Spottegauken sine songar

Her er seks songtekstar, som dukka opp i hovudet mitt. Somme kallar det nidviser, andre seier dei er i tradisjonen etter Pausposten, eg veit ikkje. Skjemt og politisk satire, kanskje spottesongar? Du får lesa sjølv, viss du vil, og sjå kva du meiner. Nokre kan syngjast på kjente melodiar, eller setjast melodi til for dei som driv med slikt, eller lesast opp i lystig lag. Dei vart først publiserte på Facebook.

ERNA-SONGEN

Og krisa kom og den vart stor,
Jeg vil ikke bruke så store ord,
Det går mye bedre en du tror, sa Erna

Og sola den steikte og kokte vår jord
Jeg vil ikke bruke så stor ord,
Vi får det litt sydenvarmt også her nord, sa Erna.

Og heile Høgre song i kor,
Erna ho er sterk og stor
og brukar aldri store ord,
for Erna, ho er stjerna

Og pol-isen smelta i sør og i nord
Jeg vil ikke bruke så store ord,
isen er tykkere enn dere tror, sa Erna

Og ørken gravla jordbruksland
Se for en vakker badestrand
Og nasjonar på øyar sokk sakte i sjø
De kommer tilbake når det slutter å flø, sa Erna

Og heile Høgre song i kor,
Erna ho er sterk og stor
og brukar aldri store ord,
for Erna, ho er stjerna

Det mangla mat på mange bord
Jeg vil ikke bruke så store ord,
de har både skorper og skrell og svor, sa Erna

Regnstormar herja og flaumelvar rann
Ikke vær redd, det er bare vann.
Jordskred og steinras og regnskog i brann.
Det hele går over, vær nå tålmodig, vent litte grann, sa Erna.

Og heile Høgre song i kor,
Erna ho er sterk og stor
og brukar aldri store ord,
for Erna, ho er stjerna

Og menneskestraumar søkte mot nord
Vi har ikke plass til dem, her hvor vi bor
Og dei drukna på havet, både søster og bror
Vi kan ikke berge dem alle om bord, sa Erna

Og heile Høgre song i kor,
Erna ho er sterk og stor
og brukar aldri store ord,
for Erna, ho er stjerna

Og insekt, dyr og fuglar fór
Jeg vil ikke bruke så store ord
Her er både spyfluer og skjor, sa Erna

Fisken vart borte, taren forsvann
Jeg synest det er herlig med varmere vann
Nasjonane kriga, det var naud i kvart land
Det finst ingen takknemlighet,
jeg har gjort alt jeg kan, sa Erna.

Og heile Høgre song i kor,
Erna ho er sterk og stor
og brukar aldri store ord,
for Erna, ho er stjerna



EI SØRGJELEG VISE

Og flyet fauk i middels fart
med Middelfart, med Middelfart.
Og Jeffrey gjorde mykje rart
med Middelfart i middels fart.

Og ho fekk stryka på hans bein
og på hans gyldne edelstein
I middels fart, i middels fart
Og han fekk stryka hennar bein,
Celine Middelfart

Mens Donald Trump sat att og grein
Han var Celinas nummer éin
før ho drog vekk i himla fart,
den svikefulle Middefart,
for å fyka med Epstein.

Celine stakkar måtte gå
Ja, Middelfart ho måtte gå
Då Jeffrey Epstein brått fekk sjå
Prinsessa med si krone på
Prinsesse kongeblå

Ja, rikmannslivet det er hardt
Der nyttar ikkje middels fart
Men du treng kje vera særleg smart,
Kronprinsesse Middelsmart
Mette Marit Middelfart


JUSTISMINISTER KALLMYR SI JULEVISE

Til jul skal eg jaggu sperra Stålsett inne
Stålsett inne, Stålsett inne
Han har gitt jobb til ei afrikansk kvinne
No skal han setjast i bur

Til jul skal eg setja han Stålsett i bur
Stålsett i bur, Stålsett i bur
For han har gjort meg så frykteleg sur
No ska han setjast i bur

Han trur på Gud og fornektar lova,
Fornektar lova, fornektar lova
Og har lete ein papirlaus vaska si stova
No skal han setjast i bur

Eg lyder Erna, og ho laga lova,
Ho laga lova, ho laga lova
Eg og John Helgheim me får ikkje sova
Før Stålsett er sett i bur

Hadde han berre gjort slik andre folk gjer
Andre folk gjer, andre folk gjer
Og stole og rana og slått uskuldige ner
Då slapp han å sitja i bur

Men han har gitt jobb til ei mørkhuda kvinne,
Mørkhuda kvinne, mørkhuda kvinne
Då er det klart at han må sperrast inne
Då må han setjast i bur

Snart kan me dansa rundt Stålsett sitt bur,
Stålsett sitt bur, Stålsett sitt bur
Då kan han sitja der i sin bispeskrud
I sitt tronge fengselsbur


