Minne om Fengselet

Framsida på faldaren til Prosjekt Fengselet.

Eg les i avisa at Fengselet er vorten ein byrde for eigarane Holmedal & Husum og at dei no vurderer å kvitta seg med dei gamle verneverdige bygningane. Verneverdige, for eg er sanneleg ikkje sikker på om dei formelt er verna. 

Det burd eg ha visst, eller hugsa, for i eit par år midt på nittitalet var eg leiar for medlemsorganisasjonen «Fengselet, senter for kunst og kultur». 

 

Det heile starta som ein aksjon for å hindra det gamle Leirvik hjelpefengsel frå å bli rive. Posten var då eigar av Fengselet, som er sett saman av Rettsbygningen og Fengselsbygningen. Kommunestyret hadde fleire gongen vedteke riving. Dette blei stoppa i siste liten, og i staden investerte Posten éin million kroner til restaurering av fengselet og i oktober 1992 inviterte postsjefen til nyrestaurerte hus.

Det var då starta ei interessegruppe med  representantar frå Stord kunstlag, Stord husflidslag, Sunnhordland folkemuseum og Stord kulturkontor som skulle arbeida for å få ny aktivitet i både rettsbygningen og fengselsbygningen. Ein pådrivar i dette arbeidet var møbeldesignar Olav Eldøy.

Det var sett i gang ein innsamlingsaksjon for å skaffa pengar til husleigre. Arbeidet gjekk under namnet «Prosjekt Fengselet».

Dei første par åra var det berre fengselsbygningen som vart brukt, og då først og fremst til utstilingar av biletkunst og brukskunst. Bård Breivik si utstilling og Laila Aas Birkeland og Britt Bøhme si med bjørkestavar og minimalistiske bilete. Og sjølvsagt dei flotte og populære utstillingane til Stord knivlag.

Då fengselsprosjektet også fekk overta rettsbygningen, utvida me aktiviteten, og eg vart vald til leiar.  Eg hugsar faktisk ikkje kor lenge eg var det, men i alle fall i to år. Då etterkvart Holmedal & Husum kjøpte Fengselet hjå Posten, var eg ute av styret, aktiviteten var laber, og eg veit ikkje kor det vart av protokollar og referat frå møte og aktivitetar. 

Men eg hugsar noko, og eit av tilboda er godt dokumentert i alle fall. NRK var nemleg å laga ein film frå utstillinga me hadde med Steffen Kverneland sine origingalteikningar til den kjente «teikneserien» Amupterte Klassikere. Eg var svært begeistra for denne uhøgtidlege omarbeidinga av norske bøker og filmar som han publiserte i Dagbladet, og ringte til han og inviterte til Stord.

Etter det eg veit hadde det då ikkje blitt laga liknande utstillingar i Noreg, og NRK kom for å laga ein dokumentarfilm. Stordabuen var ikkje interessert. Berre 15 kom for å sjå.

Meir åtgaum vekte to andre utstillingar som blanda biletkunst og design. Den eine var utstillinga av klesdesignaren Helland Githle (frå Kvam) sine kjolar og bunadar. Me brukte levande modellar, som stod som skulpturar i kvar si celle, vakkert lyssette. Folk måtte sjå gjennom døra. Ei anna ugløymeleg utstilling var den med hattane til Kirsti Nordberg Mo og stolane til Olav Eldøy. Eg hugsar ein mann som kom inn og kjøpte heile eine cella.

Det var mange fine utstillingar der. Veldig mange. Både bilete, brukskunst, smykke og anna. Men det var også teaterstykke og konsertar i Fengselet. Den dåverande teatergruppa på Lærarhøgskulen/HSH var flittige brukarar. Skulle ikkje forundra meg om ei av Noregs mest kjente filmskodespelarar, Ellen Dorrit Petersen, hadde ein av sine første rollar der. I alle fall meiner eg at S ei anna filmstjerne, Synnøve Macody Lund, var ein av modellane i kjoleutstillinga.

Det var også konsertar i Rettsbygningen, i den gamle rettssalen i andre etasje. Eg hugsar særleg godt konserten med Aftenlandet, og ein med ein nederlandsk jazzsaksofonist, som eg diverre ikkje hugsar namnet til. Gløyma kan eg heller ikkje Berit Opheim og Nils Økland sin intimkonsert.

Me brydde oss ikkje om dei store publikumsmagnetane, men presenterte det særeigne, det som var noko meir enn berre underhaldning. Men det var samtidig plass til amatørar og mangfald, det skal verkeleg seiast.

Me hadde også mange litteraturtilskipingar. I november gjekk fleire lag saman om å laga Dei store bokdagane. Der var Truls Horvei frå Forfattersentrum og Elisabeth Selliken frå Folkeakademiet pådrivarar. 

I november 1995 arrangerte Fengselet bokdagane . Me hadde 16 forfattarar. Arrangement i Fengselet, Frugård, Stord kyrkje og Bømlo folkebibliotek. Mellom forfattarane som deltok var Jon Fosse som hadde ei legendarisk diktframføring i fengselskjelaren, men som eg sjølv ikkje fekk vera med på, då eg same kveld var programleiar for ein bokkveld i Bømlo folkebibliotek. Der ville dei nemleg ikkje ta imot forfattarane, m.a. Bjørn Sortland, viss ikkje eg stod for alt.

I det heile, var aktiviteten ufatteleg stor. Berre søk i Sunnhordland etter «Fengselet» frå 1992 til 1996. Allslags utstillingar, allslags konsertar, filmkveldar, forfattarkveldar, diskusjonar – eit mylder av opplevingar. Store husfestar, med dans og mat og moro. 

Guri kor kjekt det var.

Så overtok private eigarar og skulle tena pengar. For det var einaste måten å berga Fengselet for ettertida på, var argumentet. Så vart rettsbygningen bygd om til kjøken, kva som hende med den eingong største verdslege forsamlingssalen på Stord, rettssalen, veit eg ikkje. Der også dei første kommunestyremøt vart haldne. Er den inntakt? Eg har ikkje vore i rettsbygningen etter at huset vart ein stadig meir mislukka restaurant og pengane som skulle berga det som eingong var Leirvik hjelpefengsel ikkje kom inn.

I eit oppslag i Sunnhordland frå tidleg nittital seier Olav Eldøy at Fengselet kan bli eit nytt kulturhus på Stord. Det vart det i nokre få hektiske år. Eg skulle ønska av heile mitt hjarta at det vart det igjen, og på ny vart ein arena for det eineståande og nyskapande og for det som ikkje får folk til å gå mann av huse, men som kunsten og kulturlivet og difor heile samfunnet treng.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.