Kafé er kjekt, men hald avstand

Eg såg Stord kommune sin pressekonferanse om lokale covid19-tiltak, og vart korkje skremd eller overraska. Kommuneleiinga kjem med fornuftige oppmodingar om å visa varsemd i kvardagen,og ber samstundes serveringsstader om å be om namnet til gjestene.

Å visa varsemd, halda avstand og vaska hendene, er vorte naturleg framferd for mange av oss, å gå med munnbind der det er turvande, kan kanskje vera verre å venja seg til. Eitt er at det er ubehageleg og at det fører lett til at brillene doggar, men kor får eg tak i slike bind? Det nyttar nok ikkje med ein bandana i cowboystil, eller å ha ein buff framfor trynet.

Varsemd og avstand har me visst lenge at me må halda, og for ein som ikkje er svoren tilhengjar av klemming, også utan pandemi, og ofte kjenner meg uvel når folk står for tett innpå meg, er ikkje dette store problemet. Verre er det å halda andre frå livet.

Det er ungdommen det vert klaga på frå helsestyresmaktene. Ungdommen må bli flinkare til å passa på. Eg tykkjer at det same må seiast høgt og tydeleg til eldre folk. Høgt og tydeleg, for alle av oss høyrer ikkje like godt og det er her mellom oss me finn dei som er mest utsette for dette viruset.

 Og det er kan henda difor, dårleg høyrsle og for lågt stilte høyreapparat, at pensjonistar sit så tett innåt kvarandre ved kafeborda eller står med hovuda tett saman når dei preikar.

Eg går rett som det er på dei lokale sentera. På eitt av dei er det ein kafe med sofagrupper og lange benker utan armlen og skilje. Eg var der i går og las avis, drakk kaffi og åt eit rundstykkje med brunost. Eg sette meg så langt frå andre som eg kunne og som eg alltid gjer. Rundt i kafeen sat andre menn, på min alder og nokre år eldre, tett i tett. To og to, kloss inntil kvarandre i tosetarar nokre stader, så mange som mogeleg rundt eitt bord andre.. Og eldre kvinner er korkje eitt grått eller eit kolsvartfarga betre. Dei klumpar seg i saman på klubbvis.

Greitt nok det, så lenge dei held seg for seg sjølv, kanskje. Eg likar mindre når dei byrjar trø innanfor min sirkel.

Fleire gonger har eg opplevd, at medan eg står i kassakø, eller framfor smørbrøddisken, kjem folk og stiller seg rett bak meg, og gjerne stikk hovudet fram for å kikka. Tek eg eit steg til sides, så følgjer dei etter. I går måtte eg beint fram seia det til ei eldre kvinne, som sa ho ikkje skulle snika i køen, altså, at metersgrensa gjeld vel her òg.

Ho orsaka seg, tok eit steg bakover, før ho tok to fram og gjekk til og med forbi meg i køen. Ho verka korkje prega av senilitet eller svekka hjernekraft elles.  Framme ved kassa var det ekspeditøren som minna henne på avstandsregelen. Det same hende. Eitt steg tilbake og eitt fram att, før ho sa at eg kanskje var før henne i køen, noko eg måtte gje henne rett i.

Ein annan gong stod eg i kassakøen på halvnærbutikken. Eg sytte for å halda avstand framover til kunden før, men skal ein kunna det må ein også sleppa å ta eit steg fram for å komma vekk frå kunden bak. Ein kar eg kjenner, lærar og greier, eldre enn meg, såg meg og kom fram og nærast la hovudet på aksla mi medan han med låg stemme og mykje fuktig pust, sa eitt eller anna som han kunne ha venta med til eg hadde betalt og stod eit par meter frå han.

Eg kvakk til og minna om avstandsregelen. 

Oi, sa han, det kom eg ikkje på. Eg burde vel ha hugsa på det. 

Ja, det synest du eg burde, svara eg og høyrde at eg var litt bryskare i stemma enn eg ville.

Ja, eg kjem jo rett frå Oslo, og,  så eg bør hel halda avstand, eg, sa han. Så trekte han seg tilbake, men ikkje før.

Eg møter stundom unge folk i arbeidet mitt som forfattar. Ungdomane og skuleelevane i klassane eg har vore i kjem ikkje bort til meg. Viss nokon bryt avstandsreglane så er det eg sjølv, som gløymer meg ut, når eg vasar rundt på golvet og les og fortel, eller går bort til dei lågtalande ungane for å få med meg kva dei seier. Og så hender det at lærarane heller ikkje er så flinke med avstanden, men dei jobbar jo i sine kohortar og gløymer lett at eg ikkje er med der.

Eg forstår at folk likar å møtast på kafé og ha det godt og sosialt saman, ikkje alle er einstøingar som meg, som går på kafe og til fjells aleine, og ikkje alle har nokon til å vera i karantene saman med heime. Einsemd kan vera like farleg som virus. Men me må no likevel ha dette hersens viruset i bakhovudet heile tida, viss me skal kunna vera sosiale heilt fram til ein vaksine eventuelt kjem. Viss ikkje kan det komma til å sjå bokstavleg tala svart ut for mange av oss.

Sjølv er eg i den såkalla risikogruppa, men har aldri likt å ta risken på noko som helst.

Så difor er mi oppmoding til meg sjølv og andre gamlingar. Pass på avstanden, også når de sit og drøsar i pensjonistgjengen på senterkafeen, og hugs at det hjelper ikkje å hosta i armkroken viss du ropar inn i øyra på sidemannen etterpå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.