Gid, så skjønt, altså

Mykje rart å lesa i avisene. Sunnhordland hadde nyleg ein forvitneleg sak om fiskane i Vannverket (ein gammal, verneverdig men dårleg demning like ved Leirvik sentrum). Der sym det tre store koiar/karper og truleg ein del småaurar. Noko som uroar menn med omsut for skjønne små fiskar.



Vatnet skal tappast ned og noko som kallar seg Vann Vest er uroa over kva ein gjer med fiskane i dammen, om det kan reknast for dyreplageri å omplassera dei, slik at dyrevernarar kan komma til å klaga. Norconsult, som har fått spørsmålet, har ikkje etisk kompetanse på fjerning av fisk, skriv sjefen der, medan ansvarleg i Stord kommune vil avliva fisken på staden.

https://www.sunnhordland.no/nyhende/fire-asiatiske-karpefiskar-har-vakse-seg-store-og-feite-i-vannverket-men-no-lever-dei-farleg/

Noko som slett ikkje er uvanleg at ein gjer med fisk som vert fiska opp, og eg meiner det er tusenårige tradisjonar for. No, trurleg på grunn av spørsmålet frå Vann Vest, har han likevel kome på andre tankar og vil flytta karpene attende til der dei ein gong sumde, i ein hage eit par hundre meter frå vassverket, og omplassera auren til anna vatn.

Skal ein le eller grina, eller skal ein tenkja at det faktisk er ganske søtt at vaksne, høgt utdanna menn, med gode stillingar og høg løn har omsut for desse stakkars små aurane si framtid. Karpene skal heim til ho som eig dei, det er bestemt, men no skal aurane også få ein ny heim.
Gid så skjønt, som dei seier dei fine damene.

Håpar dei har like stor omsut for den raudlista planta soleigro, som også har funne ein heim i Vannverket, og for alle ungar og vaksne i grannelaget som skeiser og badar der, og for insekt og småkryp og fuglar og alle andre som likar at det er eit vatn dei kan halda seg ved eller i, og at Stord kommune og NVE og alle som har noko med dette å gjera, gjer sitt yttarste for at både aurar, soleigro og Vannverket skal få leva.

Han 18-åringen sin ide om ein stein og jordvoll ved demninga synest eg forresten er strålande.

https://www.sunnhordland.no/nyhende/naboar-lanserer-eit-fjerde-alternativ-til-sikring-av-vannverket/

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *