Kafé er kjekt, men hald avstand

Eg såg Stord kommune sin pressekonferanse om lokale covid19-tiltak, og vart korkje skremd eller overraska. Kommuneleiinga kjem med fornuftige oppmodingar om å visa varsemd i kvardagen,og ber samstundes serveringsstader om å be om namnet til gjestene.

Å visa varsemd, halda avstand og vaska hendene, er vorte naturleg framferd for mange av oss, å gå med munnbind der det er turvande, kan kanskje vera verre å venja seg til. Eitt er at det er ubehageleg og at det fører lett til at brillene doggar, men kor får eg tak i slike bind? Det nyttar nok ikkje med ein bandana i cowboystil, eller å ha ein buff framfor trynet.

Varsemd og avstand har me visst lenge at me må halda, og for ein som ikkje er svoren tilhengjar av klemming, også utan pandemi, og ofte kjenner meg uvel når folk står for tett innpå meg, er ikkje dette store problemet. Verre er det å halda andre frå livet.

Det er ungdommen det vert klaga på frå helsestyresmaktene. Ungdommen må bli flinkare til å passa på. Eg tykkjer at det same må seiast høgt og tydeleg til eldre folk. Høgt og tydeleg, for alle av oss høyrer ikkje like godt og det er her mellom oss me finn dei som er mest utsette for dette viruset.

 Og det er kan henda difor, dårleg høyrsle og for lågt stilte høyreapparat, at pensjonistar sit så tett innåt kvarandre ved kafeborda eller står med hovuda tett saman når dei preikar.

Les meir om Kafé er kjekt, men hald avstand