Musikalsk magi – til slutt

Eg skal vera ærleg å vedgå at eg ikkje visste kva eg gjekk til, men at eg rekna med at det vart ei eller anna form for jazzrock med relativt høgt volum, Stord jazzklubb til å vera, og ganske elektrisk uttrykk. Musikarnamna gav meg svært lite på førehand. Og då eg frykta for at alt skulle bli slik eg hadde tenkt, terping på teknikk og tonnevis med jazzteori, vart teknikk til magisk musikk.

 

Hans Mathisen  kvintett. Stord  Jazzklubb

Hans Mathisen? Gitarist og bandleiar. Aldri høyrt om han. Jason Robello, piano? Heilt blank. Per Oddvar Johansen, trommer. Trur eg har høyrt namnet? Per Mathisen, bass. Jo, han har eg høyrt om, men ikkje høyrt. Visst nok forferdeleg flink. Bendik Hofseth, saksofon.  Er det sant? 

Skal Bendik Hofseth spela på Stord, for første gong sidan han var i Kulturhuset saman med Kenneth Sivertsen og Ole Amund Gjersvik for om lag 30 år sidan?  Han er jo ein av dei finaste saksfonistar som finst her i verda. Og han spelar ikkje med kven som helst.  Eg må få det med meg.

Heimeleksa

Hadde eg vore journalist, slik eg ein gong var, hadde eg sjølvsagt gjort jobben min og sjekka litt meir ut om kven desse karane er. Då hadde eg funne ut at Jason Robello spela fast i bandet til Sting i seks år, og sidan like lenge med Jeff Beck, men også har spela med t.d. Chaka Khan, Wynton Marselis og ein haug andre storfolk. Og eg hadde tenkt at dette er så svært at eg pinadø må laga ei sak på det. 

Då hadde eg truleg også fått med meg at desse to Mathisen brørne også plar å stå på scenen med dei største i jazzverda og gjerne bidreg innan annan musikk òg. Og at kveldens bandleiar også leia Stord Storband på konserten for to år sidan. Ein konsert eg ikkje hadde høve til å høyra. Eg ville også funne ut av trommis Johansen har vore  med på innspelingar som har fått fleire spellemansprisar, enn talet på slike prisutdelingar eg har sett på fjernsyn dei siste 10-20 åra.

Hadde eg gjort heimeleksa, ville eg ikkje tenkt at no tek du litt vela hardt i Ole Jacob Hystad når du seier at desse musikarane høyrer til eliten av eliten. Utanom Bendik Hofseth då. Han gjer jo det.

Er det berre idrett?

Vel, eg var ganske blank, men rekna med jazzrock av eit eller anna slag og frykta det òg, for sjølv om eg likar all slags musikk, og eg meiner all slags, så slit eg med gitarbasert jazzrock eller fusion eller kva dei kallar det, og gitaristar som har trent og trent og trent på skalaøvingar i alle typar skalaer og alle toneartar, og alle figurar og fraseringar og variantar og versjonar og akordrekkjer og mollartar og durartart og mixolydisk og fanden og mor hans og kan spela så fort at tonane knapt er til å skiljast åt, og eg har mista interessa for lenge sidan, for kor i helsiken vart det av melodien, kor vart det av musikken? Det er jo berre idrett att.

Eg frykta dette. Og då dei byrja spela, tenkte eg at pokker òg, eg fekk rett. Utruleg godt spelt. Teknisk aldeles briljant. Men det stoppar der. Det kjem ikkje inn bak huda mi. Ikkje ein gong Bendik Hofseth. Den varme tonen i hornet er der, pusten er der, men sjølv er han liksom ikkje tilstades i verken rommet eller musikken. Gitarist Hans Mathisen opnar med ein aldeles merkeleg ullen lyd i gitaren, som om han har teke vekk det meste av diskant og mellomtone og helst vil spela bass som broren, eller kanskje høyrast ut som Wes Montgomery og slike, men tok med seg feil gitar til det, eller kanskje det er lydmiksen som gjer det, for bror hans, Per, sin bass er også drukna i denne diskantlause grauten.

Når bandleiaren spelar solo endrar gitarlyden seg brått. No er det ikkje gitarlyd i det heile, men tilgjort synth, skapt av ein eller annan pedal frå åttitalet. Nett den lyden gav han aldri opp. Det kunne han godt gjort. Med Fender-rigg bak seg og Gibson ES i hendene, treng ein ikkje kunstige lydstimuli, meiner no eg.

Robello, som eg enno ikkje har googla kven er, greier ikkje å få med meg. Trommisen held no på og held grooven oppe og vel så det, men eg sit at ganske urørt av det heile. Slik musikarane ser ut til å vera. Nett slik eg eigentleg hadde frykta. Men altså veldig, veldig godt spela, og ein to-tre minneverdige avbrot i monotonien, Hofseth sine soli (eller kor som jazzfolket kallar det) og ein eineståande solo av han som kallar seg den norske bassvikingen på internett.

