Ikkje berre skrift, men dans, musikk og messe

Får du eit høve til å sjå Morten Espeland og «Melancholia II» så gjer det, og viss du er skeptisk til Jon Fosse sin måte å skriva på, så gjer det i alle fall. Kanskje du opplever det som meg, at dette ikkje berre er skrift, det er musikk, det er dans, det er messe.

Eg fann dette biletet på Ymist. sine sider, og lånte det.

 

Eg var i Stord kulturhus og såg teatergruppa Ymist. si framføring av Jon Fosse sin roman «Melancholia II». Morten Espeland aleine på scenen i ein enkel scenografi dominert av eit stort måleri som endrar karakter og farge gjennom lyset som vert strøymd gjennom det.

Stundom kom det også svake lydar, harmoniar, akkordar og musikk og laga miljø og stemning kring røysta og rørslene hans.

Det var veldig vakkert. Det var veldig reint og tilbakehalde, enkelt og avklåra. Slik Jon Fosse sin tekst er. Heilt konkret. Presis og repeterande, rytmisk og dynamisk, og heile tida kontrollert og krystallklårt. Ingen tunge setningar. Ingen utkropne metaforar. Ingen barokke utbroderingar.

Nei, heller då enkle korssting, eller kan henda hardangersaum. Fastlagde mønster som vert nye kvar gong dei vert tekne i bruk.Den same figuren, dei same rørslene, dei same vendingane om att og om at, men likevel med nye tydingar kvar gong, for dei står i nye samanhengar, dei får lys frå andre vinklar og får meining frå både der dei er og der dei var, og dit dei endeleg kjem.

Slik gamle Oline slit seg opp bakken med fiskehanken, går på do, går på kjøkenet, sløyer fisken, sit på potta, ser det vesle som er kome i underbuksa, tenkjer på barndomen, tenkjer på Lars, ser på bilete av hesten med ryttar, går tilbake for å kjøpa ny fisk, går opp bakken att og alt er heilt konkret, heilt konkret. Ho går. Ho ber. Ho dreg ned underbuksa. Ho reiser seg. Ho stør seg.

Jon Fosse er ikkje ein vanskeleg forfattar. Han er ikkje vanskeleg å forstå. Han er den mest konkrete og direkte og folkelege du kan lesa. Men han krev av deg at du tek deg tid, at du går med på denne måten å skriva på, og let deg føra inn i rytmen hans. Og då kjem du kanskje til å oppdaga at desse tekstane  kan henda ikkje er skrivne til å lesast stumt inni deg. Dei er til å lesa høgt. Dei er til å lytta til og til å dansa til.

Ingen skriv så rytmisk, så manande , så medrivande. Tekstane hans reiser seg opp av skrifta, opp av sida og vert til musikk og messe.

Slik opplever i alle fall eg det, når eg greier å gi meg over og bli ført inn i dette. Eg gjorde ikkje det med Melancholia-bøkene. Det var dei første Fosse-bøkene som lukka seg for meg, og stengde meg ute. Sidan har eg sett begge framførte og då kjem eg inn i teksten og vert ikkje forført, men kanskje forheksa. Så eg må nok prøva på ny og lesa dei.

Espeland og Samsøen har gjort det, eg hadde nære sagt, Fosse sin tekst bed dei om. Dei har gjort teksten til performance, altså til ei blanding av teater, ballet, resitasjon og biletkunst. Espeland dansar fram Oline, han skriv fram teksten, han lekamleggjer lengt, aldring, avmakt, angst og fortviling. 

Men det vert ikkje gjort gjennom tradisjonelt skodespel, for å seia det slik, det vert gjort gjennom rørsler som du kanskje ikkje ventar deg. Dei vert gjennom dans og lekamleg skulptur.

Det er utruleg sterkt å sjå. Han vert ei gammal kvinne, som skjønar sitt eige elende og som bed om at ho også vert henta, slik Sivert vert det og Lars vart.

Lars er Lars Hertervig. Den store biletkunstnaren frå Tysvær som sleit med mental sjukdom. Det vert ikkje sagt nokon stad. Det må ein vita skal ein forstå denne teksten fullt ut. Han handlar det om i den første boka. Så eg greip meg i å tenkja på dei som ikkje visste dette, at Oline snakka om sin sjuke og geniale bror, kanskje den største biletkunstnaren dette landet har fostra, ein fattiglem frå bondelandet. Dei som ikkje visste dette, kva fekk dei ut av framsyninga.

Det var rart, sa ein nær ven av meg etterpå. Han har korkje lest Fosse eller visste at det var om Hertervig. Det var rart, men det var fint òg. Eg kjeda meg ikkje eit sekund.

Ikkje eg heller.

Sterkare teater skal ein leita lenge etter.

Får du eit høve til å sjå Morten Espeland og «Melancholia II» så gjer det, og viss du er skeptisk til Jon Fosse sin måte å skriva på, så gjer det i alle fall. Kanskje du opplever det som meg, at dette ikkje berre er skrift, det er musikk, det er dans, det er messe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *