Egoisme i praksis

Oppmodinga som går ut i desse dagar, er å visa solidaritet med dei som kan bli alvorleg og dødeleg sjuke av Covid-19/korona-viruset. Difor må også dei som ikkje vert alvorleg sjuke ta situasjonen på alvor.
Eg meiner at ei slik oppmoding ikkje berre må gjelda hosting og vasking og eit stille liv for seg sjølv, men også hamstring av mat.
Eg var innom ein matbutikk no for å handla inn til middag.
Det var ein kunde til. Ein ung mann med den største av handlevognene breidfull av all slags mjøl, sukker, pasta og andre matvarer, og han hadde ikkje tenkt å gi seg då eg gjekk til kassa med mine middagar for tre dagar frametter.

Eg forstår at folk vil ha litt mat i bakhand, sånn i tilfelle, men det finst grenser. Det er heller ikkje alle som har råd til å handla for vekevis frametter, som hamstraren eg såg. Også lågtløna, trygda og minstepensjonistar skal ha tilgang på mat i butikkhyllene, sjølv om dei ikkkje kan handla for eitt år framover.

Sjølvsagt kan eg ha teke feil, mannen hamstra ikkje til seg og familien, han kjøpte inn til mange eller til eit storhushald, eller til sjuke naboar. Sjølvsagt kan det ha vore slik, eg spurde han ikkje. Men det endrar ikkje mitt syn på hamstring. 

Vitlaus hamstring er egoisme i praksis. Så lenge eg overlever, skit eg i dei andre. Det er det motsette av å dela på godene, men det er vel nettopp det me kan trenga å gjera no, dela både på sorger og gleder, og å prøva å leva mest mogeleg normalt i ganske skumle tider.

Sjølv høyrer eg til dei som kanskje kan reknast i faregruppa, med
både litt svekka lunger og bypass-operasjon, men likevel må eg gjera kva eg kan for å ikkje la panikken ta meg, leva i tråd med dei råda som vert gjevne og restriksjonane som vert sette, og elles prøva å ha det så godt som mogeleg.

Me får satsa på at dette går fint, folkens, utan å fylla opp bodene våre med kveitemjøl og dopapir i utrengsmål.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *