Eg òg er imot klimahysteri

 

Eg òg er imot klimahysteri. Hysteri løyser ingen problem.
Men det er ikkje hysterisk å meina at menneskeleg aktivitet fører til utslepp av klimagassar. Det er ikkje hysterisk å ta frykten for ein total økologisk og økonomisk kollaps på alvor. Det er ikkje hysterisk å nøkternt vurdera kva samfunnet må gjera for å demma opp mot ei trugande krise. Like lite som det er hysterisk å tenkja over sin eigen levemåte og sitt eige forbruk.

Eg er ikkje overtydd om alt miljøaktivistane seier og meiner me skal gjera,
er like rett, realistisk eller eingong fornuftig. Ingen har vondt av å redusera kjøtforbruket, men at me skal slutta å eta raudt kjøtt og at alle skal bli veganarar er noko anna. Likeeins trur eg at ein endeleg dato for slutt på oljeutvinning er umogeleg å setja.

Eg er ikkje eingong overtydd om at vindmøller på land er så steikande dumt, som fjellvandrarane vil ha det til, og at den kabelen til Skotland er komplett idioti. Eg er ikkje eingong fanatisk motstandar mot kjernekraft. Eg trur at kanskje det er løysninga. Mykje kan likevel vinnast på å utbetra noverande kraftproduksjon og kutta ned på eksisterande forbruk. Då må me køyra mindre el-bil og redusera bruken av internett og lagring i skya, m.a.

Eg kjem aldri melda meg inn i nokon folkeaksjon mot ein folkeaksjon, det er bortkasta krefter. Eg plantar heller poteter i hagen, et sjølvfiska fisk, når eg får, og plukkar bær både i både skog og hage, og prøver å ha nokre vegetarmiddagar inni mellom. Det hjelper kanskje litt på. Dessutan er det godt.

Dei verkelege hysterikarane her er nok desse klimafornektarane som ikkje torer å sjå i augo dei utfordringane verda står overfor, blindar att og ropar opp mot både klimahysteri, utlendingar, muslimar, vaksinar og skatt – og alt anna dei er redde. Heldigvis er dei ganske få. Diverre spring norske journalistar etter dei og let dei plaprafritt, og får dei til å virka viktigare enn dei er.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.