at lågkarbo-moten gjer at folk har skore kraftig ned på brødbruken, og difor ikkje lagar seg restemat med brød. Brød gjer deg feit.

Lassevis med sukker

Eg voks opp i ein barnerik familie med dårleg råd. Eg trur ikkje at me kasta mange brødbitane. Sjølvsagt levde me heller ikkje så sunt som i dag. Det gjekk mykje i kvitt brød, sukker, sirup og heimelaga syltetøy.

Til kvelds fekk me gjerne brødbitar bløytte i kokt mjølk, med sukker og kanel på, eller me fekk, det som heime hos oss, vart kalla sluring. No veit eg at sluring andre stader er namnet på det me kalla fleskasos, men mamma sin sluring var – slik eg hugsar og har laga det – brødbitar bløytte i mjølk og egg, brunsteikte i Melange på panna. Me hadde lassevis med sukker og kanel på, og det var knallgodt.

Noko av det beste eg fekk var arme riddere (alltid med dansk namn, fint skulle det vera), som i prinsippet er det same som sluring, men heile brødskiver.  Sukker og kanel toppa det heile, endå dette jo er skiver steikte i ein slags omelett. Dei kunne (og kan) eg eta ein heil haug av. 

Andre gongar vart det gamle brødet brukt til brødpudding, steikt i omnen og servert med raud saus/rauge sos. Puddingen vart det pappa som laga. Han var den beste kokken i heimen. Brødpudding  har eg aldri prøvd meg på sjølv.

No eg et svært sjeldan brød. Mest berre i helgane, og litt oftare når eg får det over meg at eg skal baka sjølv. Likevel får me stundom brødoverskot. Noko får fuglane, no vinterstid. Mykje vert rista. Og diverre går litt i søpla. Sluring lagar eg aldri. Det er altfor godt med mykje sukker på.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.