Eg likar å opna dagen med Klassekampen og ein kopp kaffi med ein skvett varm mjølk i før eg set meg til å skriva. Diverre er det ikkje kvar dag at avisa ligg i postkassa. Eller det kan vera som i dag at eg har fått avisa frå i går, men utan musikkmagasinet, for det fekk eg jo to eks av innlagt i går. Laurdagsavisa ser det ut til å vera ekstra vanskeleg å kjøra rundt med.
Månadsarki: mai 2020
Fest eller kolera
I dag såg eg to eldre menn, eldre enn meg i alle fall, som stod og preika saman på butikken. Ein av dei hadde synlege prov på kronisk sjukdom. Den andre som førte ordet bøygde seg mot han.Avstanden var under halvmeteren.