SYLVISONGEN

Eg heiter Sylvi Listhaug
Og eg er ganske fin
Eg likar ei god grisasteik
Og eit breiddfullt glas med vin
Eg er frå bondegard,
Eg er god å setja opp gjerde
Det lærte eg av far

Eg heiter Sylvi Listhaug
Og håret mitt er blondt
Eg likar ikkje dei med svart hår
Eg trur dei vil meg vondt
Så kastar eg dei ut
Korkje sjuke eller ungar
Har krav på vår omsut

No er eg blitt minister
For folkemedisin
Eg vil kje eta grønsaker
men eg elskar feitt av svin
Og brennevin er norsk
I allfall når du skjenkjer det
saman med kokt torsk

Eg røykjer sigarettar
Men ikkje cannabis
Då blir ein rar i hovudet
og skjønar kje bisniss
Det var eit dårleg rim
Kva anna kan du venta
Av berre nikotin

Eg heiter Sylvi Listhaug
Siv Jensen er mi mor
Ho tok meg med på tinget
Og gav meg mine ord
Ho klappar meg og ler
Og same kva eg finn på
Er støtta hennar der

Eg heiter Sylvi Listhaug
Og augo dei er blå
Og eg er både rein og kvit
Men det er utanpå
Eg vil ha alt på stell
For Jensen har eg lova
Eg svik ho ikkje hell

Ein gong blir eg minister
for den norske stat
men ikkje sosialistar
Dei har eg lagt for hat
Dei skal eg senda vekk
Kanskje heilt til Danmark,
Iallfall så langt min tanke rekk


EG ER SÅ LITEN

Eg er så liten
Og har aldri tenkt stort
Men no vil eg visa meg fram
Eg vil sitja ved bordet
Ikkje gøyma meg bort
Men vil kvila på Erna sin arm

Vår båt er så liten
Og havet så stort
Og me låg og dreiv langt frå land
Knut Arild stod ved roret
og styrte oss bort
Ifrå Erna si trygge hamn

Knut Arild var sliten
Eg var full av kraft
Og sende han langt av stad
Eg kasta han over bord
og sette kurs mot styrbord
Til Erna si trygge hamn

Mi verd er så liten
Men Erna er stor
Eg let meg styra av hennar hand
Eg tykte det var stort
Då ho sa nesten nei til abort
Ho er hugheil og miskunsam

Mitt parti er så lite
Men å styra er stort
Sjølv om eg snart står aleine på stand
Kall meg gjerne filister
Men eg vart jo minister
Og kan kvila i Erna sin famn


ARBEIDSMINISTER-RAP
Kva skal ein med venninner
om dei ikkje skaffar deg ei stilling
Og Erna er så close til meg
ho er praktisk talt min tvilling
Så ein dag me var på chatten, skreiv ho
Vet du hva, my sister,
Jeg har tenkt å gjøre deg til arbeidsminister

Eg tok heilt av, eg tok heilt av
Tenk eg slapp å melda meg på NAV
Eg tok heilt av, eg tok heilt av
Tenk eg slapp å melda meg på NAV

Men, sa eg til Erna,
eg har aldri gjort eit dagsverk
Eg har jo berre arbeidd med høgrepolitik
Og det sier du til meg, sa Erna,
men politikk det er et håndverk
og håndverk er jo arbeid, det, Mon ami, Anique
Dessuten skal mannen din bli statssekretær
Så viss du vil vite noe, så er Lars Jacob her

Eg vart så glad, eg tok heilt av
Tenk eg slapp å melda meg på NAV

Eg har veldig lett for å læra,
så eg lærte ganske fort
At du må gi andre folk all æra
viss du har tenkt å få ting gjort
Så eg tok det isipisi når det kom rapportar
og viss det kom eit brev
la eg det ganske enkelt bort

Eg slappa av, eg slappa av
jobben overlet eg heilt og fullt til Nav

Eg hadde det så feitt og eg kjøpte nye briller
Eg hadde faktis rett på gratis, men berre viss eg ville
Og det ville eg jo sjølvsagt, eg er jo blitt minister
Og då kunne eg ikkje visa meg i mine gamle triste
eg fekk linser med på kjøpet, så dei brukar eg jo mest
Og alltid viss eg må på TV, då er briller berre stress

For det tok av, det tok av
Dei hadde visst gjort så mange feil på NAV

Kva har ein underordna for
når ein sjølv må gjera jobben
Og sidan måtta møtta framfor
politikarmobben
Og tenk, han Bjørnar Moxnes,
han med den teite sveisen,
han var så frekk og freidig
og sa det til meg, rett oppi fleisen,
han forlangte nærmast av meg
at ́́eg skulle gå av
Endå han veit like godt som meg
at skulda ligg hos NAV

Eg må gå av, eg må gå av
Viss ikkje Høgre har ein jobb, må eg på NAV
Eg må gå av, eg må gå av
Viss ikkje Høgre gir meg jobb, må eg på NAV

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *