Professor Yttredal sine uttrykksfulle inntrykk

Ufatteleg velspela konsert i Stord jazzklubb i går kveld. Tor Yttredal hadde teke med seg saxofonane og eit stjernelag med tre av landets beste improvisatørar og samspelarar. Impressions Quartett har han kalla bandet. Eit altfor veikt namn for ein slik utrykksfull gjeng.


Musikken hadde jazzprofessor Yttredal skrive sjølv, improvisasjonane stod dei alle for. Det starta opp i høg fart og modernistisk tema, heldt fram med roleg flyt gjennom stille landskap, slo over i noko som vekte assosiasjonar til tysk kabaret, khlesmer og Tom Waits og kjørte på vidare i vekslande tempi, frapperande fraseringar, fingrar i vilt flog over tastatur og ventilar, nei, forresten ikkje vilt, fullstendig kontrollert og gjennomtenkt, men farten var fabelaktig, dei dundra på pønkete og insisterande rett på taktslaget,
opna opp i leikande og vekslande gruvar, let klangar og harmoniar strøyma som stille elvar og inni dette eit lite nesten uhøyrleg meisterverk, stilfarne trommevirvlar som fekk skarptromma til å syngja ein overtone-melodi.

Maken til trommisen  Audun Kleive, skal ein leita lenge etter. Ståle Storløkken er like eineståande, han er totalt grenselaus både teknisk og sjangermessig, bassisten Ole Morten Vågan var ny for meg, men leverte noko av det tøffaste kontrabasspel eg har høyrt. Men eg kunne tenkt meg å høyrt han betre. Også Tor Yttredal, då, han spelar så fint, så fint og lagar musikk som vitnar om eit ope musikalsk sinn som kan ta til seg og bruka langt meir enn det ein tradisjonelt tenkjer på som jazz. Slik dei andre i kvartetten også gjer, og det er vel difor han har dei med seg. Dei er som skapte for kvarandre.

Går det an å bli betre til å spela enn dette, tenkte eg med meg sjølv, og sa det til Tor Yttredal då eg helsa så vidt på han etter konserten. «Det gjer det nok», svara han. «Men er det nokon vits i?»

Det er forresten ei sann glede at me har fått Stord jazzklubb, som byr på så mange storarta musikalske opplevingar. For oss som hugsar det snakkesalige og ofte overstadige publikummet på gamle Thea jazzforum, er det like gledeleg at no let folk musikken tala for seg sjølv.

Storparten av dei entusiastisk og lydhøyrt lyttande er godt vaksne, og innslaget av pensjonistar er stort. Det er så fint, tykkjer eg, at denne store og veksande gruppa av babyboom-pensjonistar  deltek så ivrig i kulturlivet med opne sinn. Medan eg gjerne på rockekonsertar kan føla meg som ein gamling på feil stad, kjenner eg meg beint fram ung på på jazzklubben. Og det beste er jo at musikken som vert spela er meir ungdommeleg, vital, eksperimenterande og utfordrande enn det meste av det som føregår i andre musikalske samanhengar med yngre folk på og av scenen.

Ein tanke om “Professor Yttredal sine uttrykksfulle inntrykk”

  1. Flott skrive Atle!
    Synd eg ikkje fekk med meg konserten i går.
    Frydar meg over at så mange kom for å høyra Toremann og kompisane hans.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *