Fest eller kolera

I dag såg eg to eldre menn, eldre enn meg i alle fall, som stod og preika saman på butikken. Ein av dei hadde synlege prov på kronisk sjukdom. Den andre som førte ordet bøygde seg mot han.Avstanden var under halvmeteren.

På VG sitt oversyn over nye smitta med SARS-cov2, eller koronaviruset, er det ni nye i dag, alle på Austlandet. Det kan sjølvsagt komma fleire, men det har vore stabilt lågt smittetal i det siste, og nesten alle har vore aust for vass-skiljet.

For eit par dagar sidan kjørte eg forbi ein skuleklasse ved undergangen/tunnellen ned til Hystadmarkjo. Elevane stod tett i tett rundt ei ung kvinne, som truleg var læraren deira. Avstanden var minimal.

På Stord har det ikkje vore registrert nye smitta på ein månadstid.

Totalt seks smitta sidan testane starta. Det er mindre  sjanse for å bli smitta  enn å vinna i Lotto, sa ein eg snakka med. Likevel skal me halda avstand. Likevel skal me unngå å møtast til fest 17. mai. Likevel skal me smørja oss inn med sprit for kvar butikk me går innom på sentera og i gatene. Eg var ein liten handletur og brukte sikkert ei lita flaske sprit på vegen.

Det er vanskeleg å forstå.

Mange seine kveldar i det siste har me sett russ gå tett saman med plastposar i hendene, ned til Apalvikjo. Litt seinare høyrer me ropa og musikken. Russefeiringa er i gang. Ungdomen lever alltid evig.Russen vart ikkje stoppa av hjernehinnebetennelse, dei let seg heller ikkje stansa av eit virus frå Wuhan.

Først irriterte eg meg, men så byrja eg tenkja: Kven er mest rasjonelle og fornuftige,  dei gamle mennene som står så tett at dei kan høyra kvarandre snakka? dei unge elevane som flokkast kring læraren, slik elevar og ungar gjer? dei festsvoltne ungdommane som møtest om natta, langt frå folk, for å vera saman slik menneske på deira alder heilst vil?

Eller er det regjeringa som gjer tiltak av politiske årsaker, meir enn helsemessige, det har Solberg sjølv sagt, og som legg ut video med ein pinleg dans framfor slottet, stiller same krav, og set opp same reglar til framferd, for dei som bur i smittefrie kommunar som dei som bur i smittetette?

Det må vera lov å spørja? Sjølv om eg ikkje har svar. Eg berre trur at det er veldig vanskeleg å få folk til bli varsame, viss dei ikkje kan sjå at det er noko å passa seg for.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.