Då pausen kom tenkte eg med meg sjølv at denne musikken er eit bilete på desse musikarane. Dei står fram på scenen som heilt anonyme, som dei perfekte bakgrunnsmusikarane som er der for å støtta opp om ein solist, men som ikkje skal fanga merksemd sjølv. Dei har ikkje noko anna å formidla enn teknikk og evner til å spela rett og fort. Og han som kunne berga det heile i land, solisten, er merkeleg fråverande.

Eg torer nesten ikkje seia det høgt eingong. Men så merkar eg at eg ikkje er heilt aleine om å ikkje heilt bli gripen, og eg både ser og høyrer at applausen ikkje er intens og rungande.

Endringa

74D2F5F1-3C5C-40D0-8A54-AD11E06E710C

Så kjem fire av dei på scenen att. Opnar med ein ny svært anomym låt som krev tallause timar med øving for å greia å spela, men som ikkje har ein melodi eller tema som går an å verken hugsa eller nynna på, for å seia det slik, men som likevel er meir liv og røre i enn det som vart spela før pause.

Og så kjem Bendik Hofseth inn. Då endra alt seg. No hadde bandet fått ein solist som stod fram og drog dei andre med seg ut av det tunge teknikkmørkret og ut i det musikalske lyset og gleda over å formidla, å spela saman og kommunisera med kvarandre og publikum. Så vart alt det frykteleg flinke omgjort til det også frykteleg fine og fantastisk formulerte og frigjorte, i alle fall for meg som tilhøyrar, og då fekk me høyra bassing som eg aldri før har høyrt maken til, ein pianosolo som min pianistven, Åge Vallestad, sa  var som å høyra Bach spela jazz, og ein Bendik Hofseth som spela så lyrisk ballade at eg fekk tårer i augo, og eg tenkte at den varme tonen er det ikkje mange som greier å forma: Ein  av dei som gjer det, sat ved Hofseth sine føter og hadde mobilkamera oppe, Ole Jacob Hystad.  Eg høyrde deg ved sida av han, sa eg til han etterpå. Så eg sender denne draumen og ønsket direkte til Stord jazzklubb no, plasser Hofseth og Hystad ved sida av kvarandre på scenen. Eg trur dei er perfekt match. 

Dei stod ved sida av kvarandre no òg, då Hystad, som kveldens vert, lokka bandet fram att til ekstranummer. Då var alle aksler låge, og alt var fryd og gaman, og dei både smilte og lo og såg beint fram ut til å ha det skikkeleg kjekt, for første gong den kvelden, og me hadde mot slutten også fått høyra Hans Mathisen herma etter Tor Yttredal på nærmast perfekt stordamål om han som hadde kjøpt ein båt så va så råten at du kunne hiva ei hua gjennom «an.

Kom til seg sjølv

Og slik vart min skepsis og manglande enstusiasme snudd tvert om i løpet av konserten. Eineståande musikarar. Fantastisk musisering. Lutter glede. Men ikkje før Bendik Hofseth kom til seg sjølv, slik eg trur det var Endre Olsen formulerte det etterpå. 

Sjølvsagt opplevde andre det annleis. Ei eg snakka med, tykte av det lange partiet i første settet, då to låtar glei over i kvarandre var heilt magisk. Då heldt eg på å detta heilt av. Så ulike er me, og ho har meir kompetanse på slik musikk enn meg, men eg kan berre formidla mi oppleving, som er av ein  konsert som gjekk  frå det kalde og kalkulerte til det kjenslevare og kokheite (hjelpe meg kor mange k-ar eg klarte å kopla saman der). Og som baud på nokre musikalske augneblinkar eg ikkje kjem til  å gløyma (bassisten står oftast bak dei.)

Stord jazzklubb sluttar ikkje med å skaffa hit storarta musikantar og eineståande opplevingar. Det er meir på gang i haust. Personleg ser eg mest fram til Ole Jacob Hystad og hans kvartett og til Hedvig Mollestad Trio der Ivar Loe Bjørnstad trommar. To heilt ulike musikalske uttrykk, men på same høge nivå.

Eit lite PS. Ein av dei største opplevingane på gamle Thea Jazzforum var med det amerikanske bandet Stone Alliance.  Pianisten var Kenny Kirkland, eg kunne nesten ikkje tru det, at ein  pianist av eit slikt format kom til Stord og spela for fulle folk. Han gjekk vidare til Sting sitt band. Då Kirkland døydde overtok Jason Robello hans plass. No har Robello vore i den nye jazzklubben, og her er det ingen som drikk seg snydens og pratar musikken i hel. HeldigvisDS

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.