Dårleg distribusjon

 
Eg likar å opna dagen med Klassekampen og ein kopp kaffi med ein skvett varm mjølk i før eg set meg til å skriva. Diverre er det ikkje kvar dag at avisa ligg i postkassa. Eller det kan vera som i dag at eg har fått avisa frå i går, men utan musikkmagasinet, for det fekk eg jo to eks av innlagt i går. Laurdagsavisa ser det ut til å vera ekstra vanskeleg å kjøra rundt med.
 

Ein skulle tru at det var enkelt. Klassekampen vert trykt på Heiane. Trykkeriet og distributøren har same eigar. Eg har klaga før, fleire gongar, men det hjelper ikkje.
 
Det hender at eg ikkje får Sunnhordland heller, men den saknar eg ikkje like mykje, for eg har som regel lese alt på nettet først.
No hender det oftast at begge avisene kjem, då er dei veldig ofte berre trykte ned i postkassa og ligg kurva, gjerne saman med bokpakkar som har kome gjennom Post Nord, som vert kjørt ut av same selskap. I sist veke hadde Bømlo-Nytt stordistribusjon, og å få tre aviser ned i postkassa mi vart for stor jobb for han som kjørte dei rundt. Dei var pressa nedi i ein klump.
 
Eg veit ikkje kven dei hyrer inn til å distribuera aviser, eg veit ikkje kva løn dei har, eller kva betingelsar elles, når det gjeld tid, utføring og kvalitet på arbeidet. Eg veit ikkje eingong om dei kan lesa, eller har fått innføring og opplæring. Eg veit berre at dei ikkje gjer god nok jobb, at det har SuDi som aldri svarar på dei direkte klagene mine som har ansvaret – eigaren har rett nok svara og beklaga, men det endra ikkje noko – men det er altså meg det går utover og avisa eg er tingar av.
 
Så kvifor eg skriv det her? Jo, for å høyra om det er andre enn meg her på øya som opplever det same. Eller driv dei med systematisk elendig distriubusjon til mi postkasse, for å få meg til å seia opp abbonementet, så dei slepp å kjøra heilt ned hit på Storhaug berre for denne eine avisa. Ein kan jo lura.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.