Kor vart kulturen av?

Språk og kultur er ikkje tema i valkampen.

Ingen valgomatar spør om det, ingen journalistar tek det opp,

ingen politikarar ser ut til å bry seg,

same kva bakgrunn dei har, same kven dei eingong var,

når dei tek på seg politikardressen eller kjolen,

er språk, kunst og kultur ikkje lenger viktig nok

til å løfta fram og tala om. 



I Bergen har dei hatt valmøte om kultur, såg eg.

Berre kvinnelege politikarar i panelet.

Bryr menn seg berre om breie vegar, lange bruer,

øl og fotball? For der er dei like, 

menn på heile den politiske skalaen,

dei heiar på fotballag og stiller gjerne med huer og sjal,

og reklamerer for superkommersielle fotballag og -eigarar,

same kor radikale dei er.

Men står dei fram for opera, modernistisk poesi og Jon Fosse?

Eller er det lokale politikarar som vil arbeida for

sunnhordlandslitteraturen

og betre tilhøve for språk og dikting?

Eit litteraturhus for sunnhordlandsdiktinga?

Hadde det vore ei god politisk sak. Nei, ser det ut for.

Ikkje før me får Hordfast,

då kan me byggja det i Bergen,

for det tek så kort tid å køyra dit.

Eg høyrer på radio og ser stundom fjernsyn

og spør meg, bryr politikarar seg om korleis dei snakkar, 

om setningsbygnad, grammatikk, 

logikk og semantikk, uttrykk og innhald, rytme og repetisjon.

Repetisjonar bryr dei seg om. Det er dei dei driv med dei fleste.

Dei prøver å nagla fast synspunkta sine i stadige gjentakingar

av det same, om att og omatt – 

heilt til du til slutt ikkje høyrer dei tala lenger.

Journalistar held på med det same,

spør og grev om same sakene i eit bankande.

Ikkje eitt av dei handlar om kultur,

ikkje eitt om språk.

Ingen spør kvifor politikarar snakkar slik dei gjer,

ingen spør om emne som ikkje alle andre spør om.

Dei spør ikkje eingong lenger om skule og utdanning.

Journalistar er som politikarar, dei bryr seg om vegar,

bruer, øl og fotball 

og folk som døyr av sjukdomar folk døyr av.

Så får me då denne runddansen av dei same politikarane

og dei same journalistane, som held kring kvarandre

og kviskrar kvarandre i øyro om

dei emna som dei bryr seg om og spør og svarar,

spør og svarar, heilt til dei er blitt så samkjørte at

journalisten vert politikaren sin neste mediekonsulent.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *